To bilar kolliderte på E39 fredag formiddag. Tilstanden til dei involvert er ikkje kjent.
FRONTKOLLISJON: To bilar kolliderte på E39 langs Jølstravatnet fredag formiddag. Foto: Vidar Djupvik
Publisert 26.04.2024 12:20 Sist oppdatert 6 minutter siden
To bilar kolliderte på E39 langs Jølstravatnet i Sunnfjord fredag formiddag.
Fem personar var involvert i ulykka.
Til sjukehus
Ein person blei flogen med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Dei fire andre personane blei køyrt til sjukehuset i ambulanse. Skadegraden til personane er ikkje kjent.
Det er 80-sone på strekninga der ulykka skjedde.
Var stengt i over ein time
E39 var stengt i over ein time etter ulykka. Litt over klokka 12 har eitt felt opna med manuell dirigering.
Politiet fekk melding om ulykka om lag klokka 10.45.