Fekk klarsignal for nye Griegakademiet – tok første spadetak berre timar etter

5 hours ago 7



Vegen fram mot eit nytt bygg for Griegakademiet har vore lang, men i dag kunne kulturmiljøet i Bergen sleppa jubelen laus.

Det nye bygget er med i det reviderte nasjonalbudsjettet som Ap, SV og Sp vart einige om tysdag føremiddag. Akademiet utdannar musikarar og komponistar og har avla fleire store, internasjonale stjerner.

– No finst det ikkje lenger noko hindring for oppstart, sa Marthe Hammer i SV Hordaland like etter nyheita vart kjent.

Og etter år med usikre signal ville ikkje forkjemparane for det nye bygget venta lenger.

Berre nokre timar etter budsjettet vart presentert vart den raude løparen rulla ut på tomta i Bergen, og første byggestein, ein fiolinkasse, vart lagt ned.

Skisse av nybygg for Griegakademiet

Slik skal det nye Griegakademiet i Møllendal i Bergen sjå ut.

Foto: Nordic Office of Architecture/Turzen

– Enorm lette

Første spadetak vart tatt av Hammer, etterfølgt av UiB-rektor Margareth Hagen og ordførar i Bergen, Marit Warncke (H).

– Det er full jubel og enorme lette. Nokre gongar opplever vi jo at regjeringa og Stortinget er litt tonedøve om kva som skjer i Bergen. Men no er dei einstemte, seier Warncke.

en gruppe kvinner som står utenfor

Marthe Hammer (SV), UiB-rektor Margareth Hagen, ordførar i Bergen Marit Warncke (H) og Kjersti Toppe (Sp) heiv seg rundt og fekk markert starten på det nye Griegakademiet.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Det nye bygget var først inne i det ordinære statsbudsjett for 2025, men i regjeringa sitt forslag til revidert budsjett stod det at dei ville kome tilbake til det.

Det vart også foreslått å redusera bevillinga med 10 millionar kroner. Det fekk store protestar, blant anna frå SV.

Men i budsjettet som vart lagt fram i dag, har Griegakademiet fått 20 millionar kroner.

– Det er ingen tvil om at dette er ein oppstartsbevilling, seier Hammer.

Slite med hovudverk, kvalme og tinnitus

Lokala som musikkstudentane på Griegakademiet har brukt til no har vore sterkt kritisert, blant anna av pianist og tidlegare student Leif Ove Andsnes.

Dårleg inneklima og tynne vegger i det over 100 år gamle bygget har ført til hovudverk, kvalme og tinnitus blant studentane.

– Det er blant anna observert svart mugg i fleire av øvingsromma til songarane. Det er tett luft og ikkje alle vindauge kan opnast, seier student Jakob Brown.

to menn som står sammen

Martin Gjerholm og Jakob Brown er studentar ved Griegakademiet i Bergen. Dei meiner det er på høg tid med eit nytt bygg.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Han og medstudenten Martin Gjerholm var på plass då første byggestein vart lagt på tomta tysdag ettermiddag.

– Det blir gøy å ha eit bygg som er verdig for musikken og musikarane. I lokala me bruker no må me ofte halda igjen fordi det blir for høgt. Me får ikkje spelt slik ein skal spele stykket på grunn av eit lite tilrettelagt rom, seier Gjerholm som studerer klassisk piano.

– Det er veldig motiverande. No vil me fylle den nye skulen med ordentleg musikk, og gi alt på den grandiose opningsdagen som kjem, legg Brown til.

Ønsker seg byggestart så raskt som mogleg

Rektor ved UiB Margareth Hagen er einig med studentane at det er på tide med eit nytt bygg.

– Dette er eit musikkmiljø og studentar som er i ein veldig høg klasse, også internasjonalt. Det betyr enormt mykje for musikkbyen Bergen at akademiet har anstendige og gode arbeidskår, seier ho.

Demonstrasjon ved Griegakademiet.

Studentane ved Griegakademiet har gått i fakkeltog for å få nytt bygg. Her frå november 2024.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Bygget har ein estimert sum til litt under 1 milliard norske kroner. No hastar det å kome i gang, for avtalen med entreprenøren går ut i 2026.

For sjølv om ein byggestein ala fiolinkasse er lagt ned, betyr det ikkje faktisk byggestart på det ønska bygget.

– Når trur du at det skjer?

– Eg håpar så fort som mogleg. UiB seier dei er klare, så det er eigentleg berre å sette i gang. Byggenæringa skrik etter det og studentar og lærarar er overmodne for å flytta frå slitne og gamle lokale til eit nytt bygg her i Bergen, seier Hammer.

Publisert 17.06.2025, kl. 19.10 Oppdatert 17.06.2025, kl. 19.11

Read Entire Article