Familien skulle flytte frå Danmark til Bergen før jul – så slo konkursen inn

6 hours ago 2



– Det skjedde veldig plutseleg, og det er mykje som er uvisst, seier Christian Melgaard Jørgensen.

Dansken og hans norske sambuar Vilde Katinka Davidsen Lie har sagt opp leilegheita og jobbane i København.

Planen var å flytte inn i ein splitter ny leilegheit i Bergen 10. desember, og starte i nye jobbar i Bergen 1. januar.

Men no er det usikkert når dei og vesle Luca (1,5) kan flytte inn.

Leilegheita deira på Siljustøl er del av eit av tre byggeprosjekt som no treng nye entreprenørar etter at JH Nævdal Bygg AS nyleg gjekk konkurs.

– Vi hadde tre månadar oppseiing på bustaden i København, og vil stå bustadlause her frå den 15. desember, seier Jørgensen.

Tre soverom, stove og eit bad skulle stått innflyttingsklart 10. desember.

Siljustøl byggeprosjekt

Byggeprosjektet på Siljustøl skulle vore innflyttingsklart før jul. Men no er datoen usikker etter at entreprenøren nyleg gjekk konkurs.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ramma av konkursbølge

Familien er blant dei mange privatkundane som blir ramma av ein ny bølge: Stadig større byggefirma går konkurs.

Byggebransjen har slite lenge grunna færre oppdrag og aukande kostnadar på arbeidskraft og byggevarer.

Nå må småbarnsfamilien bu i København til over nyttår.

– Vi veit ikkje om leilegheita er klar til 1. januar, seier Jørgensen.

Familien veit ikkje når dei kan flytte inn leilegheita på Siljustøl i Bergen.

Allereie neste veke skulle leilegheita vere såpass klar at familien kunne komma og sett på den.

Foto: VILDE LIE

Vil ikkje kommentere forseinkingar

– Når litt større aktørar veltar, får det fort ringverknadar, sa bustyrar Egil Horstad til NRK tidlegare i november.

Han peika på at store konkursar gjerne får ein korthuseffekt. Og no har det skjedd:

Dei siste dagane har både murmeister Tormod Grahl-Madsen og Bergen Malerservice slått seg konkurs etter at Nævdal la ned drifta. Begge jobba på Siljustøl-prosjektet, ifølgje BT.

Samstundes er det fleire aktørar som har vist interesse for å overta både prosjekt og tidlegare tilsette.

Siljustøl-prosjekt på vent

Bustadprosjektet på Siljustøl i Bergen. Blokka lengst vekk er blant dei to som skal vere ferdig før jul. Den i midten er ferdig og innflytta i, den nærast skal stå klar på nyåret ein gong.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Fredag stadfestar bustyrar til NRK at selskapet Webu har overtatt Siljustøl-prosjektet. Horstad seier det er Webu som må svare på om det blir for­seinkingar, eventuelt kor lenge det blir.

– Kva tenker du om familiar som ikkje får flytte inn før jul?

– Det er forferdeleg trasig for dei sjølvsagt, men situasjonen er som den er. Eg har ingen grunn til å tru at det ikkje blir jobba på spreng for å levere så fort som dei klarar, i situasjonen som har oppstått, seier Horstad.

Siljustøl byggeprosjekt

Dette bygget på Siljustøl er minst ferdig, og skal i utgangspunktet stå klart etter jul ein gong. Ifølge Horstad skal det ikkje stå att så mykje tømrararbeid, men det er framleis litt arbeid igjen med elektro og rør.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Webu ønsker ikkje å kommentere saka eller seie noko om kor forseinka prosjektet kan bli.

Bekymra for kundane

Anders Leisner, advokat i Huseiernes Landsforbund, fortel at dei får telefonar frå medlemar i same situasjon som Vilde og Christian.

– Det merkar vi, utan at vi kan talfeste det. Etter kvart som fleire går over ende, vil det jo merkast hos våre medlemar også.

Anders Leisner, advokat i Huseierne

Advokat Anders Leisner er bekymra for kundane.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Han er bekymra for private kundar som blir ramma av konkursar i byggebransjen.

– Dette er jo svært vanskeleg. At dei kjem frå Danmark gjer det ekstra vanskeleg. Det er ikkje så lett å vere forbrukar i overgangsfasen etter ein konkurs. Du kan verken krevje erstatning eller sluttføring, seier han.

– Ein må berre halde hovudet kaldt?

– Ja, vente og sjå kva som skjer. Som forbrukar har ein bankgarantiane som vil sikre ein mot tap, elles er det lite ein kan gjere.

Krev at regjeringa hjelper næringa

På Stortinget og i NHO er det fleire som tar til orde for betre støtteordningar for både huskjøparar og byggenæringa.

Raudt-nestleiar Sofie Marhaug frå Bergen meiner regjeringa burde gjort meir for å motverke konkursar i byggebransjen. Ho peikar på to løysingar for å sikre at arbeidarar får stå i jobbane sine:

  • Forlenge permitteringsperioden for å halde på fagarbeidarar.
  • Auke støtta til energieffektivisering. Det kan vere etterisolering, skifte ut vindauge eller fasade på bygg som allereie finst.

– Det manglar ikkje på folk, men på oppdrag, seier Marhaug.

Sofie Marhaug

Sofie Marhaug i Raudt meiner regjeringa burde gjort meir for å motverke konkursar i byggebransjen.

Foto: William Jobling / NRK

Publisert 21.11.2024, kl. 05.41

Read Entire Article