Då Henriette Lillebøe (32) fekk sitt første barn, kjende ho på noko som mange nybakte mødrer kanskje kan kjenne seg igjen i: Usikkerheit, einsemd og kjensla av å vere fullstendig overvelda.
– Det opplevdes litt som eit sjokk. Ein får jo veldig tett oppfølging heile vegen fram til fødsel, men så over natta står du plutseleg åleine med ein nyfødd baby og lite oppfølging, seier Lillebøe.

Stort behov
Lillebøe er sjølv utdanna lege. No jobbar ho både som fastlege og som lege på Bergen Kvinnehelse, eit privat tilbod som skal gi tverrfagleg oppfølging til kvinner etter fødsel.
Slike tilbod meiner ho det er stort behov for.

– Oppfølginga etter fødsel er ikkje god nok. Eg vil tru mange går med plagar dei ikkje treng å ha, seier Lillebøe.
Sjølv hugsar ho godt korleis det var å komme heim frå sjukehuset med premien sin - ei ny og nydeleg dotter.
Men midt i lykkerusen kjente ho også på usikkerheit og uro, og ikkje minst smerter og utmattelse.
– Ein sit der med eit underliv som gjer vondt, utan å vite om det er meininga det skal gjere vondt på denne måten eller ikkje. Ein kjenner ikkje igjen sin eigen kropp. Det påverkar jo også psyken.

– Kva overraska deg mest i tida etter fødsel?
– Det var nok dei plagene som kom i ettertid. Og kjensla av einsemd. Ein har jo babyen, og det er veldig koseleg, men ein saknar fort nokon å snakke med, seier Lillebøe.
For lite fokus
Nyleg svarte 13.000 kvinner på ein undersøking om fødselsomsorga i Noreg.
Der svara 8 av 10 at dei var fornøgd med fødselsomsorga.
I undersøkinga er det barseltilbodet som peiker seg ut som området der flest kvinner har negative opplevingar.
Særleg er det mangelen på informasjon om kvinna si helse som kjem dårlegast ut.
Det er eit kjent problem, meiner professor ved UiO, Malin Eberhard-Gran.
– Mor er veldig sårbar i tida etter fødsel, men oppfølgingstilbodet er veldig svakt. Det er stort fokus på barnet, men lite fokus på mor, seier Eberhard-Gran, som også jobbar ved Nasjonalt Senter for Kvinnehelseforskning på Oslo universitetssykehus.
Ho omtalar tida etter fødsel som det fjerde trimester. Medan Noreg er i verdstoppen når det gjeld fødselsomsorg, meiner ho at dette fjerde trimesteret får altfor lite fokus.
– Problemet er at sjukehusa er opptatt av effektivisering, liggetida på barselavdelinga er korta ned og ansvaret for oppfølging er overført til kommunane. Men ein har ikkje kompensert med å gi meir ressursar til kommunane. Det er mykje som manglar, seier ho.
Ho meiner det ikkje er gode system på plass som skal fange opp nybakte mødrer som slit. Professoren fryktar kvinner som ikkje har kunnskap eller et støtteapparat rundt seg, blir ståande utan nødvendig behandling.

– Det kan få konsekvensar i form av psykiske traume, angst og depresjon. I tillegg er det mindre mogelegheit til å førebygge og behandle fysiske plagar, som urinlekkasje og prolaps.
– Ikkje Noreg verdig
Eberhard-Gran har samanlikna tilbodet i Noreg med fleire andre land i Europa. Ho meiner Noreg kjem dårleg ut.
I Noreg har mødre rett til minst eitt heimebesøk av jordmor etter fødsel, og dei fleste mødre får ett eller to heimebesøk.
Til samanlikning får nybakte mødrer i Tyskland heimebesøk i ti dagar etter fødsel. Over 12 veker har dei rett på 16 besøk totalt.
I Frankrike får mødrene tett oppfølging på helsestasjon og legekontor i 6-8 veker, og dessutan ti timar gratis bekkenbunnstrening hos ein fysioterapeut.
I Noreg må kvinner sjølv be om tilvising til dette.
– Dette er ikkje verdig eit land som Noreg, som er så velfungerande på andre område, meiner Eberhard-Gran.

Professoren meiner tilbodet til kvinner er mykje dårlegare no enn det var for 30 år sidan. Mellom anna var det vanleg at barselavdelingane hadde både barnepleiar og fysioterapeut tilgjengeleg for å følgje opp mor.
Dette har dei ikkje i dag. Bortfallet av denne støtta har heller ikkje blitt kompensert for i primærhelsetjenesta, fortel ho.
– Samfunnet vil at kvinner skal føde fleire barn, men det kjem ikkje tiltak som skal gjere det interessant for kvinner å føde, seier ho, og legg til:
– Her har vi ein stor jobb å gjere.
Peiker på ressursmangel
Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) seier han tar tilbakemeldingane på største alvor, og at kvinner som ønskjer meir oppfølging, får og skal få det.
– Vi jobbar med heilt nye måtar å organisere helsetenesta på, slik at teamet av jordmødre som kvinnene møter, er dei same gjennom svangerskapet, under fødsel og i barsel etterpå. Dette ønsker vi å rulle ut over heile Noreg, seier Vestre.
Han meiner dei største utfordringane er nok ressursar og nok folk som har tid til å følge opp.
– Vi har mangel på jordmødre. Vi jobbar for å rekruttere og behalde jordmødre, og har mellom anna utvida utdanningskapasiteten betydeleg, seier han.
Vestre understreker at han er svært opptatt av å lytte til kvinnene sine opplevingar, og lære av desse.

Før sommaren utvikla regjeringa ein tipunktsplan etter å ha rådført seg med fagpersonar, organisasjonar og pasientar. Denne er dei i gong med å følge opp.
– Vi kjem ikkje i mål med dette arbeidet før jul, men i løpet av ein periode framover er eg trygg på at kvinner skal føle og merke at ting blir betre.
Gir råd til kvinner
I mellomtida vil Henriette Lillebøe i Bergen gjere det ho kan for å hjelpe.
Ho var blant dei første i vennegjengen som fekk barn. Ho fortel at ho hadde få å sparre med om det ho gjekk gjennom var normalt.
Ho bestemte seg difor for å opprette ein konto på Instagram, for å hjelpe kvinner i tida etter fødsel med det ho sjølv hadde slite med.

– Eg vil prøve å gjere det enklare for andre kvinner i tida etter fødsel, og kanskje lage eit fellesskap der dei ikkje føler dei står i dette åleine, seier Lillebøe.
Her kombinerer ho eigen erfaring som mor med kunnskapen hennar som lege, for å gi råd til kvinner om kva som er normalt, og når det er på tide å oppsøke hjelp.
– Tilbakemeldingen har vore veldig god. Det er mange som tar kontakt og seier dei har følt på det same.