TIL STADES: Talia (24) og Daniel (20) følgjer eit fast opplegg, men heile vegen er dei opne for spørsmål frå elevane.
Antisemittismen aukar, men to unge norske jødar vel å vere synlege, og møter vidaregåandeelevar i heile Noreg.
Daniel (20) kjente hjartet dunke. Han stod på gangen, rett utanfor eit klasserom på ein vidaregåande skole sør i landet.
For første gong skulle han snakke om eigen identitet i rolla som jødisk vegvisar, og fortelje korleis det er å vekse opp som jøde i Noreg.
Tankane rasa gjennom hovudet.
Tenk om eg gløymer kva eg skal seie?
I starten var klassen heilt stille. Daniel vart endå meir nervøs, og sleit med å få flyt i samtalane med elevane.
Trass i det kom han seg gjennom timane i lag med Talia (24), den andre jødiske vegvisaren.
Det var likevel ikkje gitt at dei ville vere jødiske vegvisarar i tida vi er inne i no.
For antisemittismen aukar, særleg blant unge. Det viser ei undersøking frå Ipsos som Aftenposten har skrive om.
Etter at krigen i Israel-Palestina eskalerte 7. oktober 2023, opplever norske jødar meir hat. Mange tør ikkje lenger vise at dei er jødar eller snakke opent om det.
Men Talia og Daniel vil. Og dei vil vere synlege.
Å møte elevane fysisk er viktig, for det dei håper å oppnå.
Mangfald. Identitet. Antisemittisme.
Det er temaa for timen.
Men dei to vil mykje meir enn å snakke om eigen kultur.
Dei vil rive ned fordommar. Og bygge bruer.
I norske klasserom.
Men å bryte ned fordommar er krevjande. Det kan ikkje vegvisarane greie aleine. Spenninga stig før kvart besøk.
Vil dei lykkast? Samspelet med elevane avgjer.
Valet om å vere synleg
Da Talia fortalde sine næraste at ho ville vere vegvisar, møtte ho sterk motstand.
«Å reise rundt er galskap. Dette er skummelt. Du burde ikkje gjere det.»
Det sa han, rett ut, far hennar.
Men Talia har vald å tenke heilt motsett.
Ho trur det er viktig å ikkje grave seg ned. Ikkje bli redd.
– No er det kanskje meir viktig enn tidlegare, å vere synleg.
Talia
jødisk vegvisar
Talia er fødd inn i det jødiske miljøet i Oslo. Det kjenst som ein storfamilie for ho.
Spesielt religiøs er ho ikkje. Og ho kjenner seg trygg på sin eigen identitet.
– Eg har lyst til at det skal vere rom for å vere jøde i Noreg, seier ho.
Vil ein ha endring, må ein og vere med å påverke, er hennar meining.
Talia har jobba som vegvisar før, for nokre år sidan. Ho var ikkje skeptisk til å ta eit nytt år, men vedgår at utfordringane knytt til krigen i Israel-Palestina har blitt fleire.
Derfor har dei valt å sende ein beskjed til skolane før dei kjem, om at dei ikkje vil snakke om dei politiske aspekta.
– Dei kan spørje korleis det har påverka oss. Personleg. Eller korleis det påverkar unge i dag, seier ho.
Talia er ikkje redd for å vere open.
Men nokre gonger slit ho med å finne den rette balansen mellom å seie kva ho meiner, og samstundes sikre at ho ikkje tråkkar nokon på tærne.
Talia er ein av dei om lag 1500 jødane som bur i Noreg i dag. Det er framleis færre enn før holocaust, da norske jødar vart gassa i hel av nazistane.
Vennskap på tvers av tru
«Du er ikkje eit offer!»
Daniel hugsar godt eit utbrot som vart retta mot han ein gong.
Men eit offer har Daniel aldri meint at han er. Han vil berre ha den same retten som alle andre i Noreg. Retten til eigen identitet.
Men kor byrjar eigentleg identiteten vår?
Daniel fortel om bestemora. Om familien hennar som kom frå Libya. Jødane der vart kasta ut av arabarane. Han seier at han framleis har familiemedlemmar som har fordommar mot arabarar.
Daniel sjølv kjem frå Vestby sør for Oslo. Da han vaks opp, hadde han ingen jødiske venner, men knytte tette band med jamaldringar frå ein annan minoritet.
– Eg har nokre veldig gode, nære venner i min vennekrets som er muslimar, fortel Daniel.
– Eg har fått sjå så mange forskjellige perspektiv, og blitt mykje meir trygg på meg sjølv. Og skjønt at ... OK, det er greit å ha ulike meiningar.
Daniel
jødisk vegvisar
Han har alltid vore glad i å snakke med ulike menneske. Derfor vart han interessert i oppgåva som jødisk vegvisar. Men først måtte han gjennom studiet Shvilim.
Det gjorde at Daniel oppheldt seg i Israel da krigen eskalerte hausten 2023. Mens han var der, merka han at nokre av dei næraste vennene heime i Noreg distanserte seg frå han.
