FHI: Nytt påvist tilfelle av m-koppar i Oslo

3 hours ago 4



Folkehelseinstituttet (FHI) stadfestar at det er oppdaga eitt nytt tilfelle av m-koppar i Oslo.

– Oslo kommune har varsla oss etter vanlege rutinar om eitt tilfelle av mpox, seier Preben Aavitsland ved FHI til NRK.

FHI støttar no kommunen i handteringa av utbrotet som er av typen «Type ll».
Det var den typen av viruset som forårsaka eit stort utbrot i særleg Europa og Nord-Amerika i 2022.

M-koppar, tidlegare kjend som apekoppar, er ein smittsam virussjukdom som høyrer til same familie som koppar.

WHO: Ein «internasjonal folkehelsekrise»

I august uttala leiaren i Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, at sjukdommen var på veg til å verte ein internasjonal folkehelsekrise, sjølv om fleire typar av han har vore dokumentert i ti år i Den demokratiske republikken Kongo.

WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebryesus

WHO-leiar Tedros Adhanom Ghebreyesus.

Foto: Christopher Black / Reuters

Den siste tida har viruset verte påvist i land som Sverige, India og Pakistan.

Typiske symptom inkluderer feber, utslett, hovudverk, muskelsmerter og hovne lymfeknutar.

Smitte mellom menneske skjer ved nærkontakt, anten gjennom hud mot hudkontakt eller ved deling av forureina gjenstandar.

Preben Aavitsland

Preben Aavitsland ved FHI.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Ifølgje FHI har det vore 109 tilfelle av viruset i Noreg sida 2022.

Alle dei 109 tilfella sidan 2022 i Noreg var direkte eller indirekte ein del av utbrotet blant menn som har sex med menn. Det førekjem framleis einskilde tilfelle i denne gruppa, til no i år fem tilfelle, seier Aavitsland.

Det vil seie at det hittil i år er påvist fem tilfelle av viruset hjå gruppa menn som har sex med menn.

M-koppar viruset

Det rosa i bilete viser viruspartiklane frå m-koppar viruset, medan det gule viser ei celle som har blitt infisert av viruset. Bilete frå National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID).

Foto: NIAID / Reuters

Aavitsland som er fagdirektør for overvaking i FHI, legg til at denne i gruppa i tillegg til sexarbeidarar, helsepersonell som i sitt arbeid kjem i kontakt med viruset får eit tilbod om vaksinasjon mot viruset.

Vestre: Noreg er rusta mot-koppar

Same månad uttala helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) at Noreg har god beredskap mot m-koppar.

– Noreg har ein svært god helseberedskap og ei helseteneste som er godt førebudd på behandling av mpox-smitte. Vi har òg god tilgang på vaksinar, sa Vestre i ei pressemelding.

Jan Christian Vestre

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Nokre dagar før Vestre si utsegn hadde Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) heva risikonivået for m-koppar frå låg til moderat, som ein del av deira førebuingar mot vidare spreiing i Europa.

Ifølgje Oslo kommune er ikkje tilfellet i Oslo same virustype som har vore i Den demokratiske republikken Kongo i 2023.

– Stadfesta tilfelle er av Type II, som er same type som har sirkulert etter eit verdsomspennande utbrot i 2022 og som det har vore over hundre smittetilfelle av i Noreg tidlegare, seier Fredrik Rønning Iversen, smittevernoverlege i kommunen.

Publisert 22.10.2024, kl. 13.55 Oppdatert 22.10.2024, kl. 14.29

Read Entire Article