Droneaktivitet over lufthamner: – Dette er ikkje gutestrekar

6 days ago 15



Droneaktivitet førte til stenging av Kastrup lufthamn i København og Oslo lufthamn måndag kveld.

– Dette er ikkje gutestrekar.

Det seier Tom Røseth ved Forsvarets kommando- og stabsskole til NRK.

Det er ikkje kjent kven som står bak dronane, men ifølgje Røseth må det vere nokon med ressursane til det.

Også Njord Wegge, professor ved Krigsskolen, meiner hendingane ber preg av å vere utført av nokon med høg kompetanse.

– Mykje talar for at dette er store system og at det er profesjonelle som flyg dei, seier Wegge til NRK.

Danske, norske og svenske myndigheiter samarbeider no med å etterforske saka.

– Målet er å forstyrre og skape frykt

Røseth fortel at mønsteret på droneaktiviteten i Danmark tyder på at det ligg ressursar bak.

Det på bakgrunn av dronane sin storleik og type, i tillegg til at dei kom frå ulike himmelretningar.

– Då blir ein meir sikker på at det er ein intensjon, seier Røseth.

– Danmark er blant dei som er mest ivrige og er veldig gode på gi Ukraina støtte, og det kan hende at det er eit mogleg motiv der frå russisk side, legg han til.

En gruppe politifolk

Danske, norske og svenske myndigheiter samarbeider om etterforskinga. Biletet viser dansk politi ved Kastrup flyplass natt til tysdag.

Foto: Johan Nilsson / TT / NTB / TT / NTB / NTB

Røseth forklarer at det er ein hybridkrig frå Russland mot vestlege land, og at sabotasjetrusselen er høg.

– Det er naturleg at vi ser det i samanheng. Det kan vere folk som gjer dette på eige initiativ, der dei er motivert av Russland sin politikk eller støtta til Ukraina.

Røseth forklarer at både norske og danske myndigheiter klar over at kriminelle blir rekruttert til å utføre slike handlingar for andre.

Då blir det vanskeleg å vite kven som eigentleg står bak. Ofte skjer rekrutteringa digitalt, og dei som utfører handlingane kan få betalt i kryptovaluta.

Portrett av Tom Røseth - Mann med mørk blå jakke og lyseblå skjorte, ser alvorlig i kamera.

Tom Røseth er professor ved Forsvarets kommando- og stabsskole.

Foto: Victoria Cicely Dørheim Ho-Yen / NRK

– Målet er jo å forstyrre og skape frykt. Kanskje avskrekke Ukraina si støtte og skape tvil, seier Røseth.

– Få Danmark til å føle at dei er i ein del av ein konflikt eller krig. Det blir jo eit heilt anna alvor når ein får konsekvensar heim, legg han til.

Røseth trur det også kan vere samanheng med dronane i Noreg.

Politiet var på plass ved Kastrup lufthamn etter observasjonar av dronar.

Foto: STEVEN KNAP / AFP / NTB

Russland avviser å stå bak

Ein talsperson for Kreml seier at Russland ikkje er involvert i dronane som blei observert over Kastrup.

– Vi høyrer grunnlause skuldingar derfrå kvar gong, seier talsperson Dmitrij Peskov under ei pressekonferanse.

Journalistar frå nyheitsbyrået AFP var til stades under pressekonferansen.

Også Mark Rutte, generalsekretær i Nato, meiner at det er «for tidleg å seie» om Russland står bak dronane.

– Vi kjenner ikkje motivet bak

Statsvitar Paul Buvarp ved Forsvarets forskningsinstitutt er samd med Rutte i at det er for tidleg å seie noko om kven gjerningspersonen er.

Samstundes er Buvarp tydeleg på at situasjonen i København kan tyde på meir avanserte dronar.

– Spesielt i Danmark har dei peika på at dette er ganske tunge, store ting. Så det kan peike på ta det er nokon med meir evne enn dei med hobbydronar.

Paul Buvarp

Paul Buvarp er seniorforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt.

Foto: Privat

Buvarp trur formålet er å teste system, men at dette er for tidleg å slå fast.

– Det er farleg fordi det er ei forstyrring som kan skape uro og mistillit til at systema funkar.

– Vi har også sett i andre tilfelle at ein testar reaksjonsmønster, altså ei slags kartlegging av systemet vårt. Men eg må understreke at vi ikkje kjenner motivet bak.

Buvarp understrekar at dronar er eit nytt teknologisk framsteg som gjer det er vanskeleg for Noreg å spore dronane.

Spent forhold mellom Russland og Vesten

Njord Wegge meiner at det er mykje som talar for at hendingane kan bli sett i samanheng med det spente forholdet mellom Russland og Vesten.

Det etter at polsk og estisk luftrom nyleg blei krenka av Russland.

Professor ved Krigsskolen, Njord Wegge på NRK 1

Njord Wegge er professor ved Krigsskolen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Konteksten kor du har eit spent forhold mellom Russland og Vesten er relevant.

– Det er indikasjonar som peikar i retning av at det kan vere statlege aktørar med hensikt om å teste oss.

Wegge trur hendingane blei gjort for å stresse og teste eit system.

– Dette er ein ny type trussel. Det er ei svært uønskte hending.

Ikkje teikn til samanheng

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) ser på droneaktiviteten over Oslo lufthamn med «stort alvor».

Politiet etterforskar saka i samarbeid med blant anna PST og Kripos.

en kvinne med et malt ansikt

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

– Det er ingen teikn til at dette har samanheng med hendingar i andre land, seier Aas-Hansen til NRK.

– Det er viktig å understreke at flytryggleiken ikkje har vore trua. Avinor har handtert dette i tråd med sine rutinar i tett dialog med flyselskapa.

Publisert 23.09.2025, kl. 13.54 Oppdatert 23.09.2025, kl. 13.55

Read Entire Article