Daniel vart redd for å miste dei.
Den redsla skulle vise seg å ikkje vere grunnlaus, og vart ei sår erfaring som han deler, om nokon av elevane spør.
Vanskeleg å ikkje skulle spørje
Elevane i ein VG3-klasse ved Foss vgs. sit og ventar på Talia og Daniel ein desemberdag i 2024.
Aurora Carolina Vidal Aguilera (17) trur det blir lettare å spørje vegvisarane enn ein religiøs leiar.
– Dei er ungdom på vår eigen alder, så vi kan kanskje stille spørsmål vi alle kan kjenne oss att i. Andre enn dei ein får frå læreboka til dømes.
Aurora Carolina Vidal Aguilera (17)
elev ved Foss vidaregåande skole
Bendik Bruhn Fjordholm (18) kjenner ingen jødar, og ikkje har han tenkt så mykje på korleis det er å vere jødisk ungdom i Noreg heller. Men interessert, det er han.
– Eg tenkjer eigentleg at dei berre er vanlege folk, men vil høyre korleis dei opplever situasjonen som er no.
Bendik Bruhn Fjordholm (18)
elev ved Foss vidaregåande skole
Filippa Elisabeth Fabricius Bye (18) lurer veldig på korleis dei har blitt påverka av krigen.
Om dei føler at dei har blitt nøydde til å ta stilling. Om dei har tatt stilling.
– Det blir litt vanskeleg å ikkje spørje om situasjonen i Israel og Palestina. Sjølv om det kan vere litt ukomfortabelt både for meg og for dei.
Filippa Elisabeth Fabricius Bye
elev ved Foss vidaregåande skole
Tida i klasserommet vil vise.
Tapte vennskap
Gjennom hausten har vegvisarane skjønt kva dei må gjere for å få flyt i samtalane med elevane. Noko av nøkkelen ligg i konkrete oppgåver.
Det første Talia gjer i klasserommet er å skrive ordet «jøde» på tavla.
Dei vil at elevane skal komme med sine assosiasjonar.
Elevane er kunnskapsrike. Ord dei forbind med å vere jøde flyt gjennom rommet. Talia skriv orda på talva.
Tavla i klasserommet på Foss vidaregåande skole, når alle orda elevane forbind med "jøde" er skrivne.
Ikkje eitt kritisk ord står å lese på tavla når alle har sagt sitt. Det ser ut som eit glansbilde i djup kontrast til det auka jødehatet.
Men vegvisarane og elevane snakkar mykje om dei negative assosiasjonane.
– Vi spør til dømes om kva erfaring elevane har med ordet jøde, fortel Talia.
Omtrent alle elevane dei møter, har høyrt ordet jøde bli brukt som skjellsord.
Talia og Daniel bruker tida i klasseromma ulikt, alt etter kor aktive elevane er sjølve.
– Eg kan stå og skravle, men det er ikkje det eg vil, seier Talia.
Dei vil at elevane skal seie kva dei eigentleg er nysgjerrige på.
– Kvifor kjenst jødedom som ein viktig del av identiteten?
– Kva er dykkar tankar om det som skjedde under holocaust?
I løpet av tida i klasserommet har elevane fått vite at Daniel var i Israel under Israel under Hamas sitt angrep 7. oktober 2023.
Og at han kom tett på dei ulike perspektiva i Israel og på Vestbreidda.
– Eg møtte israelske busettarar som hadde palestinske venner, og var glad i palestinarane, fortel Daniel.
Og han møtte israelske busettarar som hata palestinarane. Og ville ha dei ut.
Å treffe palestinaren Noor A'wad, gjennom ein organisasjon som arbeider for forståing og ikkjevald mellom israelarar og palestinarar, gjorde sterkt inntrykk på Daniel.
Så mot slutten av timen får han eit spørsmål.
– Sidan du sa du var i Israel da det skjedde.. merka du noko i lokalbefolkninga rundt?
Var folk sure, lei seg, redde...?
Så Daniel fortel. Om korleis han opplevde å vere der.
Og om tida etterpå.
– To nære venner av meg har fjerna meg på grunn av krigen. Den eine mens eg enno var i Israel.
Først tenkte han at han ikkje skulle bry seg om det.
Men etter kvart vart han bekymra for at fleire kom til å trekke seg unna han. Daniel grua seg for å reise heim, til heimlandet Noreg.
– Det var ei veldig rar kjensle, sidan eg har vakse opp i Noreg, og budd her heile livet, fortel han.
Men dei vennene han hadde att, ønska han velkommen attende med opne armar.
Likevel blir han framleis trist når han tenker på dei tapte vennskapa.
– Dei var gode venner, avsluttar Daniel.
Og med den historia er tida i klasserommet på Foss vidaregåande skole over.
Talia og Daniel har valt å ikkje snakke om sjølve krigen i Israel-Palestina.
Dei trur forståinga mellom ulik ungdom aukar, berre ved å møtast.
