Efta-domstolen gir naturrørsla medhald i Førdefjorden-søksmål

1 month ago 41



– Dette er ein stor siger, og det betyr at dommen frå Oslo tingrett var feil, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.

Nå ser vi fram til å møte staten i lagmannsretten for å sette ein endeleg stoppar for dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Efta-domstolens «dom» er berre ein rådgivande uttale, men tel med når det såkalla Fjordsøksmålet kjem til ankebehandling i Borgarting lagmannsrett i juni.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har saksøkt staten for løyvet til å dumpe opptil 170 millionar tonn med gruveavfall i Førdefjorden, men tapte da saka var oppe i Oslo tingrett i fjor.

Kan ikkje berre vere sånn at pengane rår

Det springande punktet er kva som kvalifiserer til «overordna offentleg interesse».

Den norske staten har argumentert med distriktspolitiske omsyn og at gruvedrifta vil gi inntekter til eigarar, tilsette og det offentlege.

Det kan ikkje berre vere sånn at pengane rår, sa jurist i EU-kommisjonen, Lorna Armati, i den innleiande høyringa i fjor haust.

Nå har domstolen konkludert med det same.

Domstolen gir ei nyttig avklaring av korleis direktiva skal tolkast og understrekar at det må gjerast ei konkret vurdering frå sak til sak, noko vi også har argumentert for, seier Karen Mellingen hos Regjeringsadvokaten, som fører saka på vegne av den norske staten.

Ho legg til:

At reine økonomiske interesser ikkje kan vektleggast aleine, er ikkje overraskande. Men domstolen uttaler også at omsynet til arbeidsplassar i enkelte område og forsyningssikkerheit av kritiske råvarer, kan vere legitime omsyn i løyvet til eit slikt prosjekt.

Oslo Tingrett en desemberkveld.

– Det blir nå opp til lagmannsretten å avgjere om løyva i Engebø-saka er lovlege, seier Karen Mellingen hos Regjeringsadvokaten.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Legg føringar for den europeiske mineralstrategien

Det har knytt seg stor spenning til domsavseiinga.

Ikkje berre fordi han tel med når det såkalla Fjordsøksmålet kjem til ny behandling i Borgarting lagmannsrett seinare i år.

Men også fordi han legg føringar for den europeiske mineralstrategien og meir enn 160.000 vatn, vassdrag og fjordar i EU-området.

Tolkinga til domstolen vil bli lagt til grunn i saker som omhandlar forureining av vassressursar.

Parallelt med rettssaka har gruveselskapet Nordic Mining så smått starta verksemda, og før jul melde selskapet i ei børsmelding at dei første mineralkonsentrata var produserte.

Driftstida er i første omgang sett til 39 år.

  • Haltbrekken, Lars

    William Jobling / NRK

    Lars Haltbrekken, SV

    Dette var gode nyheiter! Eg er glad for at Efta-domstolen klarer å sjå verdien av norsk natur når den norske regjeringa ikkje gjer det. Å dumpe gruveavfall i reine fjordar er omtrent så gammaldags og miljøskadeleg som du får det. Det er ein alvorleg trussel mot livet i reine norske fjordar. Nå reknar eg med at regjeringa omgåande blir stansa dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden.

  • Sigrid Margrethe Hoddevik Losnegård i Natur og Ungdom

    Isabelle Dorothy Fuglevig Poole

    Sigrid Hoddevik Losnegård, leier i Natur og Ungdom

    Her er vi med på å skrive miljøhistorie. Ikkje berre fordi vi kan hindre øydelegging av Førdefjorden, men også fordi vi har bidratt til å halde oppe forbodet mot forureining av fjordar, elvar og vatn i heile EU-området

  • Truls Gulowsen

    Richard Aune

    Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

    Dette viser at vi hadde god grunn til å ta denne saka til Efta-domstolen. Staten braut vassdirektivet da løyvet til gruvedumping blei gitt, og dommen frå tingretten bygger på den same feilaktige tolkinga. Nå forventar vi at lagmannsretten rettar opp denne feilen og kjenner løyvet ugyldig.

  • Amund Noss, advokatfirmaet Kluge

    privat

    Amund Noss, advokaten til miljøorganisasjonane i CMS Kluge

    Vi er tilfredse med at vi har fått fullt gjennomslag for argumentasjonen vår i Efta-domstolen

  • Anne-Line Thingnes Førsund

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Anne-Line Thingnes Førsund i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

    Vi er utruleg takksame for dommen frå Efta-domstolen, i tillegg til den enorme støtta frå det store fleirtalet i Noreg, frå faginstansar og store næringsorganisasjonar. Vi ser nå fram til at Borgarting lagmannsrett legg Efta-dommen til grunn i ankesaka i juni, at løyvet til utslepp av gruveavfall blir kjent ugyldig og deretter trekt

Kamp i 19 år

Det politiske slaget om sjødeponiet har gått føre seg meir eller mindre sidan 2006, og i 2023 varsla Oslo tingrett at dei måtte utsette dommen på grunn av «kompleksiteten og varigheita» i saka.

Da dommen kom og miljørørsla tapte, måtte dei også betale sakskostnader til staten.

Rekninga skapte debatt om det bør vere eit eige – og rimelegare – klageorgan for miljøsaker, slik saker om arbeidsforhold kan klagast inn til Tvisteløysingsnemnda.

Andre har innvendt at domstolen ikkje bør bli ein arena for det som i botn og grunn er politiske omkampar.

Agnes Mathilde Lægreid og Håvard Brændeland venter på at arbeiderne skal forlate anleggsmaskinene og stoppe arbeidet.

Økonomiske omsyn er ikkje grunn gode nok til å tillate fjorddeponi. Det slo Efta-domstolen fast i dag.

Foto: AMANDA IVERSEN ORLICH / Natur og ungdom

Publisert 05.03.2025, kl. 14.40

Read Entire Article