Israels statsminister Benjamin Netanyahu taler no til FNs generalforsamling i New York.
– Etter eg høyrde løgnene og all baksnakkinga om landet mitt på denne scena, bestemte eg meg for å kome hit å rette opp i fakta.
Nyheitsbyrået AFP melder at fleire av delegatane har forlate salen.
Ifølgje TV 2 har den norske delegasjonen og utanriksminister Espen Barth Eide blitt sittande i salen.
Netanyahu utsett å reise til New York etter eskaleringa i Libanon den siste veka.
Han seier dei vil halde fram med åtak i Libanon «til dei har nådd måla sine».