Skal du til fjells i Sør-Noreg dei neste par dagane bør du legge om til vinterdekk.
For no kjem vinteren i fjellet.
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø i fjellet i store delar av landsdelen.
Varselet gjeld frå natt til torsdag 10. oktober kl. 02.00 til klokka 22.00 same dag
Det er venta opp til 15 centimeter snø over 300 til 600 meter over havet, og snøfallet kan få konsekvensar for trafikken i fjellstroka.
Meteorlogisk institutt rår folk som har tenkt seg til fjells å rekne ekstra tid til transport og køyring.
– Bruk riktige dekk og køyr etter forholda, heiter det i varselet frå instituttet, som legg til at nokre reisande vil kunne få lengre reisetid.
– Det kan vere lokalt vanskelege køyreforhold, skriv Meteorologisk institutt.
Publisert 09.10.2024, kl. 12.37 Oppdatert 09.10.2024, kl. 12.47