Ein trend på sosiale medium som får aborttala til å stiga? Det er trist som faen.

1 month ago 20



KOMMENTAR: Ein trend på sosiale medium kan ha fått aborttala til å stiga. Det er verkeleg trist som faen.

Ei angrepille inneheld veldig mykje meir enn ein spiral. Foto: Gorm Kallestad / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det finst ein trend på sosiale medium. Der unge jenter i staden for å bruka hormonell prevensjon, som p-piller, p-stav eller hormonspiral, heller går for det dei kallar naturleg prevensjon. Gjerne ved hjelp av ein app. Pass på når du har eggløysing og dagane rundt, bruk kondom då, eller avstå frå å ha samleie. Så du ikkje blir gravid.

Men greia er jo at det naturlege er å bli gravid. Og aller mest når du er ung og frisk og på ditt mest fruktbare. Dei fleste vil sannsynlegvis bli uønskt gravide i løpet av eitt års tid, etter den metoden. For kroppen er raus, ser stort på ting, og byr kanskje på eggløysing på andre tidspunkt enn både du og appen din trudde.

Aborttala stig

Det ser ut til at det fører til fleire abortar. Folkehelseinstituttet trur det, etter at aborttala for første gong på 16 år begynte å stiga, og særleg i gruppa under 30 år. Først i 2022, så i 2023. På SUS ser dei også at fleire som kjem for å ta abort, ikkje bruker prevensjon, og at nokre jenter kjem igjen fleire gonger.

Det er opprørande. Det er trist som faen. Og ja, det må bannast over.

For éin ting er at du utset kroppen din for store hormonelle svingingar ved å gå brått frå å vera gravid til ikkje å vera det lenger. Og at ei angrepille tilfører kroppen ein mykje sterkare dose hormon enn ein hormonspiral gjer, og at du ikkje kan vita korleis du vil reagera etter ein abort.

Ein annan ting er at du ikkje kan stola på Tiktok, at dei som har dei sterkaste og mest skremmande historiene om biverknader av prevensjon ikkje dermed er dei som veit best. Det, vil eg hevda, er det helsepersonell som gjer. Det er dei som har kunnskap nok til å kunna seia noko om risikoen, seia noko om kva som kan passa deg, sjølv om det ikkje passa henne på Tiktok, eller venninna di. Og om kor sikkert det er.

Ein tredje er at det uansett ikkje går heilt opp. Mange viktige ting i livet gjer ikkje det. Bruker du ei eller annan form for prevensjon, så finst det ei bakside med det, alltid. Er du seksuelt aktiv utan prevensjon, kan det bli barn av det. Og det viktigaste: Har du blitt med barn, så er det alltid to liv det er snakk om. Ditt eige, og barnets. Då skal du ta val for begge.

Unngå det!

Til alle tider og i alle samfunnslag har kvinners kropp, seksualitet og ufødde barn kunna bli bestemt over av andre. Av mannen, soldaten, kyrkjelyden, moskeen, storsamfunnet. Det er det såraste i kvinnehistoria. Ei kvinnes liv og livsvilkår kunne setjast til sides og gjerast mindre verd enn andre vaksne liv.

Det sluttar ikkje å vera sårt. Det sluttar ikkje å vera riktig å la kvinner få bestemma sjølv. Det sluttar heller ikkje å gjelda to liv.

Livet mitt og alt som skjer der heng tett saman med andre menneske sine liv. Det eg gjer i mitt, fargar også andres liv. Det blir sterkare jo nærare dei andre står, og sterkt inntil det overveldande når dei er heilt avhengige av deg.

Sånn er det å få barn. Og sånn er det også å vera gravid. Du ber eit anna liv.

Vil du ha eit aktivt sexliv, men ikkje bli gravid, er langsiktig prevensjon som p-stav og hormonspiral det sikraste. Det er det som best hindrar uønskte graviditetar. Og ja, du er feilinformert om du trudde noko anna. Ja, dei kan ha biverknader. Ja, dei kan verka fint på venninna di, men kanskje ikkje på deg. Og ja, dei er ei mindre hormonell påkjenning for kroppen din enn ein abort.

Og ja, det er slik du sikrast unngår å stå i det valet der det ikkje lenger berre er din kropp og ditt liv det gjeld. Men eitt liv til.

Publisert:

Publisert: 2. september 2024 22:09

Kommentator Solveig G. Sandelson

Read Entire Article