Erkjenner å ha svindla ein halv million frå 175 personar

1 month ago 38



Mannen i 40-åra vart første gong avhøyrd av politiet i går. Her erkjende han straffskuld for det politiet har sikta han for.

Det stadfestar både politiet og mannen sin forsvarar, Ivar Blikra, ovanfor NRK.

– Etter eit omfattande avhøyr i går, har den sikta erkjent straffskuld etter siktinga som er teken ut, seier Blikra.

Nær ferdig etterforska

Etter det NRK kjenner til skal mannen ha lagt ut både Iphone og festivalpass for sal på Finn.no og Facebook.

175 personar frå heile landet gjorde avtale om kjøp, men fekk ikkje det dei betalte for.

Sunnfjordingen sjølv sat att med tett oppunder ein halv million kroner.

Han er no utestengd frå Finn.no.

– Vi kan stadfeste at vi har teke imot fire rapporteringar om bedrageri på denne personen. Etter det har vi sett fleire forsøk frå same person på å legge ut annonsar på Finn, men det har blitt blokkert av oss, stadfestar senior kommunikasjonsrådgivar Adéle Cappelen Blystad.

Pågripen på kanariøy

Politiet har jobba med saka sidan juni 2023, og han vart internasjonalt etterlyst i september same år.

Han skal ha gjeve uttrykk for at han ikkje hadde noko intensjon om å returnere til Noreg for å gjennomføre noko straff.

Knappe to veker etter pågripinga på Fuerteventura, var han tilbake på norsk jord. Mannen samtykka til fire veker varetektsfengsling.

Ifølgje fengslingskjennelsen frå juli hevda mannen på eit tidlegare tidspunkt at han var utsett for ID-tjuveri. Dette har han no gått tilbake på.

Framleis i varetekt

Sjølv om han har erkjent straffskuld, er han framleis varetektsfengsla.

Politiet har att å sikre nokre elektroniske spor før dei seier seg ferdige med etterforskinga.

– Det er veldig positivt at ein person legg korta på bordet og bidreg til oppklaring i saka. Det hjelper oss i arbeidet vidare med saka, seier politioverbetjent Stine Mari Vårdal.

Publisert 16.08.2024, kl. 11.37

Read Entire Article