Får ikkje selt det gamle sjukehuset: – Kostar 35 millionar å rive det

3 days ago 2



Det gamle sjukehuset i Hammerfest blei stengd 4. januar i fjor.

Prosessen med å selje tomta og det gamle sjukehuset starta i juni 2024. Det blei da lagt ut for sal med eit prisspenn på 52–120 millionar.

I oktober same år blei prospekter trekt tilbake på grunn av manglande interesse i marknaden. Det blei lagt ut på nytt med ein kraftig prisreduksjon på inntil 70 prosent. Det nye prisforslaget blei da sett til 18,8–35,2 millionar.

Prisen i januar var sett ned ytterlegare av Finnmarkssykehuset.

– Per nå er restverdien 10 millionar for heile eigedommen, seier Rune Mauno, som er økonomisjef i Finnmarkssykehuset.

Prislappen for å drifte det gamle sjukehuset kostar mange hundre tusen kroner i månaden i påvente av sal av bygningsmassane.

Mauno opplyser at det kostar mellom 350.000-400.000 kroner i månaden.

– Det vil vere aktuelt å vurdere prisen, så framt vi er trygge på at den andre parten vil utvikle eigedommen i tråd med ønska i Hammerfest-samfunnet.

Hammerfest sykehus

Sjukehustomta ligg på søraustsida av Fuglenesdalen i Hammerfest kommune. Det ifølge Finnmarkssykehuset er det blant dei største eigedommane som nokon gong er lagde ut for sal i Hammerfest.

Foto: NTB scanpix/Finnmark Dagblad

– Hadde det vore Majorstua

Det er Norion Næringsmegling som står for salet av det gamle sjukehuset. Mano fortel at dei stadig er i kontakt med interessentar, men meklar har foreløpig ikkje tatt imot nokon bod.

I juni 2024 ønskte lokalpolitikarane i Hammerfest å kjøpe sjukehuset.

Eigedomsutviklar Tore Wæraas er opphavleg frå Hammerfest, men bur i dag i Alta. Han forklarer at prislappen på å rive det gamle sjukehuset vil ligge på rundt 35 millionar. Det bidrar til at ein kjøpesum på 10 millionar ikkje lèt seg forsvare.

Wæraas meiner at Finnmarkssykehuset burde betale nokon 10–15 millionar for overta sjukehuseigedommen.

– Det er mykje usikkerheit med mellom anna asbest i bygget, seier Wæraas.

Han legg til at marknaden i Hammerfest ikkje er villig til å betale det ein måtte selje ei leilegheit for i byen, om ein kjøper eigedommen i dag.

– Hadde det vore på Majorstua, så kunne det late seg forsvare å kjøpe eigedommen.

Tore Wæraas, eiendomsutvikler i Alta.

Eigedomsutviklar Tore Wæraas har ikkje tru på at nokon vil investere i Hammerfest sjukehusområde per dags dato. Prisen for å rive dagens bygningsmasse kan koste opp mot 35 millionar.

Foto: Matheo Dolva / NRK

Attraktiv tomt

Eigedomsmeklar Inge Boch hos Privatmeklaren Hammerfest er einig med Wæraas. Han meiner at om Finnmarkssykehuset sjølv hadde tatt rekninga med å rive bygningsmassen, så hadde eigedommen vore seld for lenge sidan.

– Det er eit av dei mest attraktive områda i Hammerfest, seier Boch, som meiner kjøper av gamle Hammerfest sjukehus må ha ei god økonomisk ryggrad.

– Ein skal også utvikle tomta.

I dag er kvadratmeterprisen på 50.000 kroner i byen. Salet av nye prosjekt som Stjerneveien 37 har ein prislapp på 5.590.000 kroner.

– Det er ein bra marknad for brukte bustader, men nye bustader tar det litt lengre tid å få selt, seier eigedomsmeklaren om marknaden i Hammerfest.

– Positiv samfunnsutvikling

Økonomisjefen i Finnmarkssykehuset opplyser at formålet med å selje eigedommen heile tida har vore å få han avhenda raskt. Mellom anna av omsyn til lokalsamfunnet, som treng attraktive tomter for bustadbygging.

– Det viktigaste for oss er at den gamle sjukehustomta skal vere eit viktig bidrag til ei positiv samfunnsutvikling, seier Mauno.

Det nye Hammerfest sykehus.

Finnmarkssykehuset flytta inn i det nye sjukehuset i Hammerfest i januar for eitt år sidan.

Foto: Allan Klo

Publisert 20.01.2026, kl. 15.40 Oppdatert 20.01.2026, kl. 15.41

Read Entire Article