Fleire politietterforskarar heime hos Arne Bye: – Vi leiter etter bevis

2 weeks ago 12



Det stadfestar politiadvokat Ole Andreas Afteret til NRK.

Vi gjennomfører ei ransaking etter avgjerd av Trøndelag tingrett, seier Afteret.

Kva politiet leiter etter vil ikkje Afteret gå inn på.

– Vi leiter etter bevis i saka, seier han.

Trønder-Avisa omtalte saka først.

– Pågåande ransaking

Ved 10-tida tysdag fortel Afteret at politiet framleis arbeidar med å ransake heimen.

– Vi held på til vi er ferdige, seier han.

Dette er fjerde gong politiet ransakar heimen til Bye.

Afteret ønsker ikkje å seie kva det er som er grunnen til at dei no gjer ei ny ransaking.

Minst 19 nye kvinner har meldt Bye til politiet.

Om ransakinga er knytt til dei nye sakene vil ikkje Afteret kommentere.

– Det er ikkje eit skarpt skilje mellom sakene, seier Afteret.

Formålet med ransakinga er å belyse alle forhold Bye er sikta for.

Afteret fortel at politiet i tida som kjem vil gå gjennom beslaget.

Ransaka bustaden i februar

Også 28. februar ransaka politiet bustaden til Bye.

– Vi fekk informasjon i går som verka som at det var mogelege ting som kan ha betydning som bevis, sa politiadvokat Ole Andreas Afteret til NRK da.

Afteret er påtaleansvarleg for dei nye sakene mot Bye.

Minst 19 nye kvinner har meldt Arne Bye til politiet.

– No vil vi gå gjennom det beslaget som er tatt for å sjå om det er noko som kan belyse nokre av dei sakene som er under etterforsking, sa Afteret etter politiet gjorde beslaget i februar.

Sit varetektsfengsla

Vi blei informert av politiet om ransakinga tidlegare i dag, fortel Bye sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen.

Han fortel at dei ikkje har fått informasjon om kva det er politiet leiter etter heime hos Bye.

Hjulstad Nilsen har ikkje vore i kontakt med Bye om ransakinga.

Eg skal ringe fengselet no, fortel Hjulstad Nilsen.

Bye sjølv sit varetektsfengsla.

Han blei pågripen like etter at rettssaka mot han blei avslutta i Trøndelag tingrett i Steinkjer.

Rettssaka mot Bye gjekk i tingretten mellom 5. november og 19. februar.

I løpet av den over tre månader lange saka erkjente Bye straffskuld for fleire og fleire tiltalepunkt.

Bye har erkjent å ha valdtatt 21 av sine tidlegare pasientar. Han har også erkjent å ha misbruk stillinga si for å oppnå seksuell omgang med 44 av dei.

Det er venta at dom i saka kjem i starten av juni.

Publisert 25.03.2025, kl. 10.08 Oppdatert 25.03.2025, kl. 10.30

Read Entire Article