Får kritikk for helikopterturar til Trolltunga

1 month ago 23



Ullensvang kommune får no skarp kritikk for at dei har godkjend mange helikopterturar til Trolltunga dei siste åra. Det går fram av eit brev frå Statsforvaltaren.

Det var lokalavisa Hardanger Folkeblad som først skreiv om kritikken.

Sidan 2020 har ordføraren i Ullensvang vigsla par på spissen av den verdskjende turistattraksjonen. Kvart år har dei hatt ny rekord.

I 2023 var det 13 par, i år var det 20. Para som giftar seg må gå på eigne bein til topps, men ordføraren blir frakta med helikopter denne eine dagen.

I juni spela artisten Kygo inn musikkvideo der med stort mannskap og mykje utstyr.

Han fekk løyve til 20 flygingar.

– Ikkje nødvendig behov

Statsforvaltaren i Vestland reagerer på all helikoptertrafikken i området. Både når det gjeld giftarmål på toppen og Kygo sin videoproduksjon.

– Produksjon av musikkvideo må reknast for å vera ein generell næringsinteresse som ikkje i seg sjølv har eit nytteføremål eller noko som artisten har eit naudsynt behov for å gjennomføre ved Trolltunga. Kravet til særlege grunnar er difor i utgangspunktet ikkje oppfylt i denne saka, skriv Statsforvaltaren i eit brev til Ullensvang kommune.

Korkje vigsling eller konsertinnspeling er viktig nok til at kommunen skulle gitt løyve til å lande med helikopter på Trolltunga, meiner Statsforvaltaren.

Dei ser alvorleg på korleis Ullensvang kommune praktiserer regelverket om motorferdsle i utmark.

Jaktfalk og kongeørn

I området ved Trolltunga er det ein tidlegare kjent hekkelokalitet for jaktfalk, og det er observert kongeørn i området.

Statsforvaltaren har ifølge Hardanger Folkeblad bedt om møte med kommunen.

– Møtet skal vi få til raskt for dette ser vi alvorleg på, seier miljødirektør Kjell Kvingedal hjå Statsforvaltaren i Vestland til NRK.

Han vil ikkje gå nærare inn i saka før han har hatt møtet med leiinga i Ullensvang kommune.

Ordførar Roald Aga Haug i Ullensvang kommune.

Kygo er ei internasjonal stjerne vi meiner det er verdt å gjera unntak for, seier ordførar Roald Aga Haug i Ullensvang.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Stor noregsreklame

Ordføraren Roald Aga Haug (Ap) i Ullensvang tilbakeviser kritikken frå Statsforvaltaren i Vestland.

– Vi står inn for dette. Både musikkvideoen til Kygo og den årlege gifteseremonien er stor reklame for heile Noreg og for norsk natur. Kygo er ei internasjonal stjerne som når vanvitig langt. Og også bilda av para som gifter seg der ein dag i året går verda rundt, seier Aga Haug til NRK.

Ullensvang kommune, og tidlegare Odda, har sagt nei til dei fleste ynskje om å lande på Trolltunga. Desse to hendingane var unntaket, seier Aga Haug og understrekar at han ser fram til ein dialog med Statsforvaltaren i Vestland.

– Der trur eg vi blir samde om ei felles forståing. Det kjem ikkje fleire saker der stjerner som Kygo er involvert i overskodeleg framtid. Det var unikt, seier ordføraren.

Artisten Kygo

2,3 millionar har til nå sett musikkvideoen Kygo spelte inn på Trolltunga.

Foto: Annika Byrde / NTB

Musikkvideo på tuppen

Kygo sin konsertvideo, der han mellom anna spelar på eit flygel på Trolltunga, har i skrivande stund 2,3 millionar visningar på YouTube.

Store deler av videoen er filma med drone, og ein kan også sjå helikopter som flyg over Trolltunga.

Gjennom den ein time lange videoen gjestar blant andre artistar som Sigrid, Zak Abel, Hayla, Matt Hansen, Plested, Sandro Cavazza og Fred Well.

Publisert 19.08.2024, kl. 22.20

Read Entire Article