Fleire valdsutøvarar tar kontakt

1 month ago 30



Feriar blir ofte omtala som høgsesong for vald i nære relasjonar. Det merkast hos hjelpetelefonane.

 Erlend A. Sørbø / TV 2
STOR PÅGANG: Det er travelt på hjelpelinjene i ferien. Mange har behov for nokon å snakke med. Foto: Erlend A. Sørbø / TV 2

Publisert 16.08.2024 21:17 Sist oppdatert 5 minutter siden

Hjelpetelefonane til Kirkens SOS har lagt bak seg ein travel sommar. 

Over 50.000 samtalar frå folk i krise, er svara på. Likevel har dei ikkje klart å svare alle som tar kontakt.

Behovet er stort, men i år er det særleg eitt tema som har skilt seg ut.

– Denne sommaren ser vi i større grad folk som tar kontakt fordi dei er utsett for vald eller overgrep, eller fordi dei sjølv utøver vald eller overgrep, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Kirkens SOS.

 Erlend Sørbø / TV 2
PÅGANG: Generalsekretær i Kirkens SOS, Lasse Heimdal, seier fleire valdsutøvarar tar kontakt med hjelpetenestene enn før. Foto: Erlend Sørbø / TV 2

Drastisk auke 

Ferietid blir ofte omtalt som høgsesong for vald i nære relasjonar. 

Rutinar blir sett på pause. Folk lever tettare på kvarandre, mange i krevjande familieforhold. 

For dei som i utgangspunktet har det vanskeleg, kan tilværet bli enno meir krevjande. 

– Sommaren er gode dagar for mange av oss, men for andre betyr det vanskelege relasjonar, mange stengde tilbod og auka rusbruk, seier Heimdal. 

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
NY UTVIKLING: Dei fleste som tar kontakt med Kirkens SOS på telefon eller chat snakkar om einsemd, psykisk uhelse og økonomi. I år ser dei også ein annan aukande trend. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Dette pregar samtalane deira. 

Denne sommaren har auken på vald- og overgrepsutsette som tar kontakt med Kirkens SOS, auka med sju prosent samanlikna med sommaren i fjor. 

Samstundes har auken av valdsutøvarar som tar kontakt, auka med 20 prosent.

– Dei som ringer inn, er fortvila. Dei er fortvila over ting dei har gjort, mønstre dei vil ut av og handlingar som dei skulle ønske var ugjort, seier Heimdal.

Han trur mediebilde kan vere ein del av årsaka til at fleire tar kontakt. 

– Vi ser i samfunnet generelt at det er ein aukande grad av valdsutvikling. Det blir skrive mykje om det og det blir skrive mykje om rus, seier Heimdal. 

 Torstein Wold / TV 2
DEMONSTRASJONAR: Tidlegare i år vart det halde fleire markeringar til støtte for valdsutsette, etter fleire skakande valdshendingar og drap. Folk kravde betre beskyttelse av valdsutsette. Foto: Torstein Wold / TV 2

– I sommar og feriar lever menneske tettare på kvarandre, mange i vanskelege relasjonar. Mange har auka rusbruk. Dette er fleire ting som er med å forsterke kvarandre, seier han. 

Viktig for førebygging

I vår raste debatten om det blir gjort nok for beskytte valdsutsette, etter fleire skakande drap, fleire av dei partnardrap. 

I fleire av tilfella, hadde den valdsutsette eller valdsutøvaren vore i kontakt med hjelpeapparatet før drapa skjedde. 

I april blei det innført endringar for å senke terskelen for å bruke omvendt valdsalarm. 

Valdsforskar Merete Berg Nesset meiner det også er viktig å bruke tid og ressursar på å behandle valdsutøvarar for å forhindre at vald eskalerer. 

– Det trengst tettare, tverretatleg oppfølging, der både politi, helseteneste og kommunale tenester kan sette inn tiltak samtidig. I dag er det litt avhengig kvar i landet du bur, om det er eit tilstrekkeleg tilbod, seier ho. 

 Frank Lervik / TV 2
MEIR SAMARBEID: Merete Berg Nesset jobbar i Høyrisikoteamet, eit tverretatleg team sett saman av aktørar frå St. Olavs Hospital, Trøndelag politidistrikt og Trondheim kommune. Ho meiner det generelt trengs meir tverretatleg og fleirfagleg samarbeid for å fange opp og behandle dei som utøver vald. Foto: Frank Lervik / TV 2

– Behandling av valdsutøvar er ein viktig del av beskyttelsesarbeidet av dei valdsutsette, for det kan potensielt forhindre nye og alvorlege valdshendingar, seier Berg Nesset. 

– Valdsutøvar sitt ansvar

Berg Nesset viser til at mange av dei som utøver vald, ofte har psykiske vanskar som depresjon, rusproblem eller vanskar med å regulere kjensler. 

I tillegg er svak tilknyting til arbeidsliv og dårleg økonomi risikofaktorar forbunde med partnarvald. 

Treng du nokon å snakke med?

  • Sidetmedord-chat (døgnopen)
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40 (døgnopen)
  • Mental Helse sin hjelpetelefon: 116 123 (døgnopen)
  • SOS-chat(måndag og tysdag: 18.30-22.30, onsdag 07-01.30, torsdag og fredag: 18.30-01.30, laurdag og søndag 14.30-01.30)
  • Kors På Halsen: 800 333 21 (Chat er open alle dagar 14-22, telefon er open kvardagar 16-22)
  • Leve Landsforeningen for etterlatte ved selvmord: Tar imot førespurnadar på e-post: post@leve.no eller telefon 22 36 17 00 (kvardagar 9-15)

– Valdsutøving er valdsutøvars ansvar uansett, men det handlar og om å løfte blikket for å sjå kva som skal til for at valden skal ta slutt. For mange vil helsehjelp vere ein viktig del av førebygginga, seier Merete Berg Nesset. 

Ho meiner difor det er positivt at fleire valdsutøvarar tar kontakt med hjelpetenestene. 

 Frank Lervik / TV 2
ANSVAR: Berg Nesset seier det er vanskeleg å seie om utviklinga til Kirkens SOS betyr at det er fleire som utøver vald i ferien eller om det er fleire som tar ansvar for eigen valdsutøving. Foto: Frank Lervik / TV 2

– Vi veit at det kan opplevast som skamfullt å bli utsett for vald og å utøve vald, og at det vere vanskeleg å be om hjelp. Då kan slike tenester vere eit lett og tilgjengeleg tilbod som kan vere eit steg på vegen til å få spesialisert behandling, seier ho.

Read Entire Article