Ein som har stor tru på arbeidet vegvisarane gjer, er muslimske Basim Ghozlan. Han jobbar for Muslimsk Dialognettverk i Oslo.
Ærlege tilbakemeldingar
Basim Ghozlan trur vegvisarane skapar harmoni i samfunnet.
– Å spreie kunnskap er veldig viktig for å overvinne konspirasjonsteoriar, mistankar eller feilinformasjon. Til dømes bygger antisemittisme som regel på feilinformasjon.
Basim Ghozlan
styremedlem i Muslimsk Dialognettverk
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
I Noreg finst både jødiske, muslimske og samiske vegvisarar.
– Antisemittisme. Muslimfiendslege haldningar. Anti-samiske haldningar. Det er akkurat likt, meiner Ghozlan.
Men korleis kan vegvisarane vite om dei lykkast i arbeidet med å bryte ned fordommar?
For å sikre seg ærlege svar, får elevane skrive tilbakemeldingar i anonyme skjema. Slik får Talia og Daniel vite kva dei lykkast med, og kva dei kan gjere annleis.
Men nokre av elevane i klassen på Foss vidaregåande skole vel å vere opne om kva dei meiner.
Aurora Carolina Vidal Aguilera (17)
Aurora er frå Uruguay, og kjende seg att når det vart snakk om fellesskap med eigen minoritet.
– Det var eit veldig friskt pust å få eit ungdommeleg perspektiv, for dei viser at dei er ikkje berre jødar, dei er og så mykje meir.
Dino Juhas (18)
Dino synast det var veldig modig av dei å komme.
– Det er ikkje sånn at alle jødar sit i Knesset og lagar lovane. Det var så fint å sjå vanlege menneske som eigentleg ikkje tar nokon stor stilling til det.
Filippa Elisabeth Fabricius Bye (18)
Filippa lurte på kva dei meiner om krigen i Israel-Palestina. Men da dei først kom, gjekk det greitt å akseptere ønsket deira om å ikkje snakke politikk.
Men noko sakna ho.
– Eg sakna kanskje ei litt djupare forståing for korleis jødedommen eigentleg funkar. Dei var jo ikkje veldig religiøse, nokon av dei.
Martin Arnob Barua (18)
Martin er nøgd med at dei fekk stille mange spørsmål.
– Dei var jo ærlege. Og vi var jo fylt med respekt, fra begge sider, så da var det ikkje noko å bli provosert over.
Men han hadde gjerne høyrd meir om kva kosher eigentleg handlar om.
Elvira Becic-Pedersen (17)
Elvira likte kor opne dei var, og at dei delte sine personlege erfaringar om familie og venner.
– Det overraska meg at dei ikkje var meir konservative om abort og sånne temaer.
Bendik Bruhn Fjordholm (18)
Bendik synest Talia og Daniel svara greitt på alle spørsmål, og at dei verka opne for kritikk og.
– Det verka som dei eigentleg ikkje ville bruke omgrepet religion om jødedommen i det heile. Meir sånn fellesskapet blant jødar.
Jo meir informasjon vi har om nokon, jo mindre framande blir dei!
Det konstaterer læraren deira, Henriette Maria Emmelthun.
– Disse elevane vil forhåpentlegvis, ikkje blir ein del av den antisemittiske bølga, fordi de no har fått litt nye perspektiv.
Henriette Maria Emmelthun
lærar ved Foss vidaregåande skole
Dei beste samtalane
Birte Nordahl skulle ønske det ikkje var nødvendig med vegvisarar.
Ho er generalsekretær Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL), og veit mykje om korleis det er å vere minoritetsungdom i Noreg.
– Eg skulle ønske dei slapp, men eg er utruleg takksam for at dei orkar, og at dei utviser dette motet.
Birte Nordahl
generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
Foto: STL / Kai Westergaard
Foto: STL / Kai Westergaard
Så fortel Nordahl om noko ho synest det er vondt å vere vitne til: Ei mistenkeleggjering av menneske, bygd på kva religiøs tilhøyrsle dei har.
Det er ei forskjellsbehandling generalsekretæren i STL håpar vi vil halde oss for gode til framover.
Talia og Daniel er sikre på at hatet minkar med møta i klasseromma rundt om i Noreg. Eller, ikkje berre inne i klasseromma.
For i dei mest multikulturelle klassane har dei lagt merke til noko spesielt.
– Noko av det mest interessante er det som skjer i etterkant av timen, fortel Talia.
Da kjem dei bort, dei som gjerne vil snakke om noko litt meir personleg. På mange vis flyt desse samtalene lettare.
Det gir Daniel tru på at dei saman med elevane kan gjere ein forskjell.
– Det gir meg liksom håp, på ein måte. Om at ein dag så blir du kvitt hat.
Daniel
jødisk vegvisar
Høyr Talia snakke i Kompass om korleis ho møter fordommar mot jødar
Publisert 24.02.2025, kl. 16.37