Éin av fire drøymer om å gjera som Heine: – Berre å hiva seg ut i det

3 hours ago 1



– Her er utsikt mot fjord og fjell. I Oslo var det utsikt mot eit industriområde, seier Heine Nygard Riise frå Vik i Sogn, medan han ser ut kontorvindauget i Hardanger.

For tre år sidan budde han saman med kona si i Oslo. Men då ho fekk tilbod om jobb vestpå, kom spørsmålet om han kunne få lov til ta jobben sin med seg.

Arbeidsgivaren sa ja.

I dag sit han i eit kontorfellesskap i den vesle bygda Lofthus i Ullensvang, og jobbar med solenergi for Institutt for energiteknikk.

Ein gong i månaden er han nokre dagar innom hovudkontoret i Oslo.

– Det fungerer veldig bra. Det meste av den jobben som eg gjer skjer uansett på dataen.

Haust i Hardanger. Lofthus i Ullensvang.

I Oslo hadde Heine og familien utsikt mot eit industriområde. No bor dei i fruktbygda Lofthus i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Stor flyttevilje

I ein ny rapport frå Norce, på oppdrag frå Hardangerrådet, svarar ein fjerdedel av dei som bur i ein bykommune i dag, at dei kunne tenkt seg å flytta til distriktet.

Ein tredjedel av desse meiner at dei kan ta jobben med seg.

– Det ligg eit stort potensial i å legga meir til rette for at folk kan flytta dit dei ønskjer å bu og ta jobben med seg, seier Kåre Hansen, sjefsforskar i Norce.

Han meiner dette gir eit potensial for å tenka nytt om samfunnsutvikling og busetnad.

Vi snakkar om kanskje hundretusentals arbeidstakarar som kan flytta til ein distriktskommune og jobba derifrå, seier Hansen.

Kåre Hansen, sjefsforskar NORCE

Kåre Hansen er sjefsforskar ved Norce.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

– Nesten religiøse i kor nøgde dei er

I undersøkinga har dei òg intervjua folk som fjernarbeidar og bur i distriktet i dag.

– Dei er utruleg nøgde. Folk er nesten religiøse i måten dei beskriv arbeidssituasjonen sin, fortel sjefforskaren.

Fleire trekkjer fram fridomen til å bu der dei ønskjer, kombinert med spennande jobbar, som ein viktig grunn til trivnaden.

Sosialt fellesskap og kontorplassar

I rapporten har forskarane sett på konkrete tiltak som kan redusera barrierane for å flytta.

Men rapporten peikar også på utfordringar.

– Det kritiske er det sosiale. Nokon vil oppleva å ikkje ha dagleg fysisk kontakt med kollegaer, og kan kjenna på at dei ikkje er ein del av arbeidsmiljøet, seier forskaren.

Løysinga kan vera kontorfellesskap.

– Der ser vi at folk får det sosiale behovet dekka. Dei får kollegaer å ete lunsj med og grobotn nye nettverk, heiter det i rapporten.

Får fleire søkjarar

Men fjernarbeid krev ny tenking hos arbeidsgivarane.

– Dei må organisera verksemda på nye måtar. Bruka meir samhandlingsteknologi og utøva leiing på ein litt annan måte, seier Hansen.

Samtidig kan fleksibilitet vera eit konkurransefortrinn.

– Stillingar som vert lyst ut med større fleksibilitet, får fleire søkjarar, viser forskaren til.

Heine Nygard Riise et lunsj i kontorfelleskapet

– Det er viktig å ha nokon å ete lunsj saman med, seier Nygard Riise.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vil setja planane ut i livet

Hardangerrådet ser store moglegheiter i funna i rapporten.

– Dette betyr mykje for heile Distrikts-Noreg, seier Ann Irene Myrheim, dagleg leiar i Hardangerrådet.

Rådet har fått økonomisk støtte frå fylkeskommunen til å setja i gang med fem konkrete tiltak i rapporten.

– Det første er å få på plass ei oversikt over kontorfellesskap i kommunane våre, fortel rådsleiaren.

– Kvifor er desse funna og tiltaka viktige?

– Hardanger treng kompetanse og arbeidsplassar. Vi har mykje å by på, men treng òg arbeidsplass nummer to for partnaren. Om dei kan ta med seg jobben, er det kjempepositivt, meiner Myrheim.

Ann Irene Myrheim, dagleg leiar Hardangerrådet

Ann Iren Myrheim er dagleg leiar i Hardangerrådet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Har blitt i bygda

Heine Nygard Riise og familien på fire har no budd i Lofthus-bygda i tre år.

– Eg trivst godt. At eg fekk halda fram i jobben, var ein føresetnad for at vi skulle flytta.

For Riise var det viktig å vera ein del av eit kontorfellesskap.

– Det hadde ikkje passa meg å sitta på heimekontor, seier han.

På spørsmål om det er nokre negative sider med fjernarbeid, synest Riise at reisevegen til hovudkontoret 350 km unna ein gong i månaden kan vera litt lang.

– Det er litt seigt frå Lofthus til Oslo, men det går fint.

For dei som har ein draum om å flytta til ein mindre plass, har Riise ei klar oppmoding:

– Det er berre å hiva seg ut i det. Ein veit ikkje korleis det fungerer før ein har prøvd.

Heine Nygard Riise på kontoret sitt med fjord og fjell

Frå kontoret har Heine Nygard Riise utsikt til fjord og fjell.

Foto: Tale Hauso / NRK

Publisert 20.10.2025, kl. 20.49

Read Entire Article