Ein varm og ganske morosam førjulsfilm

2 weeks ago 11



FILM: «Tre menn til Vilma» er ein varm og ganske morosam førjulsfilm.

Vilma (i midten) er i ferd med å tø opp i møte med sin høgst levande kollega (Henriette Steenstrup) og patologen med tics (Ole Christoffer Ertvaag).

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

 5 out of 6

TRE MENN TIL VILMA

Kinopremiere: 08.11.2024. Med: Kjersti Dalseide, Ole Christoffer Ertvåg, Tobias Santelmann, Henriette Steenstrup, Metin Niazi. Sjanger: Drama / Komedie / Romantikk. Regi: Charlotte Blom. Manus: Maren Skolem, etter Gudrun Skrettings bok. Nasjonalitet: Norge, 2024. Lengde: 1 time, 33 minutt.

Førjulstida og jula er også ei eiga høgtid for film. Julefilmar skal liksom vera koselege, varme og morosame – akkurat som jula. Dei enda godt.

Utfordringa ligg i å unngå at det blir for sukkersøtt, for sentimentalt og aldeles motstandslaust. Då kan Scrooge-aktige vrangpeisar fort surna.

Gudrun Skrettings roman «Tre menn til Vilma» blei ein suksess både hos kritikarar og publikum då boka kom ut i 2020.

Nå har boka blitt film. Eg tippar at den også kjem til å gjera det godt. Både historia og karakterane er lett å bli glade i for den som er i julehumør.

Vilma (Kjersti Dalseide) er ei 35 år gammal pianolærarinne som jobbar på kulturskulen. Ho bur aleine i barndomsheimen i Asker. Ho er ikkje ein fleksibel eller sosial person. Vilma spelar piano til metronom. Ho går aldri ut utan refleks eller broddar. Ho spritar hendene, er livredd smitte og fører rekneskap med «mikromorts», som kalkulerer risikoen for å døy.

Ein dag får denne einsame firkanten av eit menneske besøk på døra av ein prest (Tobias Santelmann) og ein patolog (Ole Christoffer Ertvaag) som fortel henne at faren er død. Vilma visste ikkje ein gong at ho hadde ein far.

Men desse tre mennene skal altså påverka Vilmas liv på fundamentalt vis.

Vilma får besøk av ein patolog og ein prest. Då skjer det ting i hennar rutineprega liv.

Vilma er i utgangspunktet ein ganske kjedeleg og tilknappa karakter, og gir sånn sett avgrensa spelerom for Kjersti Dalseide. Men så er dette også hennar rolle i dramaet. Vilma blir likevel fint kontrastert av dei andre karakterane.

Henriette Steenstrup spelar ein levande, impulsiv og romsleg kollega – altså motsatsen til Vilma. Mens Ertvaag både er sår og morosam med sine tics og sin Tourettes. Santelmanns prest tilfører eit par uventa vriar i historia.

Musikken er viktig gjennom heile filmen. Ikkje berre fordi Vilma er musikar og lærer bort piano til den livlege og sjarmerande Amdi. Nei, musikken spelar ei eiga, sentral rolle i historia. Samtidig er også musikken viktig som emosjonell faktor i filmen.

Enten det dreier seg om Griegs lyriske stykke eller Foreigners «I Want To Know What Love Is». (Som, når me skal vera brutalt ærlege, jo er ein fantastisk song.) Legg merke til kor kresent musikken fungerer i filmen, korleis han nettopp bygger opp under dei varme (jule)kjenslene du skal få.

«Tre menn til Vilma» er sjølvsagt ingen tung eller avansert film. Det er ein julefilm. Eller: Strengt tatt er det grenser for kor julete «Tre menn til Vilma» er. Filmen handlar ikkje om jula i seg sjølv – handlinga er berre lagt til førjulstida, med diskrete peikarar til jula. Nei, filmen handlar om folk, om livet, om relasjonar – på godt og vondt.

Akkurat som jula.

Publisert:

Publisert: 6. november 2024 18:07

Oppdatert: 6. november 2024 18:44

Read Entire Article