Fann kjærleiken gjennom gaming: – Det var elektrisk

1 week ago 5



Stacey og Joel Bray held rundt kvarandre.

VIRTUELLE KJÆRASTAR: Anastasia Miliutina og Joel Bray møttest gjennom gaming.

Foto: Privat

Stadig fleire finn partnaren sin gjennom ei virtuell verkelegheit. Joel og Anastasia var kjærastar i fleire år før dei møtte kvarandre fysisk.

– Vi chatta med kvarandre i tre månadar utan å vite korleis den andre eigentleg såg ut. Til slutt bad eg om ein skype-samtale slik at eg kunne forsikre meg om at ho ikkje var ein 50 år gammal fyr, hahahah.

Det fortel amerikanske Joel Bray til NRK.

I 2014, gjennom World of Warcraft, hadde han kome i kontakt med ei som kalla seg for Anastasia Miliutina. Ho var tilsynelatande frå Ukraina.

Dette var rett etter at Russland hadde invadert Krim-halvøya, og Joel var nysgjerrig på den geopolitiske situasjonen og korleis livet for aust-europearane var.

– Anastasia var utruleg velformulert og engelsken hennar var ekstremt god. Da vi utveksla bilde av kvarandre såg eg også kor vakker ho var. Gorgeous, som han seier på morsmålet sitt.

– Så eg tenkte: «Ho er vakker. Ho er smart. Ho er god til å skrive. «What´s the catch, you know?». Dette er jo internett».

Joel Bray sit på ein restaurant ute

FRÅ AMERIKA TIL EUROPA: Kjærleiken bringa til slutt Joel Bray til Ukraina. Her i byen Dnipro.

Foto: Privat

Digital dominans

Det siste tiåret har det skjedd ei stor teknologisk og kulturell forandring i samfunnet vi lever i. Som påverkar oss, og våre relasjonar.

Nemleg kor vi finn partnaren vår.

Før fann vi kjærleiken via jobb, skule, venar og puben. Eller kanskje levde du på den tida da du kunne søke etter draumepartnaren din via ein kontaktannonse i avisa, slik som denne her?

Faksimile av ein kontaktannonse i Dagbladet 12/11-1986.

KONTAKTANNONSE: Slik kan det også gjerast.

Foto: Faksimile: Dagbladet

Å møte folk i vanlege sosiale samanhengar skjer til dels framleis. Men oftare og oftare startar ein flørt via ein skjerm.

For ifølgje den svenske dokumentaren «Amors algoritmar» frå 2024 startar nå 4 av 10 romantiske forhold via datingappar, mens 1 av 10 startar ved eit ekte møte.

Mens det før var tabu å møte partnaren sin på match.com eller Tinder, så er det nå norma.

Også stadig fleire møter kvarandre gjennom gaming og ei felles virtuell verkelegheit.

Men er det like akseptert?

Stigma

– Det er definitivt framleis eit stigma rundt det, fortel Anastasia.

– Det var mange som stilte spørsmål med bekymra mine, legg ho til.

For heldigvis for Joel var det ikkje ein 50 år gammal mann som openberra seg på Skype den kvelden han ringde.

Det var Anastasia, like gorgeous som på bildet han hadde fått tilsendt nokre veker i forkant.

Men det skulle ta lang tid før han fekk ho på kroken.

For også Anastasia hadde fordommar mot dei som data online. Ho var skeptisk.

– Eg var ikkje interessert i eit romantisk forhold i det heile tatt. Eg klarte ikkje å sjå for meg korleis det ville fungere. Eg ville berre game, forklarer Anastasia.

Stacey står ved sidan av ein kvit hest

SKEPTISK: For Stacey var det ikkje aktuelt å ha eit online-forhold. Livet var travelt med studiar, jobb og venar, og ho såg ikkje for seg korleis det skulle la seg kombinere med Joel.

Foto: Privat

Superkleint møte

Det hjelpte heller ikkje at den nemnde skype-samtala ikkje gjekk heilt på skjener.

– Det var superkleint. Førestill deg to internettnerds som møtast på Skype for fyrste gong, seier Anastasia, merkbart flau.

Joel, som hadde vore interessert i Anastasia frå fyrste chattemelding, måtte derfor smørje seg med tolmod.

Men etter tre år med dagleg gaming, chatting og videosamtaler tok dei venskapet til neste nivå og vart kjærastar.

– Sjølv om vi ikkje kunne besøke kvarandre, klemme eller sjå kvarandre fysisk, var det som å vere kjærast med nokon i den fysiske verda, fortel Joel.

– Vi kjente kvarandre så fullstendig godt på alle andre måtar enn det fysiske aspektet, og vel, eg meiner, det er mykje du kan gjere med videosamtalar, hintar han vidare.

