– Legen sat på huk og såg inn i underlivet mitt.
Det seier kvinna som var i 20-åra då valdtekta skal ha skjedd. Ho fekk legebesøk av Arne Bye på ein omsorgsbustad i Trøndelag og blei plassert i ei seng for ei gynekologisk undersøking.
– Etter at han var ferdig med undersøkinga tok han to eller tre fingre inn i skjeden, legg kvinna til.
Bye er tiltalt for valdtekt og misbruk av stilling for å ha tatt på kjønnsorganet hennar på ein masturbasjonsliknande måte under gynekologisk undersøking.
– Han verka interessert i å finne ut om det var noko anna feil. Det var ekkelt, seier kvinna om underlivsundersøkingane legen er tiltalt for.
Men Bye erkjenner ikkje å ha gjort noko gale overfor ho eller dei ti andre kvinnene som har forklart seg i retten før ho.
Saka mot den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta kommune går for retten frå 5. november til 18. februar.
Måtte sitte på fanget til legen
Kvinna fortel også om andre episodar på legekontoret til Bye.
– Det var mange andre kleine episodar. Eg måtte sitte på fanget hans.
Ho fortel at legen skal ha bedd ho om å sitte seg på fanget hans med ansiktet mot legen for at ho skulle tøye ryggen.
– Eg orka ikkje sjå han i auga. Det var så kleint.
Dette seier kvinna at ho måtte gjere tre gongar.
– Det er unormalt å be ungdommar om å sitte seg i fanget sitt, legg ho til.
Ho fortel også om langvarige og vonde gynekologiske undersøkingar der tiltalte masserte underlivet og leita etter feil.
I forklaringa si kjem kvinna med opplysingar som ho ikkje skal ha gjeve under politiavhøyra sine. Dette får ho spørsmål om frå både aktor og Bye sin forsvarar.
– Og det kan virke veldig forvirrande, men det er fordi at eg har utelate ting. Fordi at eg ikkje har innsett sjølv kor ille det er, svarar kvinna.
Bye kjenner seg ikkje igjen
Bye seier at det kvinna har fortalt ikkje stemmer.
– Det me har høyrt kjenner eg meg ikkje igjen i, seier han.
Bye viser til kvinna sin journalen når han forklarar seg og seier at dersom det ikkje står i journalen, så har det truleg ikkje skjedd.
– Det er riktig at det blei gjort på senga til pasienten, bekreftar tiltalte.
Men han nektar for å ha tatt fingrane inn i skjeden til kvinna etter behandlinga han var der for å gjennomføre.
– At eg skal ha kjent utan hanskar i underlivet og massert, det er heilt usannsynleg.
Bye nektar ikkje for at kvinna skal ha sete på fanget hans under ei undersøking, men han er ikkje einig med korleis det blei framstilt.
– Det er ikkje tilfelle, men eg skjøner kva pasienten siktar til.
For Bye seier at kvinna sat på tuppen av fanget hans for at han skulle demonstrere korleis ho kunne tøye ryggen.
Erkjenner tre valdtekter
Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta kommune er tiltalt for å ha valdtatt 87 kvinner under gynekologisk undersøking. Han er også tiltalt for 94 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si som lege for å skaffe seg seksuell omgang.
Tiltalte erkjenner tre av 87 valdtekter. Han erkjenner også 35 tilfelle av å ha misbrukt si stilling som lege for å ha skaffa seg seksuell omgang.
Men han erkjenner ikkje å ha gjort noko gale mot nokon av dei tre som varsla mot han i 2006.
Saka mot den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta kommune går for retten frå 5. november til 18. februar.
Hei!
Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?
Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!
All informasjon blir behandla konfidensielt.
Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit
Journalistar i NRK Trøndelag
Publisert 15.11.2024, kl. 13.16 Oppdatert 15.11.2024, kl. 13.27