Europeisk drone­forsvar: – Det er store manglar

5 days ago 17



Den siste tida har Europa vore vitne til bruk av dronar som krenker europeisk luftrom.

Måndag kveld blei det observert det som skal ha vore dronar over Kastrup lufthamn i København.

På ei pressekonferanse omtala politidirektør Anne Tønnes i Københavns Politi hendinga som eit «droneangrep».

Tønnes opplyste at det er ein kritisk situasjon som Politiets Efterretningstjeneste (PET) ser alvorleg på.

Kven som står bak «droneangrepet» er framleis uvisst.

En stor drone som flyr i luften.

Ei belgisk drone under ei framvising 23. september.

Foto: NICOLAS TUCAT / AFP / NTB

Nyleg kom 19 russiske dronar i polsk luftrom i samband med eit angrep i Ukraina.

Nato ser alvorleg på utviklinga av krenking av europeisk luftrom.

Kor godt beskytta er Europa mot droneangrep?

Eit luftvern med manglar

– Det er store manglar. Det fordi Europa har lite luftvern og dei er primært fokusert på å beskytte militære anlegg.

Det seier statsvitar Karsten Friis ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) til NRK.

Ifølgje Friis er Ukraina det best rusta europeiske landet mot droneangrep.

For resten av Nato-landa er utfordringane med luftvern nokså like.

Karsten Friis

Statsvitar Karsten Friis er forskar 1 ved Forskningsgruppa for sikkerheit og forsvar ved NUPI.

Foto: Dan Henrik Klausen

Friis forklarar at forsvaret mot droneteknologi varierer ut ifrå kva dronar som blir brukt.

– Det er forskjell på om vi snakkar om store eller små dronar, kor høgt dei flyr og kor raske dei er, seier han til NRK.

– Svermar av små dronar er nok det mest krevjande å stanse, legg han til.

Teknologi mot droneangrep

Sjølv om luftvernet i Europa har manglar, finst det teknologi som kan oppdage og beskytte mot droneangrep:

  • Ulike sensorar for å oppdage dronar
  • Bakkebasert luftvern med hurtigskytande kanonar eller missil
  • Bakkebasert luftvern med elektromagnetiske puls våpen (EMP)
  • Fly eller helikopter som kan bruke maskinkanonar eller korthaldsmissil mot dronar
  • Avskjeringsdronar med våpen for å skyte ned andre dronar

Forsvarsanalytikar Per Erik Solli ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) skildrar droneforsvaret i Noreg og Skandinavia som «under utvikling».

en mann i blå skjorte

Per Erik Solli er senior forsvarsanalytikar i Forskingsgruppa for sikkerheit og forsvar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Ifølgje Solli er ikkje Noreg godt nok rusta for framtidige droneangrep, men vi får tilgang på viktig lærdom frå droneforsvaret i Ukraina.

– Vi støtter ukrainarar på fleire måtar både militært og økonomisk. Ein av fleire tenester vi får i gjengjeld er innsikt i deira erfaringar og kompetanse innan droneforsvar.

Noreg har sett i gang ei rekke prosjekt og initiativ som skal utbetre forsvaret. Kunnskapane vi får frå Ukraina kan bidra inn i prosjekta til å utvikle luftforsvaret vårt, ifølgje Solli.

– Vi har god etterretning

Forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) understrekar at Noreg ikkje er i krig, og overvaker luftrommet i Noreg.

– Forsvaret har ei rekke system som kan ta ut dronar. Vi har god etterretning saman med Nato, seier Sandvik under Debatten tysdag kveld.

– Vi har ikkje system for å beskytte ein kvar krok av Noreg mot eit sånt angrep. Men vi er heller ikkje i ein situasjon at Noreg er i trussel for eit droneangrep.

Portrett av en mann utendørs

Forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap)

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) kan ikkje uttale seg om dagens droneforsvar i Noreg.

Det dei kan seie noko om er metodar FFI jobbar med for å kunne uskadeleggjere dronar:

  • Dersom det er mogleg å sjå dronen, kan han bli skoten ned
  • Laser kan bli tatt i bruk for å skade eller øydelegge dronar
  • Avskjeringsdronar kan ta ned andre dronar
  • Jamming

Luftvern i fredstid

Eit luftvern i fredstid ser annleis ut enn luftvernet eit land kan ha i krig.

– Vi må skilje mellom fredstid og krig. I fredstid er det krevjande både å oppdage dronar og gjere noko med dei, seier Friis.

Politibil og politimenn utenfor Kastrup i København

Dansk politi utanfor Kastrup lufthamn etter observasjonar av dronar 22. september.

Foto: AFP

Men kan det å skyte ned dronar i norsk luftrom vere eit alternativ også i fredstid?

– Skyt vi ned dronane over sivile bustadstrøk er det farleg. Det er få radarar og sensorar som kan oppdage små dronar som flyr lågt, forklarar Friis.

– Noreg kan, som Polen, velje å skyte ned dronar. Men då helst i ubygde strøk, legg han til.

Men det er her Friis er opptatt av å skilje mellom krig og fredstid.

en mann som står foran et hus

Eit hus blei treft av ei russisk drone 10. september.

Foto: Jakub Orzechowski / Agencja Wyborcza.pl / Agencja Wyborcza.pl / Reuters / NTB

I Polen var det frykt for at dronane kunne ha våpenlast. Polen grensar til Ukraina, og er tett på krigen.

I Danmark var det lite sannsynleg at dronane hadde våpen. Derfor er ikkje behovet for å få dei vekk like stort.

– I krig kan ein sjølvsagt skyte dei ned tidlegare, men då ligg det til grunn at det er rett type luftvern i forhold til den dronetypen som blir møtt.

Fly utenfor Gardermoen lufthavn

Ifølgje Solli har ikkje Noreg eit godt nok vern mot framtidige droneangrep. Biletet er frå Gardermoen lufthamn 23. september.

Foto: Truls Antonsen / NRK

Solli er tydeleg på at å skyte ned dronar kan få store konsekvensar.

– Det er ikkje uproblematisk å bruke våpen mot dronar i eit område som er tettpakka med fly, drivstofflager, viktig infrastruktur og menneske, seier han til NRK.

– Å bruke våpen mot dronar kan lett også forårsake skade på anna materiell og treffe menneske, legg han til.

Friis understrekar at det krev ulike «lag» av luftvern, noko som ikkje er mogleg overalt.

Publisert 24.09.2025, kl. 22.27

Read Entire Article