DEBATT: Eg får slapt skjelett av svaret på kritikken min til leiinga i Helse Stavanger. Det gjer truleg mange av dei som jobbar der også, og det er problematisk.
Dorrit Vignes
Organisasjonspedagog
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
I eit intervju i Aftenbladet skuldar eg Helse Stavanger for å ta val som gjer det nærast umogleg å ta tak i grums i organisasjonen. Saka gjeld legeflukta på SUS og eg peiker på manglande oppfølging av den varsla legekrisa.
Eg seier: Det verkar ikkje som de har ein god handlingsplan for å sikre at ikkje fleire legar stikk.
Helse Stavanger svarer: me har mange flinke leiarar og me har jobba systematisk med ytringsklimaet vårt.
Svadasvar er velkjent strategi for å sleppe å gjere noko med problema sine. I tåkelegginga avslører i tillegg Helse Stavanger manglande kunnskap om kva som skaper godt ytringsklima på arbeidsplassen.
Manglande ytringseffekt
Fagområdet mitt er leiing og ytringsklima. Eg blei interessert i temaet då eg såg kor ofte manglande dialog hindra organisasjonar i å prestere på topp. Ytringsklima handlar på ein arbeidsplass om korleis gjengen på jobb oppfattar moglegheitene til og konsekvensane av å ytre seg. For at ytringsklimaet skal være godt, må det være trygt å komme med idear, innrømme feil og å snakke om den skyggelagte driten alle arbeidsplassar har - på fagspråk kalla psykologisk tryggleik. I tillegg må organisasjonen ha ytringsffekt, som handlar om å ta hys på det folk seier.
Ytringseffekt er ein strevsam luring, då han inneber dialog med dei ein er ueinig med. Då må organisasjonen ha kapasitet til å romme det som kjem fram. Det er ofte ikkje tilfelle i pressa organisasjonar, og truleg heller ikkje tilfelle i Helse Stavanger. Når me er stressa ramlar me nemleg lett ut av toleransevinduet vårt.
Å være i toleransevinduet beskriver tilstanden når me kjenner oss trygge. Det er her me har kapasitet til dialog - som me treng for å jobbe godt saman. Når me opplever farefulle situasjonar ramlar me lett ut av toleransevinduet, enten ved å flykte eller gå til kamp, eller, dersom dette ikkje er mogleg, overgje oss til liding. I denne siste kategorien går kroppen over i ein tilstand der ein føler mindre frykt og smerte. Ein blir fjern og likeglad. Slik er det med organisasjonar også.
Dette gir slappe skjelett
Når leiargrupper tåkelegg, kan det være ein rasjonell strategi for å dempe kritikk ein ikkje er einig i. Men oftare handlar det om ein stressrespons for å unngå ubehagelege sanningar som ligg i kritikken.
Etter å ha lese Helse Stavanger sitt svar på kritikken min sat eg igjen med den lammande kjensla eg ofte får når eg ikkje blir teken på alvor: eg får slapt skjelett. Når folk ikkje høyrer på meg, startar ofte ein fysiologisk prosess: eg kjenner kroppen blir tyngre. Låg ytringseffekt får for mange ein slik reaksjon: motivasjonen blir svekka, kreftene forsvinn, lufta går ut av ballongen. Står ein i ein slik situasjon over lengre tid, blir ein til sist utbrent og sjukemeldt.
Eg jobbar ikkje på SUS, så det er inga krise at tåkelegginga av legekrisa gjer meg slapt skjelett. Problemet er berre at tåkelegging av interne problem gjer slapt skjelett hjå dei som jobbar på SUS. Arbeidskonfliktar fører også til slapt skjelett hjå dei som er dritleie av å høyre om problema og berre vil få gjort jobben sin.
Eg veit ikkje om tåkelegginga frå leiinga er ei strategisk handling eller stressrespons utløyst av pressa økonomi og ein helseminister som heller ikkje trur me har legekrise. Uansett kva årsaka er, må den stoppe no. Tåkelegging av problemet er nemleg drepande for ytringsklimaet, arbeidsmiljøet og effektiviteten på SUS på lang sikt.
Diagnosen kan vera lederisme
Helse Stavanger vil ikkje snakke om legeflukta på SUS. Spørsmålet er kvifor? Eg trur det heng saman med det professor i leiing, Tom Karp, kallar lederisme, som han meiner infiserer norsk arbeidsliv. Eg deler analysen. Med lederisme flyttast makta frå fagfolk som lærarar, sjukepleiarar og legar, til ein styrande leiarklasse utan lojalitet til andre enn seg sjølv og sine overordna. Karp meiner denne maktforskyvinga trugar både verdiskaping og tilsette sine moglegheiter til å påverka. Folka i organisasjonen blir beint fram umyndiggjorde. Eg meiner også det er teikn i tida som tyder på at lederismen er sjølvforsterkande. Ytringsfridomskommisjonen sin rapport viser nemleg at mange meiner ytringsrommet for arbeidstakarar både er og bør vera lite.
Eg er ikkje profet for grenselause organisasjonar, frie for hierarki. Eit avvisande styrevedtak er ikkje einstydande med at systemet undertrykkjer kritiske stemmer. Når det er sagt, legg organisasjonar litt for ofte lokk på viktige samtalar. Eg håpar Helse Stavanger framover droppar tåkelegginga og tek seg tid til konstruktive samtalar om legeflukt på SUS.
Publisert:
Publisert: 30. september 2025 15:44