No har ho og familien fått internasjonal flyktningstatus av greske styresmakter, og opphald i Hellas.
I dag bur Farida saman med mora Noorya og faren Hafiz i ei leilegheit i Athen.
– Reisa til Hellas var ikkje lett. Det sto mellom liv og død, seier Farida.
– Men vi er veldig takksame for at dei tok imot oss her i Hellas, og at vi endeleg fekk eit positivt svar i prosessen.
Tryggleiken kjem ti og eit halvt år etter dei vart utvist frå Noreg og sendt til Afghanistan.
Då, i februar 2015, var Farida ni år gammal.
– Dei siste ti åra har vore vanskelege. Så det å endeleg få oppleve noko positivt gjer meg veldig glad, seier ho.
Då internasjonale styrker trakk seg ut av Afghanistan i 2021, la familien på flukt igjen. Like etter tok Taliban over makta i landet.
Familien flykta først til Tyrkia, før dei kom til Hellas no i år.
Trekte tilbake opphaldsløyve
Farida kom til Noreg med mora si i juni 2011. Då var ho fem år gammal. Då dei fekk fast opphaldsløyve i Noreg året etter, flytta dei til Dokka i Innlandet.
Litt etter kom far til Farida til Noreg. Han fekk avslag på søknaden om opphaldsløyve.
I 2013 trekte Utlendingsnemnda (UNE) tilbake opphaldsløyva til Farida og mora hennar.
To år etter vart familien kasta ut av landet.
Dette er Farida-saka
Det vekte sterke reaksjonar.
Lokalsamfunnet på Dokka slo ring rundt familien, og starta ei støttegruppe for Farida og familien hennar.
– Det var rettferdssansen som slo veldig inn. At her var det noko feil, og når det skjer med nokon du bryr deg om, så er det mest naturlege ting i verda å prøve å gjere noko med det, seier Kathrine Fossen Rosenberg i støttegruppa.
Farida fekk fjernundervisning frå læraren sin heime på Dokka medan ho og familien var i Afghanistan.
Foto: Privat- Les også om at Farida kvar veke vart ringt opp av sin tidlegare lærar i Noreg og fekk lekser.
To rundar i retten
Utvisingsvedtaket vart prøvd i retten i to omgangar. Første runde var det familien som vann fram heilt opp til høgsterett.
Men så gjorde UNE eit nytt vedtak om utvising.
Det stemna familien staten for, og igjen møttest dei i retten.
Då engasjerte FN sin høgkommissær for flyktningar (UNCHR) seg i saka som såkalla partshjelp.
Årsaka var at FN meinte at Noreg i denne saka braut med flyktningkonvensjonen.
Saka vart endeleg avgjort i Høgsterett i februar 2021.
Dei forkasta familiens anke, og var einige med lagmannsretten som konkluderte med at UNE hadde handla rett då dei tok flyktningstatusen bort frå Farida og familien hennar.
Saka til Farida og familien enda i Høgsterett. Siste runda avviste Høgsterett familien sin anke på dommen frå lagmannsretten. Den slo fast at UNE hadde handla rett då familien var utvist.
Foto: Gorm Kallestad / NTB- Les også saka om at flyktningministeren i Afghanistan bad om at Farida og familien skulle bli returnert tilbake til Noreg.
Støttegruppa: – Flaut
Sjølv om støttegruppa er glade for at familien no kjenner seg trygge, skammar dei seg også over behandlinga familien fekk i Noreg.
– Det er flaut at dei måtte til Hellas for å bli anerkjende som internasjonale flyktningar, seier Rosenberg.
– Hellas, som tek imot så mange flyktningar, som står i førstelinja. Dei behandlar dei etter regelverket vi alle skal følgje, også sit vi her, langt i nord, og tek nesten ikkje imot flyktningar og er så strenge.
I over ti år har familien vore utrygge. I over ti år har lokalbefolkninga på Dokka kjempa for Farida.
Foto: Stine Bækkelien / NRKHo håpar styresmaktene har lært av denne saka.
– Og at dei framover vil halde seg på den riktige sida av streken når det gjeld internasjonale forpliktingar.
Rådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet, Raheela Chaudry, skriv i ein e-post til NRK har departementet har tillit til at saka har blitt behandla rett.
