Vi får stadig høyre det: Pengane skal ut av sparegrisen og inn i fond. For der kan dei vekse.
Men dei siste månadane har vist at det ikkje alltid er så lett å vite kva selskap pengane våre blir spytta inn i.
I representativ undersøking Norstat har gjort for NRK svarar 48 prosent at dei tenkjer på etikk når dei vel fond.
I slutten av august melde Dagens Næringsliv at både Raudt, SV og LO hadde pensjonspengar for tilsette i selskap dei ville svarteliste.
No seier også finansminister Jens Stoltenberg at han meiner det er på tide å gjennomgå de etiske retningslinjene til Oljefondet.
– Det er litt skummelt at LO og venstreside-partia har sett pengane sine i uetiske investeringar som dei sjølv har vore veldig kritiske til, seier student Emil Kvebæk Øvretveit.
UVISSE: Emil Kvebæk Øvretveit synest det er skummelt at til og med venstreside-partia har sett pengar i kontroversielle selskap.
Foto: Susanne Njølstad Skandsen / NRKEtikk og profitt = usant?
Øvretveit (22) opnar ein investeringsapp som viser ei rad med raude og grøne tal. Kvebæk Øvretveit går på internasjonale studiar ved Universitetet i Oslo og merkar at økonomi og etikk ikkje alltid går hand i hand.
– Eg har til dømes investert i oppdrett, og eg er ikkje så glad i oppdrettsnæringa.
PROFITT OG ETIKK: Kvebæk Øvretveit er mest oppteken av avkasting, men prøver å investere etisk.
Foto: Susanne Njølstad Skandsen / NRKHan har også putta pengar i norske USA-fond, sjølv om han er skeptisk til president Donald Trump.
– Men jamt over er eg relativt trygg på at investeringane er etiske.
Han nøler.
– Eller no vart eg usikker, seier han og ler.
ULV I FÅREKLEDE: Fleirtalet av norske bankar har ein eigen gjeng som jobbar med å luke ut verstingselskapa i mylderet av potensielle investeringsobjekt.
Illustrasjon: Alexander Slotten / NRKBekymring rundt USA og Israel
Og studenten frå Sotra i Vestland er ikkje aleine om uvissa.
Fleire bankar, mellom anna DNB, Nordea og Storebrand merkar ein auke i etiske spørsmål frå kundane. Og investeringar i amerikanske og israelske selskap er øvst på radaren.
– Det er mange som tek kontakt på chat om dagen, fleire enn tidlegare, når det gjeld ulike tilpassingar av investeringane deira. Mange lurer på om dei har investert i nokon av dei kontroversielle selskapa som har kome opp, seier Joar Hagatun, leiar for investering i Storebrand sin investeringsapp Kron.
MANGE SPØR: Joar Hagatun i Storebrand merkjar at kundane er blitt meir opptekne av etikk.
Foto: Susanne Njølstad Skandsen / NRKStrengare enn Oljefondet
Storebrand får mange spørsmål frå kundar om investeringar knytte til Israel si krigføring på Gaza-stripa. Spesielt etter avsløringane om Oljefondet sine investeringar i fleire israelske selskap på svartelista til FN, ifølge Hagatun.
– Dei aller fleste store norske forvaltarar vil ekskludere ein del av dei selskapa som har vore assosierte med brot på folkeretten og menneskerettar der borte.
Storebrand er ein av fleire bankar som har strengare reglar enn Etikkrådet i Oljefondet. Til no har dei ekskludert 26 selskap knytte til israelsk okkupasjon.
Eit døme er selskapet Palentir som har levert kunstig intelligens til Israel.
Er du mest opptatt av etikk eller avkastning?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Ynskjer meir informasjon
På UiO sitt campus på Blindern i Oslo kan ein sjå fleire palestinaskjerf i mengda. Eit av dei heng rundt halsen til masterstudent Jan Christian Lian.
Han vil ikkje ta sjansen på å investere i fond.
– Det er eit tillitsspørsmål, kanskje. Eg er usikker på kva eg bidreg til.
SAKNAR OVERSIKT: Student Jan Christian Lian vil ikkje investere i fond før det blir lettare å setje seg inn i etikken bak.
Foto: Susanne Njølstad Skandsen / NRKI undersøkinga Norstat har utført for NRK seier ein av fem at etikk er årsaka til at dei ikkje vil investere. Andelen er størt blant dei under 30 år.
Den unge studenten opplever at finansverda kan vere vanskeleg å setje seg inn i.
– Eg trur det er vanskeleg å få det tilgjengeleg på eit folkeleg og forståeleg språk.
– Let oss seie at du kunne gå inn på ei nettside med alle dei mest etiske og berekraftige fonda, hadde det endra noko?
– Det kunne ha endra noko viss eg kjende til aktørane. Og viss eg hadde ein tryggleik rundt kva pengane vart brukte til.
– Men sånn som det er no, nei, legg han til.
– Krev svar
Openheit gjer det ikkje berre lettare for forbrukarane å velje. Det kan også få bankar og forvaltarar til å endre praksis.
Det kunne Forbrukarrådet sjå da dei laga nettenesta Etisk Bankguide saman med Fremtiden i våre hender i 2016. Der blei bankar årleg evaluerte og rangerte basert på deira etiske retningslinjer.
– Det hadde ei kjempegod effekt, seier leiar for forbrukarøkonomi Guro Sollien i Forbrukarrådet.
RING BANKEN: Guro Sollien i Forbrukarrådet oppfordrar folk til å kontakte banken om dei har kritiske spørsmål.
Foto: Helen Mehammer / ForbrukerrådetHo trur rangeringa gav bankane eit insentiv til å tenkje meir på etikk.
For frå lansering i 2016 til 2020 auka bankane si gjennomsnittlege resultat frå 38 til 75 prosent på det etiske barometeret.
Prosjektet vart avslutta i 2023, men Sollien er glad for at mange no tek kontakt med bankane direkte.
– Vi oppfordrar forbrukarar som er opptekne av etikk og berekraft til å stille spørsmål. Ring banken, krev svar.
Publisert 23.10.2025, kl. 15.49