Feminisme, hekseri og trolldom i Olga Ravns «Voksbarnet»

2 weeks ago 7



BOK: Den som vil vita om det er er mogleg å kombinere feminisme, hekser og 1600-talet, skal lesa «Voksbarnet» og bli overtydd om at ja, det er absolutt mogleg.

Danske Olga Ravn er aktuell på norsk med romanen «Voksbarnet». Foto: sara galbiati

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

 5 out of 6

Olga Ravn: Voksbarnet. Roman. 191 sider. Omsett av Inger Bråtveit. Samlaget.

Romanen «Voksbarnet», tar plass på tidleg 1600-tal i Danmark då dei to K-ane regjerte i Danmark: Kyrkja og Kongen. Den som på nokon måte sette seg opp mot desse stod i fare for å bli straffa, og kanskje særleg kvinner som skilte seg ut frå alle andre.

Det er desse kvinnene «Voksbarnet» handlar om, dei som blei skulda for å vere hekser. Hovudpersonen er Christenze Kruckow, ei dame på rundt 40 frå adeleg bakgrunn som budde på Sør-Fyn, men måtte flykte til Ålborg etter skuldingar om trolldom. I Ålborg møtte ho andre kvinner, Maren, Apelone og Dorte, som etterkvart òg blir skulda for det same.

Alt dette blir fortalt frå perspektivet til voksbarnet. Voksbarnet, ei dokke laga av voks, vart laga av Christenze. Ravn gir liv og språk til dokka. Det er ho som er eg-personen og fortel alt som skjer. Ved å gi forteljarstemma til voksbarnet, kan Ravn skape ein allvitande forteljar, ein forteljar som veit kva som føregår i hovudet til Christenze, som veit kva kongen driv med, som i nokre avsnitt er i eitt med jorda og naturen og som ser inn i framtida. Me som lesarar får med oss alt og kjem nær alt. Voksbarnet tilfører ein mystikk til forteljinga som reflekterer mystikken rundt Christenze og dei andre kvinnene og som fører til at dei til slutt blir tiltalte for trolldom.

Er det mogleg å skrive naturleg om feminisme i ei bok frå 1600-talet? Ja! Ravn klarer det med glans. Ho viser at det var farleg for kvinner å skilje seg ut, å ikkje gifte seg, å ikkje føye seg etter ein mann, eller aller verst, å ligge med kvarandre. Etterkvart som eg les veks engasjementet mitt for kvinnene som levde på 1600-talet og det vaknar eit sinne i meg som få andre bøker om same tema har klart å vekke.

Olga Ravn tar utgangspunkt i sanne historier i «Voksbarnet». Til skilnad frå liknande romanar, klarer Ravn å balansere det litterære med det historiske på ein utmerka måte, og ein ikkje får kjensla av å lese ei sakprosabok. Det blir tilført liv og kjensler til karakterane utan at det blir anstrengt. Språklege vendingar og forteljarmåte vitnar om eit historisk sus over romanen, men det er ikkje påtatt eller kunstig. Det er svært godt gjort!

Inger Bråveit har på meisterleg vis gitt «Voksbarnet» ei nynorsk språkdrakt som tar vare på dei språklege kvalitetane i originalen.

Publisert:

Publisert: 5. november 2024 09:58

Read Entire Article