-Ein milliard? Skal vi bli glade for det?

1 month ago 22



KOMMENTAR: Bortskjemt dotter av ufyseleg rik stat prøver å forstå.

Måndag 7. oktober skal regjeringa Støre leggja fram statsbudsjettet for 2025 for Stortinget. Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Helse Vest, som er statens forlenga arm over sjukehusa på Vestlandet, får ein milliard meir i statsbudsjettet i år enn dei fekk i fjor. Det betyr, så vidt eg kan forstå, at dei får 36 milliardar kroner å rutta med, i staden for 35.

Av denne milliarden får Helse Stavanger – i praksis SUS – rundt 300 millionar. Deira totale ramme er på 9 milliardar.

Nok? Til kva?

I mai i år vedtok styret i Helse Stavanger langtidsplanen for 2025–2029. Der sjukehuset – altså SUS – årleg må spara inn 200 millionar meir enn tidlegare varsla, frå 2026. Blant anna fordi det nye sjukehuset stadig blir dyrare.

I slutten av september hadde det hopa seg opp 340 millionar til som må sparast inn dei same åra. Så nå er det årlege beløpet oppjustert til 260 millionar. Fortset det slik, kan ein fort ha runda 300 millionar før året er omme. Vi får håpa at dei der 300 nye millionane frå staten er nok til å dekka det. Så blir ikkje ting verre enn dei er, i det minste.

Men eigentleg vil helseminister Jan Christian Vestre at dei nye pengane skal brukast til å få ned ventelistene. Få dei tilbake til nivået før pandemien. La dei som vil jobba meir, få ta unna køen ved å jobba frivillig ekstra kveldar og helger, slik dei sjølv har etterlyst, og elles bruka ideelle og private aktørar der det trengst.

Helsefarleg press

Dei der 340 ekstra millionane som måtte inn i ein alt hardt prøva langtidsplan for økonomien ved SUS nå sist, fekk igjen tillitsvalde til å reagera. Og fleire i styret til å dela bekymringane.

«Foretaket er ekstremt presset økonomisk, samtidig som det er helt avgjørende å komme i gang med byggetrinn to av Nye SUS. Vi ser ikke realisme eller bærekraft i denne særdeles krevende situasjonen», skriv tillitsvalde og verneombod på SUS. Og meiner sjukehuset må få nok pengar til å samla både somatikk og psykiatri på Ullandhaug, utan å måtta spara inn eller effektivisera endå meir.

Jo, jo. Det verkar jo rimeleg det. At ein skal klara byggja eit nytt offentleg sjukehus for den tredje største regionen i Norge utan at det må gå utover helsehjelpa for oss om bur her.

Med renter

Dei har fått nytt lån også, på SUS. Frå staten. Det kjem i statsbudsjettet, det også. 1,4 milliardar er det på. Dei er glade for det, på SUS. For det betyr at dei kan begynna på byggetrinn 2 på dette nye sjukehuset om tre-fire år. Før det lånet kom, var det fullstendig i det blå kva tid dei kunne få råd til å gjera det.

Men så skal det jo betalast tilbake også. Staten låner ut pengar til eit statleg finansiert sjukehus, som så skal betala tilbake lånet med renter, av dei andre statlege pengane dei har. Og sidan dei andre statlege pengane dei har, står i forhold til kor mykje det kostar å operera armar og bein og det som verre er, må dei klara å operera fortare enn den akkorden.

Ja – og få ned ventelistene. Og få fagfolka til å bli verande. Og få til det der med å gi kreftpasientane tilgang til CT raskt nok. CT-bilda kan vera svært viktige for å sjekka om behandlinga kreftpasientar får er riktig.

Og elles?

19 av 20 helseføretak i landet går med underskot så langt i 2024. Dei er alle offentlege.

Samtidig melder fire av fem kommunar at dei har for lite pengar til å klara utgiftene dei har til helse og sosial, og til skule. Dei fleste av dei oppgåvene, vil eg tru, er dei pålagde av Stortinget å levera.

Det er ikkje så lett å forstå dette. Kvifor må så mykje av energien til dei som driv med helse, omsorg og heilt vanleg skule her i landet gå til bekymringar over ein økonomi kutta så langt inn i beinet? Av ein så rik stat?

Statsbudsjettet blir lagt fram måndag 7. oktober.

Publisert:

Publisert: 6. oktober 2024 08:08

Kommentator Solveig G. Sandelson

Read Entire Article