FN reagerer: USA sanksjonerer menneskerettsorganisasjonar

16 hours ago 1



Natt til fredag sa utanriksminister Marco Rubio at USA sanksjonerer tre ikkje-statlege organisasjonar i ei pressemelding.

Alle NGO-ane er menneskerettsorganisasjonar med base i Palestina.

No oppmodar FN om å lette sanksjonane snarast. Også Amnesty Internasjonal fordømmer sanksjonane.

Viktige for menneskerettane

Det er tre organisasjonar som er blitt sanksjonerte: Al Haq, Al Mezan Center for Human Rights (Al Mezan), og det palestinske senteret for menneskerett (PCHR).

Organisasjonane har assistert den internasjonale straffedomstolen med å etterforske og sendt ut arrestordre mot ei rekke israelske leiarar som kan vere skuldige i krigsbrotsverk i Gaza.

– I fleire tiår har desse NGO-ane utført viktig arbeid for menneskerettane, særleg når det gjeld ansvar for brot på menneskerettane, seier Volker Türk som er sjef for menneskerettar i FN.

en mann som snakker inn i en mikrofon

Volker Türk er menneskerettssjef i FN.

Foto: Martial Trezzini / AP / NTB

Türk poengterer at organisasjonane er særleg viktige «når internasjonale humanitære lover og menneskerettar systematisk blir brotne i Gaza og Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem».

I ei pressemelding torsdag underteikna utanriksminister i USA Marco Rubio at den internasjonale straffedomstolen har ein politisert agenda og undergrev både amerikansk og israelsk suverenitet.

Marco Rubio snakker inn i en mikrofon

Marco Rubio, utanriksminister i USA, svarte på spørsmål om sanksjonane i Ecuador fredag.

Foto: RODRIGO BUENDIA / AFP / NTB

Dei har engasjert seg direkte i arbeidet til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) med å undersøkje, arrestere, halde i varetekt eller tiltale israelske statsborgarar, utan Israel sitt samtykke.

Den internasjonale straffedomstolen sendte ut arrestordre av den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu og dåverande foresvarsminister Yoav Gallant i fjor haust for krigsbrotsverk. Grunngjevinga var dei brukte utsvolting som våpen og at å hadde målretta åtak mot sivilbefolkinga i Gaza.

Amnesty Internasjonal kallar sanksjonane frå amerikanarane eit åtak på menneskerettane.

– Avgjerda til Trump-administrasjonen om å innføre sanksjonar mot tre framståande palestinske menneskerettsorganisasjonar er eit djupt urovekkjande og skammeleg åtak på menneskerettane og den globale jakta på rettferd, seier seniordirektør Erika Guevara-Rosas.

et blått skilt foran en bygning

Den internasjonale straffedomstolen i Haag har samarbeidd med dei tre NGO-ane som USA sanksjonerer.

Foto: Omar Havana / AP / NTB

Den internasjonale straffedomstolen er den første permanente internasjonale domstolen. Den har som formål å etterforske krigsbrotsverk, brot på menneskerettane og folkemord.

125 land har slutta seg til Roma-vedtektene som bind dei til den internasjonale straffedomstolen. Alle nordiske land og nesten alle europeiske land er av desse.

Har fått norsk stønad

Alle dei tre organisasjonane har fått økonomisk stønad frå den norske stat eller norske organisasjonar.

Frå 2022–2024 fekk PCHR 7 million kroner frå Noreg i bistand. Al Haq fekk totalt 16,4 millionar kroner frå Noreg i perioden 2019–2024. Al Mezan har fått stønad frå Redd Barna Noreg.

en gruppe mennesker som lager mat ute

Medan USA sanksjonerer menneskerettsorganisasjonar i Palestina er det hungersnød i Gaza.

Foto: Jehad Alshrafi / AP / NTB

I juni sanksjonerte USA NGO-en Addameer. Då kalla Amnesty Internasjonal sanksjonane for «grunnlause og tilfeldige» og såg det i samanheng med fleire tiltak frå USA for å stilne pro-palestinske stemmer.

Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten «Urix» her:

Publisert 06.09.2025, kl. 18.00

Read Entire Article