– Folk ringjer, kjem innom og sender meldingar på både SMS, Facebook og Instagram. Men det er rett og slett ikkje levert nok drakter til Noreg, seier Steffen Tysse Sandvoll ved Intersport Sogndal.
Då NRK er innom butikken, heng eitt einsleg eksemplar i storleik XXL.
Om alt hadde gått etter planen, skulle dei hatt 70 drakter i alle storleikar tilgjengelege.
Når, eller om dei kjem, kan ikkje butikken seie.
Fleire av dei ledande sportsforretningane i landet opplyser til NRK at dei berre har teke imot ein brøkdel av draktene som skulle vore leverte frå Nike.
– Mellom 5 og 10 prosent, anslår den eine.
Han karakteriserer dialogen med draktprodusenten som skjør og anstrengt, og ønskjer derfor ikkje å stå fram med namn.
Medan VM-feberen herjar, melder sportsbutikkar over heile landet om drakttørke. I Sogndal merkar butikksjef Steffen Tysse Sandvoll pågangen frå fortvila kundar som vil ha drakter til både gåver og eige bruk, men hyllene gapar tomme.
Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRKEi mindre sending via luftvegen
NRK sine kjelder sporar problema tilbake til månadsskiftet februar – mars, rett før lanseringa av den nye landslagsdrakta.
Då skulle den «rekordstore» leveransen på 250.000 drakter kome med skip til Noreg. I staden kom ei mindre sending via luftvegen.
Dette er draktene som norske forhandlarar og kundar sidan har kjempa om.
På toppen vart Hormuzsundet blokkert i mars, og sende sjokkbølgjer inn i den globale varehandelen.
NRK har kontakta draktprodusenten Nike, men har ikkje fått svar på spørsmåla våre.
I mellomtida må sportsbutikkar over heile landet sende VM-tørste kundar på dør med uforretta sak.
Vil du ha deg ein landslagsdrakt?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Uheldig for både sportsbutikkar og supporterar
Administrerande direktør i Norsk Sportsbransjeforening, Trond Evald Hansen, er godt posisjonert til å «snike i køen», men er blant dei som ikkje har lukkast med å skaffe seg den nye drakta.
– Eg står på venteliste for ei drakt i storleik medium, seier han.
Han karakteriserer det kommersielle suget etter den nye fotballdrakta som «enormt».
– Det er sjølvsagt uheldig for både sportsbutikkar og supporterar at drakter ikkje er tilgjengelege når etterspurnaden er på topp.
250.000 drakter skulle svara ut den norske VM-feberen, men berre ein brøkdel av rekordbestillinga har faktisk kome fram.
Grafikk: Intersport.no– Vi er like lei oss som kundane
Anders Fjeld er sjef i Sport Holding AS, som kontrollerer fleire av dei mest kjente sportskjedene i landet.
– Vi er like lei oss som kundane for at draktene ikkje har kome, og kryssar fingrane kvar dag for at dette løyser seg, seier han.
Medan andre nasjonar lanserte VM-draktene allereie i fjor haust, kom den norske varianten først for nokre veker sidan.
– Det er lett å seie det no, men timingen på lanseringa har vore eit tema, og den ser dum ut i ettertid, seier Mikkel Frodahl i Avery Dennison, som trykkjer logoar, namn og nummer på draktene.
Han meiner at alle partar i verdikjeda burde ha kjøpt seg meir tid og teke høgde for forseinkingar i varehandelen i ei uroleg verd.
Hormuzsundet er kanskje mest kjent som verdas viktigaste transportåre for olje, men uro i dette området (og det nærliggjande Raudehavet) forplantar seg raskt til heile den globale skipsfarten.
Foto: Lokman Ghorbani / NRKNFF: – Kjekt å sjå den store interessa
NFF svarer at det er Nike som har ansvaret for lanseringstidspunktet, då dette inngår i ein stor portefølje av landslagsdrakter frå den same produsenten.
– Det er utruleg kjekt å sjå den store interessa rundt draktene og landslaget om dagen, seier sponsoransvarleg i NFF, Jan Ove Nystuen.
Han legg til:
– At butikkane er utselde, skuldast forseinkingar i sendingane frå fabrikkane, ikkje at det er tomt hos leverandøren.
