Fekk rekning for «rydding av verkstad» då båten hans var på service

4 hours ago 9



Rolf-Ørjan Høgset er skipper og dagleg leiar for strandryddarforeninga «In the Same boat».

Kvart år sender den ideelle organisasjonen båtane sine på service før ny sesong.

Høgset fortel at i år fekk dei ei overrasking i posten i etterkant.

– Rekninga frå verkstaden var fire gongar større enn ho pleier å vere, hevdar han.

– Skreiv 12 timar arbeid for å rydde verkstad

Båtmotorane på strandryddebåtane til «In the same boat» er frå Yamaha.

Motorprodusenten har vegleiande satsar på kor lang tid arbeid slik som service skal ta.

Men ifølge leiaren for «In the Same boat» har verkstaden tatt seg betalt for mange fleire timar enn satsane seier.

In the same boat på strandrydding

In the same boat sende tre båtar inn til reparasjon på verkstaden. Det har dei gjort kvart år i fleire år.

Foto: In the same boat

Høgset meiner at verkstaden har mellom anna fakturert tida dei har brukt på å rydde verkstaden i forbindelse med servicearbeidet, og reagerer på at dei har skrive ein heil dags jobb for at to personar skulle måle ein baugport.

– Når det er så overdrive må det vel vere innlysande at noko er gale, seier Høgset.

Og legg til:

Rolf-Ørjan Høgset frå In the Same Boat på tokt med headset i båt.

Rolf-Ørjan Høgset, skipper og dagleg leiar i den ideelle organisasjonen «In the Same boat».

Foto: Privat

– Dei har skrive 12 timar på å rydde verkstaden. Då har du jaggu meg hatt ein rotete verkstad før du begynte å rydde.

Totalt kom rekningane på over 340.000 kroner for service på tre båtar.

Bilda viser deler av rekningane frå verkstaden. Det Høgset hevdar er pris for rydding av verkstad, er ringa ut.

NRK har vore i kontakt med verkstaden der båtane var på service. Dei vil ikkje stille til intervju og svare på kritikken frå «In the same boat». Dei opplyser at dei vil ta diskusjonen om rekninga inn for retten.

– Svakare beskyttelse i lovverket

Organisasjonar og bedrifter som kjøper verkstadtenester har mykje svakare beskyttelse i lovverket enn privatpersonar, ifølgje Forbrukarrådet.

Handverkartenestelova gir nemleg forbrukarar betre mogelegheiter til å klage, om ei rekning er for stor. Men det gjeld ikkje for næringsdrivande eller organisasjonar. Heller ikkje dei ideelle.

Portrettbilde av mann i mørkeblå dress med lys skjorte. Han har skjegg og halvlangt svart hår.

Forbrukarjurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet seier det finst tilfelle av høge rekningar som kan vere i strid med lovverket, men ikkje blir rekna som svindel.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

– Organisasjonar og bedrifter må difor vere mykje meir merksame når dei handlar er tenester, seier forbrukarjurist Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Det er berre avtalelova som vernar organisasjonar og bedrifter, men det er ein lov som er meint å omfatte alle typar avtaler. Ho er difor veldig generell.

– Bedrifter og organisasjonar som kjøper verkstadtenester har diverre mykje svakare beskyttelse i lovverket enn privatpersonar. Samstundes kan privatpersonar vere vel så utsett, seier Iversen.

Forbrukarjuristen vil likevel vere forsiktig med å bruke uttrykket svindel.

Det skal ein del til før høge rekningar eller avtalebrot skal sjåast som svindel, sjølv om det kan kjennest som svindel.

Iversen seier at det er nokon ting ein bør vere klar over om ein meiner ein plutseleg sitt med ein for stor rekning i handa.

Sei ifrå med ein gong

Ta umiddelbart kontakt med den som har sendt fakturaen du meiner ikkje er lovleg, og forklar problemet, rår Iversen.

– Legg gjerne ved dokumentasjon på prisar frå andre handverkarar på kor mykje tilsvarande jobb vil koste.

In the same boat på strandrydding

Strandryddarbåtane er på service kvar 100. time. Dei har hatt om lag 15 slike servicar til no. Båtane som blir brukt hardast må i tillegg ha litt andre typar service.

Foto: In the same boat

Dersom du meiner det er mistanke om du har blitt utsett for ei straffbar handling, bør du også melde forholdet til politiet, forklarar forbrukarjuristen.

– Det er likevel viktig å vere klar over at det finst tilfelle av høge rekningar som kan vere i strid med reglane ovanfor privatpersonar i handverkartenestelova. Likevel er det ikkje sikkert dei blir rekna som ei straffbar handling.

Ikkje betal før ein er sikker

Om ein meiner at ein er utsett for svindel, seier forbrukarjuristen at ein ikkje bør betale rekninga.

– I meir usikre tilfelle er det noko anna. Då risikerer ein å måtte betale forseinkingsrenter for dei pengane som er heldt tilbake om fakturaen skulle vise seg å vere lovleg, seier Iversen.

Det er den som krev noko som må ta initiativ til ein rettsleg behandling. Ein slik sak startar i forliksrådet.

Finn samanlikningsgrunnlag

Dersom ein ikkje har avtalt prisen frå ein verkstadteneste på førehand, har ein rett til å bli fakturert for såkalla «gjengs pris».

En av strandrydderbåtene til In the same boat ligger i ei fjære i Nordland og lasser sekker med søppel ombord.

In the same boat har samla søppel i strandsona sidan 2017. I fjor vinter var det meir søppel enn nokon gong.

Foto: Rolf-Ørjan Høgset / In the same boat

Det vil seie den vanlege prisen på marknaden for tilsvarande teneste.

Ved ein usemje om pris må forbrukaren hente inn dokumentasjon frå minst to andre verkstadar for den jobben som skulle bli gjort.

Om desse seier at dei kunne gjort same jobb for ein billigare penge, kan du krevje at din rekning blir redusert tilsvarande.

Inngår eigne avtalar

NRK har spurt Yamaha sitt nasjonale pressesenter om kva dei tenkjer om prisen Høgset og «In the Same boat» fekk av verkstaden.

Yamaha svarer i ein e-post at dei berre har vegleiande tidsestimat for ulike arbeidsoppgåver rekna på servicetid.

Yamaha påhengsmotor

Yamaha påpeiker at dei vegleiande satsane berre gjeld deira motorar.

Foto: Yamaha

Dei fortel at det òg kan variere kor mykje tid ein bruker på planlagt periodisk vedlikehald som følge av bruksmønster, tidlegare vedlikehald og andre omstende.

Våre forhandlarar er sjølvstendige verksemder som inngår eigne avtalar med sine kundar om tenester, priser og andre kommersielle forhold. Yamaha har verken rett eller intensjon om å påverke desse avtalane, skriv dei i e-posten.

Mistenker ideelle organisasjonar er meir utsett

«In the Same boat» får pengar frå Handelens miljøfond for arbeidet sitt med å rydde søppel langs kysten.

Høgset meiner slike middel og anna støtte kan gjere det meir freistande å forsøke å utnytte ideelle organisasjonar enn andre bedrifter eller organisasjonar.

– Enkelte trur at miljøarbeid er lukrativt. Det verkar som om enkelte trur det blir kasta pengar etter kva vi gjer. Det er eigentleg motsett, seier han.

Publisert 20.10.2024, kl. 08.18

Read Entire Article