Fekk drapstruslar etter EM-sigeren

7 hours ago 3



Ho står i ein glitrande konkurransebikini på scena i Spania. Nasjonalsongen frå Norge fyller rommet, og då trillar tårene hennar.

– Den Roya som står her på scena i dag, er bygd opp i Norge. Det er i Norge eg har funne min identitet, glir det gjennom tankane til Roya Karimi (30), medan ho stod øvst på pallen i EM.

Ho er norsk-afghansk kroppsbyggar, og trur at kombinasjonen av å vere kvinne og frå Afghanistan seier mykje om den vanskelege vegen ho har gått for å nå toppen.

 Bjørn Roger Brevik / TV 2

Eit fridomsfrø

Roya beskriv barndomen sin som ein god barndom. 

– Eg vaks opp i Kabul, i ei verd der det å bli gift som barn var det vanlege, seier ho.

Ho blir tvungen til å gifte seg i ung alder inn i ein familie der kvardagen er prega av vald og nedverdiging.

– Dei behandla meg ikkje som eit menneske, seier ho og legg til:

– Kvinner blei sett på som mindre verdt. Dei sa det til ansiktet mitt:

 «Kvinner kan ikkje stolast på. Kvinner kan ingenting. Hjernen deira er svak.»

 Bjørn Roger Brevik / TV 2

Ho skildrar livet sitt den gongen som eit liv i fengsel, innestengd i ein kjellar, usynleg for verda utanfor.

Men så kom eit vendepunkt då ho blei gravid tidlegare enn ho hadde venta.

– Eg visste ingenting om meg sjølv, kroppen min eller livet.

Måten dei behandla meg på, blei stadig verre under graviditeten.

– Eg sa nei! Eg kunne ikkje leve slik lenger. Ingen fortente å bli behandla på denne måte.

Ho var berre 15 år då ho fekk sitt første barn.

– Eg var eit barn som blei pressa inn i ei rolle og måtte late som eg var vaksen.

Då alt kjendest håplaust, blei mora redninga. Det var ho som tok kontakt med menneskesmuglarar, betalte alt og fekk Roya vekk frå det valdelege ekteskapet og ut av Afghanistan.

 Bjørn Roger Brevik / TV 2

– Mora mi er den største helten i livet mitt. Ho redda meg.

Mora til Roya døydde brått av hjartestans nokre år seinare, og fekk aldri sjå dottera stå øvst på sigerspallen. 

– Det er mykje meir i hjartet mitt enn det eg kan seie høgt i dag. Nokre ting er framleis for vonde til å delast.

Ein indre kamp for fridom

I 2011 kom ho til Norge. Ho var 16. Åleine med eit lite barn. Utan språk. Utan nettverk.

– Eg hadde ingenting, berre ein tung bagasje og ein liten gut på armen, seier ho.

Det første året var vanskeleg. Frykta sat i kroppen. Alt var framandt – men det var fridom i lufta.

– Eg kjende det med éin gong. Fridom. Men òg ei slags indre redsle. Kva skulle eg gjere no? Eg måtte klare meg sjølv.

 Bjørn Roger Brevik / TV 2

Ho fekk støtte frå samfunnet i ei lita sørlandsbygd. Lærte seg norsk. Og ein dag, nærast tilfeldig, fann ho vegen inn på eit treningssenter.

Trening som terapi

Einsemda dreiv Roya til treningsstudioet. Ho trong noko meiningsfullt å fylle dagane med. 

– Gymmet blei min terapi. Der kunne eg få ut kjensler, bli kjend med meg sjølv, og kjenne at eg blir sterkare. Ikkje berre fysisk, men mentalt òg.

I sine første år i Norge, fann Roya det vanskeleg å stole på folk og få vener. Men då pandemien stengde ned heile verda, fann ein ny kjærleik vegen til hjarta hennar.

– Eg blei kjend med Kamaludin Jalaledin, gjennom felles vener og sosiale medium.

For ho var det ei ny erfaring å få kjenne på ei kjærleik som voks fram i tryggleik og fridom.

 Bjørn Roger Brevik / TV 2

– Det er annleis når du elskar nokon, når du blir interessert i å bli kjend med ein. Alle desse små augneblikka betyr så mykje.

– Mannen min driv også med kroppsbygging. Mentaliteten og tankegangen hans gir meg mange moglegheiter – og den fridomen eg treng for å vere komfortabel.

Ho tek tydeleg avstand frå arrangerte ekteskap.

– Eg meiner ingen burde bestemme kven du skal gifte deg med.

For henne handlar kjærleik òg om å bli kjend med seg sjølv.

– Å bli forelska, gjere feil, prøve igjen – det er slik vi lærer. Det er slik vi utviklar oss. Det er naturleg. Det er menneskeleg.

– Skal aldri gi opp

Roya får hatefulle meldingar etter ho poste bilde frå hennar deltaking i EM, og trua med Taliban for at ho tør å vise kroppen sin og delta i idrett.

– Det gjer vondt – men det stoppar meg ikkje. For denne kampen handlar ikkje berre om meg.

Ho gjer det for alle afghanske jenter som ikkje får gå på skule, for dei som ikkje får bruke utdanninga si.

– Eg er den første kvinnelege i heile Afghanistans historie som tør, som går fram.

 Bjørn Roger Brevik / TV 2

DRAUMEN VAR Å BLI LEGE: Ho følgde draumen, men blei ikkje lege. I staden studerte ho sjukepleie og satsa på idretten i kvardagen Foto: Bjørn Roger Brevik / TV 2

 Bjørn Roger Brevik / TV 2

FRÅ NULL TIL TOPP: Eg tok risiko mange gongar, sjølv om eg var veldig ung. Det fria meg frå den mørke kvardagen. Viss eg gjorde det, kan alle andre også. Dei må ikkje miste håpet. Foto: Bjørn Roger Brevik / TV 2

 Privat

HENNAR VAL: Kamaledin Jaladin er mannen Roya sjølv valde å dele kvardagen med i det nye kapittelet i Norge. Han er alltid klar til å heie fram hennar suksessar. Foto: Privat

Ho får meldingar frå afghanske kvinner.

– Eg snakkar med mange kvinner og journalistar, dei som no sit heime i Afghanistan, sender meg meldingar og seier: «Held fram. Du er stemmen vår.»

Meldingane frå andre kvinner gir ikkje berre støtte, men også eit ansvar for å halde fram kampen.

– Eg skal få nasjonalsongen spelt igjen

Ho nådde heilt til topps med midlar frå eiga lomme. Ho understrekar at ho treng støtte for å kunne satse vidare på idretten.

– Eg vil løfte pokalen – men enno viktigare: stemma til afghanske kvinner.

 Privat
NEKTAR Å BØYE SEG: Roya Karimi, meiner at dei som sender henne trugsmål eller nedlatande kommentarar, ikkje ser på henne som ein kvinnelege utøvar, men som eit seksuelt objekt: – Dei ser på kvinner som ei skam. Når eg står på scena, viser eg styrke. Ikke for å bli sett, men for å seie: Vi finst. Vi har verdi. Vi kjempar. Foto: Privat

Draumen er klar. Roya skal stå på scena i VM og høyre den norske nasjonalsongen igjen.

– Eg føler ei lojalitet til dette landet. Norge gav meg ein ny sjanse. Eit heim.

Men ho ber framleis krigen i seg. 

– Sjølv om eg er i Norge, er det ikkje alltid fred inni meg. Men eg kjempar. Kvar dag. For alle jentene som ikkje får rope høgt.

Read Entire Article