Fem dømt for hentingen av «parasitt-kokainet»

2 days ago 12



Kokainbeslaget på Husnes

Skal vera første gong smuglarmetoden er avslørt i Norge.

 Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen
PARASITT-SMUGLING: Båten «Nordloire» ved hamna til Hydro Husnes. Under sjølinja hadde skipet 150 kg kokain festa til seg. Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Publisert 26.06.2024 13:06 Sist oppdatert 19 minutter siden

Seks albanarar vart tatt på fersken med 150 kilo kokain på Husnes i Kvinnherad kommune i fjor. 

Kokainet var festa i plastsekkar på utsida av eit lasteskip som kom direkte til Sunnhordland frå ei hamn i Brasil.

Ein av albanarane dykka etter kokainet, skar det laust frå skipet og svømde det i land. Der stod fleire klare til å bære det inn i bilen og køyre avgarde med det.

 Politiet
NOK TIL ALLE: 150 kg kokain vart beslaglagd under ein stor aksjon på Husnes i fjor. Det tilsvarer fleire millionar brukardoser. Foto: Politiet

Men i buskene, oppi lufta og langs vegen stod politiet og fulgde med. Det resulterte i det største kokainbeslaget på Vestlandet nokon gong.

Det skal også vera første gong politiet har avslørt den sokalla parasittsmuglings-metoden i Norge

Alle dømd

Tysdag kom dommen frå Hordaland tingrett. Alle dei fem tiltalte er dømde til lange fengselsstraffar.

Den sjette personen som vart pågripen på Husnes, døydde i fengsel under varetekt i fjor.

Dei dømde har fått fengselsstraffar på mellom 4 år og 15 år. Det var Bergens Tidende som omtala resultatet først.

Slik vart dommen:

- Mann (46). Dykka etter stoffet: Fengsel i 15 år.

- Kvinne (33). Sjåfør, innkjøp og tolk: Fengsel i fire år og ni månedar.

- Mann (26). Sjåfør for narkotikaen: 13 år og 6 månedar fengsel. 

- Mann (27). Frakt av utstyr og påstått mann bak kallenamnet «Pitbull»: Fengsel i 13 år og 6 måneder. 

- Mann (30). Frakt av utstyr: Fengsel i 10 år og 4 måneder. 

 Politiet
PÅ HOTELL: Tre av dei tiltalte, saman med ein avdød fjerdeperson, i loungen på eit hotell på Gardermoen. Så sette dei kursen mot Vestlandet og Husnes. Foto: Politiet

Éin erkjente skuld

Rettssaka gjekk for Hordaland tingrett i Bergen over fleire veker tidlegare i vår. 

Difor var det kun fire menn og ei kvinne som møtte som tiltalte i saken. 

Tre av dei, inkludert kvinna, nekta straffskuld. Ein 26 år gamal mann som køyrde bilen med kokainet erkjente delvis straffskuld. Han trudde han henta hasj.

Ein 30 år gamal mann erkjente straffskuld.

Dykkaren trudde han skulle inspisere eit turistskip: – Eg fekk sjokk

– Fotsoldatar

Påtalemakta meiner dei har avslørt ein del av eit kriminelt nettverk som medverkar med henting og transport av kokain som blir «parasittsmugla» til den europeiske marknaden via Norge.

Forsvarane slo kraftig tilbake på påstanden. 

– Dei er nedst i eit hierarki. Dei er plukkarar og fotsoldatar og treng ikkje å vita for å gjera jobben, sa advokat  Ole Petter Drevland, ifølge BA. Han forsvarar dykkaren.

Dette er dei tiltalte i Husnes-saka

Mann (46): Dykkaren

Nektar straffskuld

Skal ha henta stoffet under sjølinja på lasteskipet «Nordloire». Førte det i land ca 1 km nord for kaien ved hjelp av undervass-scooter, ifølge tiltalen. Vart arrestert nokre kilometer lenger nord igjen. Då hadde han på seg eit klesplagg som er vanleg å ha under tørrdrakta, var utan sko og bilen var full i dykkarutstyr. Forsvarar: Ole Petter Drevland.

Kvinne (33): Sjåfør, innkjøp og tolk

Nektar straffskuld

Skal ha vore med på å planlegge aksjonen, kjøpt dykkarutstyr i Bergen og fungert som tolk. Skal også ha handtert dykkarutstyret før dykket og køyrd den 46 år gamle dykkaren i bil til og frå staden der stoffet vart henta opp. Arrestert saman med 46-åringen, ho køyrde bilen. Forsvarar: Fredrik Schøne Brodwall.

Mann (26): Sjåfør for narkotikaen

Erkjenner delvis straffskuld

Skal ha vore med på planlegging av aksjonen og ved å ta imot stoffet i vasskanten. Så skal han ha lagt det i bilen som han køyrde aleine. Også arrestert saman med dei to andre over. Har sagt at han trudde han skulle hente hasj. Var den første som vart pågripen. Forsvarar: Sara Ler Christensen.

Mann (27): Frakt av utstyr

Nektar straffskuld

Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert ved eit naust ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Kai Inge Gavle

Mann (30): Frakt av utstyr

Erkjenner straffskuld

Tiltalt for det same som mannen over. Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert saman med 27-åringen ved naustet ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Alexander Gonzalo Sele.

Dei to siste mennene vart arrestert saman med ein sjette sikta person i saka. Vedkommande køyrde også bil og skulle ifølge TV 2 sine opplysingar plukke opp 27-åringen og 30-åringen ved naustet etter at stoffet var kome i land. Mannen døydde i fengsel i fjor og saken mot han er difor lagt vekk.

Fryktar blodhemn i Albania: – Har blitt utnytta og lurt

Read Entire Article