E6 opnar tidlegare enn planlagd

2 hours ago 1



E6 mellom Fauske og Rognan har vore stengt i ei veke på grunn av skader på ein støttemur.

Det vart rekna at vegen måtte vere stengt i opp til ti dagar.

Statens Vegvesenet har no fått på plass ei 54 meter lang midlertidig bru den over den skadde muren, ei veke etter stenginga.

Dei ventar å kunne opne vegen i eit felt på strekninga kl. 15 torsdag.

– Det som står att er siste lag med asfalt, som blir lagt i kveld. Me må også sette opp permanente skilt, seier Kristian Riddervold Andreassen, byggeleiar bruvedlikehald i Statens vegvesen.

I tillegg skal dei ordne utfylling på sida av rekkverk og finjustere trafikklys, opplyser han om.

– Me skal sjekke at alt fungerer, sånn at trafikken kan setjast på klokka tre i morgon, legg til Andreassen.

Read Entire Article