Dagens verdscuprenn i para-langrenn er avlyst på grunn av vêr og vassforhold på Steinkjer Skistadion opplyser rennleiar Morten Vanebo.
– Det har hølja ned medan me har gjort klart til skirenn. Ei totalvurdering med omsyn til utøvarane gjer at juryen går vald å avlyse dagens skirenn.
Lite snø og mykje vatn på Steinkjer skistadion søndag.
Foto: privatTrass i mykje regn også i Granåsen går øvingane under Ski-VM som planlagt søndag.
Det er venta utfordrande vêr i Trøndelag og delar av Nordland søndag. Varsel om flaumfare og jord-, sørpe- og flaumskredfare er sendt ut og gjeld også måndag.
Fleire stengde fjellovergangar: Fokk og sidevind
Det er fleire stengde vegar og kolonnekøyring på fjellovergangane mellom aust og vest søndag.
Fokksnø og kraftig vind fører til dårlege køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg, og det vart sendt ut gult farevarsel frå midnatt søndag.
– For dei som skal heim frå vinterferie og over fjellet kan det vere greitt å berekne god tid. Ha skift, varme klede og litt ekstra mat i bilen, seier statsmeteorolog Johanne Ordal.
Trafikkoperatør Marianne Hove i Vegtrafikksentralen seier det er stiv kuling i middelvind og ganske sterke vindkast.
– Saman med snø og nedbør gir det dårleg sikt og vanskelege køyreforhold.
Klokka 11 var situasjonen slik (som kan endre seg utover dagen):
- Riksveg 7 Hardangervidda: Stengt
- E134 Haukelifjell: Kolonne
- Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Kolonne
- Fylkesveg 50 Hol-Aurland: Stengt
- Fylkesveg 53 Tyin-Årdal: Stengt
Hald deg oppdatert her.
Fleire område med stor snøskredfare
Fleire stader i Noreg er det både betydeleg og stor snøskredfare. Det gjeld særleg fjellområda i delar av Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland.
– Det er ein konsekvens av mildvêret me ser no. Det kan jo vere greitt å tenke på det viss ein skal på tur i fjellet særleg, seier Ordal.
På varsom.no kan du halde det oppdatert på kvar det gjeld.
Utover den komande veka skal nedbøren minke i Trøndelag, samstundes som det blir meir nedbør på Vestlandet.
– Me vil få nokre ganske regnfulle dagar der, seier statsmeteorologen om Vestlandet.
Frå måndag har NVE sendt ut farevarsel på gult nivå om jord-, sørpe- og flaumskredfare for delar av Møre og Romsdal og Vestland fylke.
Publisert 02.03.2025, kl. 11.19 Oppdatert 02.03.2025, kl. 11.45