Fekk stein gjennom taket etter sprengingsuhell: – Vi er glad ingen blei skadd

3 hours ago 3



– Vi er glad for at det ikkje skjedde noko alvorleg, og at ikkje liv gjekk tapt.

12 år gamle Maja Czajkowski var heime saman med dei to søskna sine då det smalt ved 16-tida måndag ettermiddag.

Eit sprengingsoppdrag ved Høgset industriområde i Gjemnes kommune gjekk gale og fleire steinar blei kasta kring om i nærområdet.

Stein som ligger på gulv

Steinen blei liggande på golvet i eitt av romma i huset.

Foto: privat

Den eine steinen trefte huset til David Czaikowski og familien hans ikkje så langt frå indutsriområdet, gjekk gjennom taket og hamna på golvet inne på eitt av romma.

– Steinen er på 23 kilo og er 40–50 centimeter stor, seier David til NRK.

Gjekk gjennom taket

Han var på jobb nede på Høgset-terminalen da ulukka skjedde under sprengingsoppdraget

– Eg såg opp mot huset vårt, og der sto dei tre borna og vinka i vindauget.

David for opp til huset og oppdaga at ein stein hadde treft huset deira og gått gjennom taket. NRK har sett fleire bilete frå inn i huset. Bileta viser at det er gjort skade fleire stader.

Hull i taket i et hus

Steinen etterlot eit stort hol i taket på bustadhuset

Foto: privat

Vil etterforske saka

Også i området kring huset ligg det fleire større steinar. Politiet rykka ut då dei fekk beskjed om sprengingsulukka. Dei har gjort avhøyr og har tatt bilete.

– Vi har oppretta sak og vi kjem til å starte etterforsking av det som har skjedd, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Eivind Klokkersund.

Stein som ligger i veien

Også på vegen lå det stein etter sprenginga

Foto: Lars Egil Tiihonen

Hendinga har sett ein støkk i familien Czajkowski. Dei vil og gjerne vite kva som gjekk gale under sprengingsoppdraget.

– Det var veldig skremmande, seier Maja Czajkowski.

Publisert 28.04.2025, kl. 21.01 Oppdatert 28.04.2025, kl. 21.24

Read Entire Article