Elevar betaler fleire tusen kroner for skuleutstyr

1 week ago 12



– Masse verktøy, arbeidsklede, PC ...

Erlend Tandle Kroken ramsar opp utstyret han treng for å gå elektrofag ved Sogndal vidaregåande skule.

Erlend Tandle Kroken og Johann Finden Bugge

Erlend Tandle Kroken og Johann Finden går på elektro på Sogndal vidaregåande skule.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Andreklassingane får litt over 4000 kroner i utstyrsstipend, men opplever at det ikkje strekker til.

Særleg første året blei dyrt, og Kroken måtte ut med fleire tusen kroner av eigen lomme.

– PC-en tok alt første året, og så må du bruke dine eigne pengar på resten. Det er litt drit,

Multimeter

Multimeter er noko som er ganske dyrt å kjøpe.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Kameraten Johann Finden Bugge er einig

– I Noreg har vi eit prinsipp om gratis skule. Det burde gjelde vidaregåande og elektro òg.

  • Elevane i Sogndal er ikkje åleine om å måtte betale dyrt for å gå på vidaregåande skule. Frida Kristin Johansen brukte 10.000 kroner på blant anna varmekjeledress og vernesko.

Stipenda strekk ikkje til

Offentleg vidaregåande opplæring skal i utgangspunktet vere gratis.

Likevel kan likevel fylkeskommunane krevje at elevar dekkjer enkelte kostnader som PC, kalkulator og naudsynt klede og utstyr.

Alle som går på vidaregåande skule har rett til eit utstyrsstipend.

Kor mykje stipend elevane får varierer frå linje til linje. Elevar kan også få ekstra stipend om familien har dårleg økonomi.

Så mykje får dei elevane på dei ulike linjene:

Datamaskin

Colourbox.com

1359 kroner

  • Studiespesialisering og påbygg til generell studiekompetanse
  • Medium og kommunikasjon
  • Musikk, dans og drama, unntatt programområdet for dans
A shot of a stethoscope over white

ScanStockPhoto

2556 kroner

  • Helse- og oppvekstfag
  • Naturbruk, programområda landbruk og stuideførebuing for Vg3
  • Kunst, design og arkitektur
  • Sal, service og reiseliv
Elektro

NRK

4122 kroner

  • Studiespesialiserande med toppidrett
  • Elektro og datateknologi
  • Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, unntatt programområde frisør
  • Teknologi og industrifag, unntatt programområde kjemiprosess- og laboratoriefag
Fotball

Petter Strøm

5600 kroner

  • Idrettsfag
  • Musikk, dans og drama, programområdet dans
brød

Kai Stokkeland

6999 kroner

  • Restaurant- og matfag
  • Handverk, design og produksjonsutvikling
  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, programområde frisør
  • Naturbruk, unntatt programområda landbruk og studieførebuande for Vg3

Ein rapport tinga av Utdanningsdirektoratet og Lånekassen i 2019 viser at det ikkje er samsvar mellom satsar for utstyrsstipendet og storleiken på det «typiske utgiftsnivået» for elevar.

Trass auke i stipendet dei siste åra, stadfester Madelen Kloster i Elevorganisasjonen at elevar på vidaregåande skule framleis opplever at stipendet ikkje strekk til.

– Det fører til at elevar må betale mange tusen kroner frå eiga – eller foreldra si – lomme for å kunne begynne på linja dei har lyst til å gå på.

Påtroppende leder i Elevorganisasjonen, Madelen Kloster

Leiar i Elevorganisasjonen Madelen Kloster er bekymra for at lågt stipend og dyrt utstyr gjer at elevar ikkje begynner på den linja dei vil.

Foto: Nikolai Sogn / Elevorganisasjonen.

Ifølgje Kloster kan dyrt utstyr føre til at elevar ikkje begynner på dei linjene dei vil fordi dei ikkje har råd.

– Politikarane i Noreg snakkar om at skulen er den viktigaste arenaen for å jamne ut sosiale forskjellar. Når ikkje alle har moglegheit til å gå den linja dei har lyst til, er ikkje det likskap for å gå på skulen.

Elevorganisasjonen meiner det er viktig både for elevane sin motivasjon og for behova til næringslivet at elevane kan velje den linja dei vil, uavhengig av økonomi.

Kor mykje burde stipendet på videregåande skulle dekke?

Regjeringa: Viktig å sikre gode utdanningsmoglegheiter

Statssekretær Sindre Lysø i Kunnskapsdepartementet viser til at utstyrsstipendet aldri har blitt auka så mykje under ein toårsperiode som no.

– Å sikre gode utdanningsmoglegheiter til alle er viktig, fordi det bidreg til auka moglegheiter og produktivitet, både på samfunnsnivå og for den einskilde.

Lysø strekar under at det ikkje skal vere lommeboka som avgjer om ein elev får gå på den linje den ønsker seg, og viser til at regjeringa har auka utstyrsstipendet fleire gongar.

En mann med dress og briller ser inn i kameraet og smiler. Han står foran en helt nøytral, brun trevegg.

Statssekretær Sindre Lysø i Kunnskapsdepartementet viser til at regjeringa har auka stipendet på vidaregåande.

Foto: Jens Driveklepp

– Målet er at det skal vere eit rimeleg samsvar mellom dei utgiftene elevane har og det stipendet dei får.

Lysø viser til at elevar frå familiar med svak økonomi kan få eigne stipend, i tillegg til utstyrsstipend.

Sjølv om utstyrsstipendet framleis ikkje fult ut dekker dei utgifter til utstyr, har den økonomiske terskelen for å ta yrkesfag har blitt senka for mange elevar.

Publisert 25.09.2024, kl. 10.01 Oppdatert 25.09.2024, kl. 10.02

Read Entire Article