– Fingeren-i-jorda-politikk? Frå Ap?

1 month ago 23



KOMMENTAR: Skule og helse er berebjelkane våre. Det knakar i dei begge. Og overraskande nok verkar Ap lydhøyre for knakinga.

Måndag la nestleiar Tonje Brenna fram Arbeidarpartiets forslag til partiprogram. Foto: Javad Parsa / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

Når trivsel og lærelyst dalar blant norske skulebarn, når fråværet stig, og nivået i lesing søkk til urovekkande lågt nivå for dobbelt så mange som før, så er det på tide å stikka politiske fingrar i jorda. Og snu nokre steinar der. Gjerne andre enn dei ein lenge har drive og snudd på.

Og når vi i årevis har høyrt om samhandling mellom sjukehus og kommunar, akutten og heimesjukepleia, men veit at pasientane ofte fell mellom dei, sjølv når fagfolka sit i møte og samhandlar, så er det kanskje på tide med fingeren i jorda der også.

Men Arbeidarpartiet?

Ikkje hadde vel eg trudd at Ap ville vera langt framme der, eg har tenkt at dei har vore irriterande treige og utydelege, særleg i skulepolitikken sin. Det har vore den seige, svære maskinen som var ute og rulla, og flytta på éin og éin stein om gongen. Kanskje til og med rulla den forsiktig tilbake på plass. Så ingen skulle merka at noko blei flytta på. For eksempel vedtok dei tilbake i 2019 «å arbeide for å innføre et sunt og gratis skolemåltid for alle elevar i grunnskolen.» Det arbeidet går det vel litt smått med?

Men måndag denne veka la dei fram forslag til nytt program. For heile politikken sin. Dei vil sy saman skuledagen, viska ut skiljet mellom skule og SFO, gjera SFO gratis, og sannsynlegvis – på sikt, dei er jo Ap – til ein del av skulen.

Og ja, dei vil innføra gratis skulemat også. Gjera skuledagen meir variert, gi meir tid, ro og rom, for å bruka nestleiar Tonje Brenna sine ord på det. Når sant skal seiast, minner det veldig om den heildagsskulen SV skisserte for nokre år sidan. Men Ap er i alle fall ikkje lenger redde for å ta i. Eller kva dei nå var.

Høgre?

Høgre vil ikkje gjera SFO gratis. Berre for dei som ikkje klarer betala sjølv. Men 90 prosent av dei yngste skulebarna våre går på SFO. Altså er SFO alt ein del av skuledagen for dei aller fleste. Og skulen er gratis i Norge. Er den ikkje?

Høgre meiner også det viktigaste i skulen ennå er å leggja inn endå meir innsats i lesing og rekning, og så tidleg som mogleg. Sjølv om ingenting har auka meir enn timetalet i norsk og matematikk sidan 1990-talet, og ingen stader har det auka meir enn blant dei yngste elevane.

Det har ikkje akkurat hjelpt.

Helsereform

Å få sjukehus, sjukeheimar, jordmorkontrollar, fødslar og fastlegetimar til å hengja i saman på eitt og same nivå? Slik Ap vil gå til val på? Det er til å bli sveitt og svimmel av. Men like fullt eit forslag som alt finst. I den svære og viktige rapporten frå helsepersonellkommisjonen. Dei som prøvde å finna ut korleis vi kan bruka helsefolka våre best mogleg. Nærast mogleg pasientane. Ikkje i å prøva å lappa saman heilt ulike system som ikkje snakkar saman, der det eine systemet tapar pengar på å gjera det lettare for det andre.

Det skal ein – og takk Gud og alle gode makter for det, for dette er svært – greidd ut grundig. Ved hjelp av pasientar og pårørande og fagfolk i helse og jus og sikkert meir til. Og ja, helseføretaka, for eksempel, kan koma til å ryka, viss det er til det beste.

Høgre kritiserer Ap for å vera for lite konkrete om dette. Eg vil heller påstå at det hadde vore heilt krise viss dei var meir konkrete om alt det der, før dei har snakka med folk.

Så akkurat nå står Høgre i grunnen nokså tafatte på sidelinja. Dei hadde kanskje heller ikkje sett for seg at Ap skulle begynna med stikka-fingeren-i-jorda-politikk?

Det er friskt. Det må få Høgre på banen. Eller ut på jordet, for å bli i bildet. For å sjekka om det finst andre steinar å snu, også for dei.

Det kan jo bli bra, det, for både helsa og skulen og bestemor og barnebarn.

Publisert:

Publisert: 30. september 2024 16:11

Kommentator Solveig G. Sandelson

Read Entire Article