– La oss ikkje gå inn på det her. Du kan sjå alt i serien, parerer Anastasia, kjapt.

Feire nerdekultur

Serien ho refererer til er «Dates in real life».

Den handlar om Ida og Marvin som har vore saman i tre år, men som aldri har møttest fysisk. Når Marvin gjer det slutt, går Ida i gang med ein slags datingtokt IRL.

Dates in real life Stemningsbilde sesong NRK TV

PÅ TOKT: Karakteren Ida i «Dates in Real life», spelt av Gina Bernhoft Gørvell

Karakteren Marvin i serien dates in real life

JUBILEUM: Karakteren Marvin feirar tre-års jubileet med kjærasten Ida i «Dates in real life».

Avatarane til Marvin og Ida i «dates in real life»

AVATARAR: Avatarane til Marvin og Ida møtest i den virtuelle verkelegheita, og gjer ting som vanlege kjærastar gjer.

Dates in real life S01E01

VIRTUELL REALITY: Karakteren Ida i tårer etter at kjærasten Marvin gjer det slutt.

Dates in real life - stemningsbilde - NRK TV

DATE: Ida får oppfylt sin våte draum når ho sjekkar opp ein av sine favorittartistar.

Karakteren Ida med VR-briller

PARALLELLE VERD: Serien «Dates in real life» vil vise at menneskelege kjensler og relasjonar overlappar kvarandre i den fysiske og virtuelle verda.

Serien er skrive og regissert av Jakob Rørvik. I utviklinga av prosjektet intervjua han fleire som lever livet sitt online.

Blant dei var Joel og Anastasia, som kunne skrive under på at eit online forhold kan vere nært og ekte.

– Ideen til «Dates in real life» kom frå ei nysgjerrigheit rundt unge vaksne, som gjennom internettkulturen har mykje kunnskap om verda, men som ikkje har så mykje praktisk erfaring om den fysiske verkelegheita, seier serieskaparen.

Og eg hadde lyst til å feire nerdekultur. Nerd er for meg et heidersomgrep.

I tillegg ville Rørvik inkludere den moderne datingkulturen, og måten vi iscenesett oss sjølv på nettet.

– I den tida vi lever i nå er det alltid ein overlapp mellom den digitale og den fysiske verkelegheita. Det flyt inn i kvarandre, legg Rørvik til.

Jakob Rørvik behind the scenes på dates in real life

Innspeling: Jakob Rørvik under innspelinga av «Dates in real life».

serieskapar Jakob Rørvik gir regi til skodespelar Mathias Luppichini

REGI: Skodespelar Mathias Luppichini får regi under innspelinga av «Dates in real life».

Serieskapar Jakob Rørvik saman med skodespelar Gina Bernhoft Gørvell.

SUKSESS: «Dates in real life» vann både hovedjuryens og ungdomsjuryens pris for beste serie ved Valencia International Film Festival. Her er Jakob Rørvik saman med hovudrolleinnehaver Gina Bernhoft Gørvell.

Fridom til å vere den ein ønsker

«Dates in real life» har fått mykje oppmerksemd for måten den har portrettert dagens moderne datingliv, og den har blant anna mottatt fleire prestisjeprisar, inkludert prisen for beste serie på Series Mania, International Panorama – Europas største TV-festival.

I serien følgjer vi Ida som helst vil leve i den virtuelle verda. Her har ho skapt ein avatar som kan leve ut det ho ikkje så lett får til i den fysiske verda.

Med VR-briller går ho på fest med sine online-venar, ho har middag med kjærasten sin, reiser på ferietur og gjer ting som folk vanlegvis gjer i den fysiske verda.

– Fordelen med onlinedating er at ein kan vere ein versjon av seg sjølv som ein er tryggare i, fann Rørvik ut i arbeidet med serien.

– For når du lagar din eigen avatar, så blir det som å ta på seg ei maske som skapar større fridom til å vere den ein djupast sett ønsker å vere, understrekar han.

Ida og Marvin i serien «Dates in real life» har vore saman i tre å, men aldri møttest fysisk.

Vil det seie at virtuelle forhold kan bli framtida?

Kjøpe ein partnar i butikken

Kanskje, om ein skal tru PhD-kandidat Marius Stavang, som forskar på dating ved NTNU. Han trur det digitale til slutt vil vinne over det ikkje-digitale.

– Når det kjem robotar som realistisk sett ser ut som menneske og oppfører seg som menneske, så vil vi omsider ikkje kunne måle oss på tradisjonelle attraksjonsparametrar, seier han.

For robotar kan potensielt bli fysisk vakrare enn oss, betre samtalepartnarar, betre lyttarar, betre i senga og dei vil heller ikkje ha irriterande faktar som snorking og smatting.