Trond Evald Hansen, administrerande direktør i Norsk Sportsbransjeforening
Interessa er imponerande. At NFF har tinga 250.000 drakter, fem gonger meir enn normalt, viser at dei har vore offensive. Samstundes er det fornuftig å unngå for høg risiko med varelagera. Me ser liknande trendar innan skøyter og løp når etterspurnaden eksploderer. Dette seier mykje om kor viktig VM er for nordmenn. Eg gleder meg stort, og står sjølv på venteliste for ei drakt i storleik medium.
XXL
Theodor Sandegren, Senior Commercial Manager Team Sports i XXL
Vi er i same situasjon som andre forhandlarar. Det er beklageleg med tanke på norske fans som ønskjer seg trøyer, men vi trur og håpar at vi får varer i tide til VM slik at vi kan starte folkefesten som planlagt. Vi er rett og slett nøydde til å smørje oss med tolmod. Målet er at alle supporterar skal vere klare til meisterskapen, men akkurat no må vi berre vente på leveransane.
June Erdalsdal Kolstad / NRK
Mikkel Frodahl, leder ved Avery Dennison i Gaupne
Hormuz-proppen råkar vareflyten frå Asia og skapar globalt kostnadspress. Situasjonen ligg utanfor vår kontroll, og råkar Nike særleg hardt sidan andre merke lanserte tidlegare. I staden for å klandre NFF, bør ein hylla at drakta er populær. Vi har namn og tal klare på lager i Noreg, og står klare til å levere så snart draktene kjem til butikk, slik at flest mogleg får drakt før VM-start.
Heiko Junge / NTB
Øystein Larsen, dagleg leiar i Scan Trade AS
Etterspurnaden etter landslagsprodukt er svært høg. Vi har relansert eldre drakter og opplever stor interesse. Når det gjeld global handel, har vi ikkje merka konkrete problem med Hormuzsundet enno; våre skip har lenge segla rundt Afrika, noko vi har planlagt for. Det er inga tvil om at interessa rundt landslaget no er vesentleg større enn på mange år.
NFF
Jan Ove Nystuen, merkevareansvarleg i NFF
Interessa er utruleg gøy. Nike set lanseringstidspunktet, ikkje NFF, og det vert koordinert globalt. Vi har ikkje undervurdert marknaden; 250 000 drakter er ny rekord, mot 50 000 tidlegare. At butikkane er tome, skuldast forseinkingar i sendingar frå fabrikkane, ikkje at leverandøren er utseld. Forhandlarane gjer sine egne bestillingar, og vi håpar flest mogleg får drakt før meisterskapen.
Sport Holding AS
Anders Fjeld, sjef i Sport Holding AS
Vi er like leie oss som kundane for at draktene ikkje har kome enno. Det er ei svært uheldig situasjon for alle partar når etterspurnaden er så stor og interessa for landslaget er på topp. Vi følgjer situasjonen tett og håpar i det lengste på ei snarleg løysing. Vi kryssar fingrane kvar einaste dag for at draktene snart er på plass i butikkane, slik at supporterane får det dei ventar på.
Heiko Junge / NTB
Christoffer Høistad
Butikkmedarbeidar Christoffer Høistad fortel om hundrevis av kjøpelystne kundar som er innom Unisport-butikken i Oslo. Pågangen er enorm, og mange er på jakt etter den nye landslagsdrakta. Det er tydeleg at fotballfeberen herjar i hovudstaden, og dei tilsette gjer det dei kan for å hjelpe alle som kjem innom. Diverre må mange gå tomhendte heim medan dei ventar på nye leveransar til butikken.
Even Bjøringsøy Johnsen / NRK
Ole Christian Sandvik, talsperson for Norsk supporterallianse
Det er eit kjent problem at etterspurnaden etter drakter er større enn tilbodet. Klubbar har lenge nedprioritert supporterutstyr; ofte er produkta både kjipe og baserte på malar som gjer alle like. Her har norsk fotball eit stort ubrukt potensial for både inntekt og synlegheit. Tromsø har suksess med eigen butikk, men generelt er det for vanskeleg å få tak i kule klede til eigne fans.
Publisert 10.05.2026, kl. 16.22
















English (US)