Frå ei datamaskin i Oslo skal justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen styre ein drone i Bergen.
Politidirektoratet har laga til eit fiktivt kontrollsenter under opninga av politiet sin nasjonale pilot for bruk av dronar som førsterespons (DFR).
Dronane som Aas-Hansen styrer, blir til vanleg handtert av pilotar ved Politiets nasjonale beredskapssenter.
– Eg tenker at det er godt at det er de som sit her og ikkje meg, seier justisministeren i det øvinga er over.
Dronane til politiet står klare i automatiserte hangarar på toppen av utvalde bygningar, og kan ta av på 10 til 15 sekund.
Det gjer at dronane kan vere på plass og få oversikt over ei hending på berre fire minutt. Vanleg responstid er på om lag 10 minutt.
– I politiarbeid er situasjonsforståing veldig viktig. Ei rask og presis situasjonsforståing gir god rettleiing for kva ressursar politiet har behov for å sette inn, seier politidirektør Håkon Skulstad.
Dronane er del av ein nasjonal pilot fram til 2028. Piloten er allereie testa ut i fire politidistrikt og har kapasitet til å dekke om lag 23 prosent av befolkninga.






Drone som tar av frå ein automatisert hangar.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRKDronar som reddar liv
Når politiet får melding om ei hending, sender dei ein ledig drone ut.
Dronen rapporterer tilbake til operasjonssentralen og innsatsleiar for å gjere patruljane førebudd i det dei kjem fram.
– Det er tryggleik for innbyggarane og ikkje minst tryggleik for folka våre som veit kva som møter dei, seier Skulstad.
– Vi har oppklart mange saker gjennom bruk av dronar og ikkje minst redda liv gjennom redningsaksjonar, legg politidirektøren til.
Politidirektør Håkon Skulstad (midten) meiner at dronane er eit viktig verktøy i politiet sitt arbeid.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRKSjølv om politiet skal ta i bruk dronar på oppdrag, understrekar politidirektøren at det ikkje er snakk om overvaking av personar.
– Befolkninga skal ikkje vere redde for at politiet no følger med på alt som skjer, seier Skulstad.
– Vi bruker dronane til å rykke ut når vi har fått melding om ei hending, og på grenseovervaking på vår Schengen yttergrense mot Russland.






Her flyr ein drone over grenseområdet mot Russland i nord.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRKKinesisk leverandør
Dei fleste dronane som politiet bruker er frå den kinesiske produsenten DJI.
– Vi har eit ganske omfattande program for å sikre at informasjonstryggleiken er ivaretatt, seier Jørgen Lunde Ronge, operativ leiar for dronetenesta.
To av tryggingstiltaka er lukka nettverk og grundige undersøkingar av produkta.
– Vi monitorerer marknaden veldig tett og ønsker å bruke dei løysingane som fungerer best i politioppdraget, men som også har tilstrekkeleg informasjonstryggleik, legg han til.
Justisministeren får forklart korleis dronane fungerer i politiarbeidet av Jørgen Lunde Ronge.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRKPolitidirektøren understrekar at politiet tar forholdsreglar kontroll på data som blir lagra i «politiet sine løysingar».
– Softwaren og teknologien i desse dronane har vi skifta ut, seier Skulstad.
Politiet skal etter kvart trekke seg heilt ut av dronar med kinesisk produsent, ifølge Skulstad.
Frå ein automatisert hangar på toppen av ein bygning tar dronane av.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRK– Vil gjere Noreg tryggare
Ein rapport frå prøveprosjektet skal vere klar innan 2028.
Fram til då skal politiet blant anna finne ut av:
- Korleis rulle ut prosjektet i alle distrikta?
- Kor skal dronane plasserast?
- Kva utfordringar fører prosjektet med seg?
Politidirektøren er trygg på at dronane er eit verktøy som «allereie er og blir viktig for norsk politi framover».
Det er tenestepersonar frå Politiets nasjonale beredskapssenter som til dagleg har kontroll over dronane.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRKJustisministeren er opptatt av å lytte til kva politiet treng for å «jobbe så effektivt som mogleg for å løyse sitt samfunnsoppdrag».
– Det viktige no er at vi har lagt til rette for at politiet kan ta i bruk dronar, saman med nye metodar og andre verktøy, seier Aas-Hansen.
Ho trur at dronane kan bidra til å gjere det tryggare både for innbyggarar og politibetente.
– Dette i kombinasjon med den viktigaste ressursen, nemleg politifolka, vil gjere Noreg tryggare og gi betre politikraft, seier justisministeren.
Hei!
Takk for at du las saka!
Har du tankar om det du har lese, eller innspel til kva eg bør skrive om neste gong?
Send meg gjerne ein e-post – både om stort og smått!
Publisert 21.06.2026, kl. 17.19











English (US)