– Folk begynner å bli redde for å gå ut. Dei veit ikkje kva dei møter på, seier Steinar Morken
Laurdag rykka store politistyrkar og fleire ambulansar ut til ei leilegheit i nærleiken av der han bur.
Fire personar blei frakta til St. Olavs hospital etter ei alvorleg valdshending med kniv.
Ein av dei såra fekk hjarte- lungeredning på staden.
Morken fortel at det ikkje er første gong det er politi og ambulanse på staden.
– Førre gong var sist søndag, fortel han.
Også tidlegare har det vore valdshendingar på same adresse.
Steinar Morken bur like i nærleiken av adressa der valdshendinga fann stad laurdag. Han fortel at hendinga pregar nabolaget.
Foto: Morten Andersen / NRKSju personar er sikta – ein er ikkje pågripen
Laurdag arresterte politiet fem personar og sikta dei for grov kroppsskade eller medverknad til dette.
Måndag vart alle fem av dei sikta framstilt for varetektsfengsling.
Fire av dei blir no varetektsfengsla i ei veke. For ein av dei fem er ikkje rettsavgjerda kjend ennå.
Årsaka til fengslinga er faren for bevisforspilling. Dei har alle brev- og besøksforbod.
Tre av dei blir varetektsfengsla med full isolasjon.
Måndag formiddag stadfesta Silje Mebust, jourhavande politiadvokat, at også ein sjette person blei pågripen søndag ettermiddag.
Fem personar er varetektsfengsla etter valdshending på Møllenberg i Trondheim laurdag.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKPolitiet vurderar om dei vil framstille den sjette personen for varetektsfengsling, fortel Mebust.
– Det er fengslingsmøte for fem av dei i dag, også vil det bli vurdert for sjettemann, sa ho måndag formiddag.
Også den sjette personen som er pågripen er sikta for grov kroppsskade eller medverknad til dette.
Ifølgje rettsavgjerda til ein av dei varetektsfengsla er også ein sjuande person sikta i saka. Vedkommande er ikkje pågripen av politiet, kjem det fram av rettsavgjerda.
Ifølge politiet har det vært brukt en kniv i forbindelse med voldshendelsen. Politiet har fremstilt fem personer for varetektsfengsling mandag.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKLørdag kveld var krimteknikere på stedet for å fotografere og gjennomgå åstedet.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKPolitiet ønsker varetektsfengsling for at bevis ikke skal bli ødelagt.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKSju personer er siktet for grov kroppsskade eller medvirkning til dette etter voldshendelsen.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
Meiner han handla i naudverje
Ein av dei varetektsfengsla meiner sjølv han handla i naudverje.
– Han har forklart at han var i ein situasjon der han meinte det var naudsynt å utøve vald, seier politiadvokat Aleksander Tokle til media etter fengslingsmøtet.
Politiadvokat Aleksander Tokle fortalde at ein av dei varetektsfengsla mennene meiner han handla i naudverje.
Foto: Morten Andersen / NRKMannen sin forsvarar, Kolbjørn Lium, bad om at mannen blei lauslaten.
Han viser til at naudverje er ein lovleg handling og at det derfor ikkje er grunnlag for å halde mannen varetektsfengsla.
– Han opplevde situasjonen som veldig vanskeleg, og var nøydd til å handle. Derfor meiner han det er snakk om naudverje, seier forsvararen.
Publisert 31.03.2025, kl. 21.26 Oppdatert 31.03.2025, kl. 21.36