– Departementet har tillit til at utlendingsstyresmaktene og norske domstolar gjer grundige vurderingar innanfor rammene av nasjonal rett og våre internasjonale forpliktingar.
Det var Oppland Arbeiderblad som omtalte saka først.
Einingsleiar Hanne Bjerkan Johnsen i UNE skriv i ein e-post at det viktigaste UNE gjer er å sørge for at avgjersler er etter regelverket og i tråd med flyktningkonvensjonen og internasjonale forpliktingar.
– UNE sitt vedtak om tilbakekalling av flyktningstatus og midlertidig opphaldsløyve, var grunngjeve i at forholda som førte til flyktningstatus ikkje lenger var til stades, skriv ho.
Hanne Bjerkan Johnsen, einingsleiar i Utlendingsnemnda.
Foto: Utlendingsnemnda– Når greske styresmakter vurderer ei sak fleire år etter UNE sitt vedtak, kan situasjonen i Afghanistan og omstenda vere annleis enn då vi behandla saka.
– At greske styremakter no har gitt ei tillating, betyr ikkje at UNE sitt vedtak den gongen var feil.
Ho legg til at det siste vedtaket frå UNE vart kjend gyldig i Høgsterett, og at Menneskerettsdomstolen vurderte saka, men avviste klaga i 2021.
Viktig støtte
Med internasjonal flyktningstatus har familien i første omgang lovleg opphald i Hellas i tre år, før dei får varig opphald.
Det inneber mellom anna at dei har rettar til å bu, til helsehjelp, til å studere og jobbe i Hellas.
Dei kan også reise visumfritt til nesten alle FN-land i inntil 90 dagar, mellom anna Noreg.
Farida kjenner seg meir trygg enn på lenge etter å ha fått internasjonal flyktningstatus.
Foto: Privat– I alle opp og nedturar, så er det godt å endeleg få dette resultatet. Det har vore mykje motbakkar, men vi har klart å stå i det fordi vi har trudd på det, seier Liv Maria Simensveen i støttegruppa for Farida.
– Det å endeleg få denne delsigeren her, det gjer så godt. Det er nok den største sigeren hittil, men vi ser jo at det ein veg å gå framover for å hjelpe til å bygge eit liv for familien.
Farida og familien hadde ikkje vore der dei er i dag, utan støtta dei har fått frå lokalbefolkninga på Dokka, meiner Farida.
Liv Maria Simensveen og Kathrine Fossen Rosenberg tilbake på Dokka etter å ha møtt Farida og familien i Athen.
Foto: Stine Bækkelien / NRKStøttegruppa har hjelpt familien både juridisk, praktisk og menneskeleg. Dei har mellom anna samla inn pengar til både rettssaker og livsopphald.
– Eg er veldig takksam. utan den støtta hadde vi ikkje vore der vi er i dag. Det har hjelpt meg masse. Utan dei hadde eg ikkje gått på heile den ferda her, seier Farida i dag.
Ser framover
Etter 10,5 år fekk ho endeleg møte nokre frå støttegruppa då Rosenberg og Simensveen besøkte familien i Athen nyleg.
– Det var heilt utruleg. Vi måtte klype oss i armen fleire gonger. Det var ei magisk oppleving å møte dei etter så lang tid, seier Rosenberg.
Etter over ti år på flukt, kan familien no sjå framover.
– Det eg ønsker for framtida er å ta ei utdanning, stå på mine egne bein for å skape framtida mi, ta vare på foreldra mine og vere glad, seier Farida.
I over ti år har støttegruppa hatt jamleg kontakt med Farida og familien. Å endeleg få treffe dei var uverkeleg, seier Kathrine Fossen Rosenberg.
Foto: PrivatMen om dei vil tilbake til Noreg, er dei usikker på.
– Sjølvsagt ønsker vi å kome til Noreg, men vi har framleis det traumet og redselen inni oss.
– Vi vann rettssaker, men det vart likevel ikkje akseptert av staten. Vi er redde for at dei ikkje respekterer oss no også.
Ei bølgje av motstand mot innvandring skyl over Europa. Veljarane meiner at asylsøkjarar misbruker systemet. Tidlegare UDI-sjef vil fjerne retten til å søkje asyl i Noreg.
Publisert 18.09.2025, kl. 22.39