Suel Kassembo har budd på Sunnmøre i snart 20 år, og har kjempa i retten to gonger for å få opphald. I fjor haust tapte han i Oslo tingrett. No er det klart at han også taper i Borgarting lagmannsrett.
– Det var veldig overraskande. Då må vi vurdere å anke, seier Arild Humlen, som er forsvarar for Suel Kassembo.
Humblen seier han ikkje har lese dommen endå, og ikkje har diskutert den med klienten sin.
I den ferske dommen kjem det fram at Kassembo ikkje får medhald i saka:
«Lagmannsretten ser ikke andre feil ved UNEs beslutning om ikke å omgjøre avslaget på søknaden om opphold begrunnet i sterke menneskelige hensyn», heiter det i dommen som blei avsagt tysdag ettermiddag.
Advokaten hans har tidlegare sagt at saka fort hamnar i Høgsterett, fordi den er så spesiell og prinsipielt viktig.
Sidan romjula i fjor har han vore i kyrkjeasyl i Herøy.
Fryktar for livet
Suel Kassembo har tidlegare uttalt at han er redd for livet, om han blir sendt tilbake.
I tingretten i fjor haust fortalde han om korleis foreldra blei drepne medan han gøymde seg.
– Det som har skjedd med mine foreldre, kan skje også med meg, så eg er veldig redd for å bli sendt tilbake, seier han.
Dømd til å betale
I dommen frå lagmannsretten er han også dømt til å betale sakskostnader. Det får han hjelp til.
Støttespelarane til Suel Kassembo har allereie samla inn rundt ein halv million kroner til rettssakene.
Publisert 22.10.2024, kl. 15.14 Oppdatert 22.10.2024, kl. 15.29