Færre svenskar under 50 får hudkreft

1 month ago 13



Sidan 60-talet har talet på hudkreft auka i Sverige. No ser det ut til å gå i ei anna retning.

– Vi blei ganske overraska, det har vore ei så jamn auke, seier forskaren Hildur Helgadottir til SVT.

Ein ny studie frå Karolinska Institutet har sett på tala frå det svenske kreftregisteret.

Dei viser at etter 2015 går talet nedover for vaksne som er under 50 år gamle. Dette er første gongen i Sverige.

Studien blir publisert i tidsskriftet JAMA Dermatology.

Solkrem

Foto: Berit Roald / NTB

Peiker på fleire årsaker

Sjølv om studien ikkje viser kvifor talet har gått nedover, har dei nokre teoriar på kvifor det er slik.

Helgadottir seier at deira hovudteori at informasjonskampanjen som blei rulla ut på 90-talet har funka.

Då blei ein meir opptatt av at ein skulle beskytte seg i sola, spesielt borna.

– Før var det vanleg at born brann seg. Ein såg ofte born som fekk blemmer. Ein tenkte nesten det var «styrkande», seier forskaren.

Ein anna årsaker er at bruken av solarium har minka.

Dei peiker også på at yngre sin mobilbruk gjer at ein sitt meir inne, og at talet på svenske innbyggarar med mørkare hudfarge har auka.

Tredje største kreftforma i Noreg

I 2023 blei det registrert 3059 nye tilfelle av hudkreft i Noreg. Det er den tredje største kreftforma i Noreg, ifølgje Kreftregisteret.

Dei aller fleste som får denne sjukdommen blir diagnostisert etter at dei har passert 60 år, ifølgje FHI.

Talet på hudkrefttilfelle i Noreg har dobla seg dei siste 10 åra. Det er fordi vi blir fleire og fleire eldre.

Publisert 09.09.2024, kl. 07.56 Oppdatert 09.09.2024, kl. 08.29

Read Entire Article