– Alle vil til slutt få vere saman med sin «perfekte partnar». Endeleg har den rette ankome butikken. Og ein skal heller ikkje sjå bort ifrå at nokon vil «lage» virtuelle born.

– Ein utopi for nokon, ein dystopi for andre, legg datingforskaren til.

Marius Stavang

AVSTANDSFORHOLD: Virtuelle forhold kan minne om avstandsforhold, i den grad dei er midlertidige, meiner Marius Stavang.

Foto: Caroline Boman Grundekjøn

«Phantom touch»

Serieskapar Jakob Rørvik har dei siste åra sett at teknologien på VR blir meir og meir brukarvenleg, og han trur det igjen vil føre til at fleire kjem til å ha virtuelle forhold i framtida.

I tillegg oppdaga han noko spennande i arbeidet med serien. Det er at mange av dei som brukar mykje tid i VR, utviklar ei kjensle av at dei tar på ein annan kropp eller eit objekt.

– Viss du stryk på håret til kjærasten din i VR, så kjennest det ut som at du gjer det på ekte, forklarar han.

I miljøet blir det kalla «phantom touch».

– Det understrekar korleis den fysiske og virtuelle verkelegheita glir inn i kvarandre, seier Rørvik.

Avatarane til karakterane til Ida og Marvin i serien «Dates in real life»

FANTOMBERØRING: Avatarane til karakterane Ida og Marvin held hender i serien «Dates in real life».

Serieskapar Rørvik trur derimot ikkje at dei fysiske møta vil miste sin verdi.

– Eg meiner menneske er meir kompliserte enn at vi vel det eine eller det andre. Den virtuelle og den fysiske verda komplimenterer kvarandre og snakkar saman.

– Det er det eg også vil vise i serien. Ida skal ikkje ta eit val om å velje det eine eller andre. Ho kan velje begge delar.

Slik var det også for Joel og Anastasia.

– Forhåpentlegvis mi framtidige kone

For i 2018 tar Joel til slutt eit val som tar livet hans i ei ny retning.

Han bestemmer seg nemleg for å gi slipp på det han har i USA for å møte Anastasia.

– Rett i forkant tenkte eg «Okay, here we go. Den som står i framkomsthallen og ventar på meg er forhåpentlegvis mi framtidige kone. La oss krysse fingra for det.»

For nå stod han plutseleg der, på flyplassen i Kyiv, klar for å gå laus på det nye livet med ein sambuar han berre hadde sett gjennom ein skjerm.

– Det å møtast «in person» var heilt elektrisk. Den intellektuelle og emosjonelle forbindelsen som var der frå før, gjorde den fysiske forbindelsen berre enda sterkare, fortel Joel.

– Ingenting forandra seg.

Joel Bray og Anastasia Miliutina på ferie

OMFAMNING: Joel Bray og Anastasia Miliutina på bryllaupsreise utanfor byen Dnipro i Ukraine.

Krig og kjærleik

Overgangen frå å ha eit digitalt forhold til eit fysisk forhold gjekk smidig fordi dei allereie var så kompatible, fortel dei.

– I tillegg fekk vi oppleve augeblikk som det å halde hender for fyrste gong, vårt fyrste kyss osv. Vi levde som normalt, understrekar Joel.

Men idyllen vart brått avbrote da Russland invaderte Ukraina i februar 2022. Dei måtte flykte og enda opp i Tyskland.

Det er eit nytt språk for dei begge. Nå håpar dei at det vil opne seg andre moglegheiter for dei. Ein stad kor dei kan slå rot.

Anastasia Miliutina under demonstrasjon i støtte for Ukraina

Stacey Bray i Jyväskylä, Finland, under ein demonstrasjon i støtte for Ukraina 26 februar 2022, berre nokre dagar etter at krigen i Ukraina braut ut.

Foto: Privat

– Det har vore veldig mykje stress, kjensler og angst dei siste åra. Vi har vore gjennom mykje. Livet vart ikkje slik vi hadde sett for oss, fortel Anastasia.

– Men du klarer å overvinne desse problema, når du er saman med den rette personen, avsluttar ho.

For Joel fekk rett i det han tenkte da han ankom Ukraina den gongen.

Anastasia sa ja til å bli kona hans.

Joel Bray og Stacey held hender rett etter at dei har formalisert giftemålet.

Joel og Stacey held hender rett etter at giftemålet vart formalisert.

Joel og Stacey Bray på restaurant etter at dei har gifta seg

Joel og Stacey valde å ha ein roleg bryllupsdag med dei to på restaurant og kino etterpå.

Publisert 26.09.2024, kl. 19.55

Read Entire Article