Dopingsaka til søstrene forbløffar idretten: – Veldig merkeleg

3 weeks ago 24



– Det er ei veldig merkeleg sak, seier Vebjørn Rodal, NRKs friidrettsekspert.

Denne veka vart det klart at den tyske distanseløparen Sara Benfares er utestengd i fem år for dopinglovbrot.

Ifølge NADA, antidopingbyrået i Tyskland, blei det funne fem forbodne stoff i totalt tre dopingtestar mellom september i fjor og januar, blant dei EPO og testosteron.

– Det kan difor antakast at stoffa vart tekne og brukte kontinuerleg over ein viss tidsperiode, heiter det i ei fråsegn frå NADA.

Vebjørn Rodal

EKSPERT: Vebjørn Rodal.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen / NRK

Antidopingbyrået skriv at dei gjekk lenger enn den vanlege fireårsstraffa på grunn av «skjerpa omstende». Dommen kan ankast innan 20 dagar.

Den spesielle saka har fått mykje merksemd over heile verda dei siste månadene. Noko av årsaka er truleg forklaringa til løparfamilien om kvifor Benfares vart teke for doping.

Hevdar ho blei medisinert

Ifølge nyheitsbyrået DPA har Samir Benfares, faren og trenaren til Sara, hevda overfor ein fransk nettstad at dottera fekk i seg dei ulovlege stoffa etter å ha blitt medisinert for beinkreft.

Ekstra Bladet og fleire andre medium skriv at Benfares har lagt ut bilde på Instagram der ho har dokumentert sjukehusbesøk.

– Dette har vore kvardagen min i over eit år no. Eg er lei av å måtte rettferdiggjere behandlinga mi overfor styremaktene, skreiv ho, ifølge den danske avisa.

Friidrettsekspert Vebjørn Rodal påpeikar at EPO finst i medisin som blir brukt til kreftbehandling. Han stussar likevel over kommunikasjonen mellom familien og antidopingstyremaktene.

– Ein kreftdiagnose skal jo eigentleg vere lett å vere transparent på. Eg synest ikkje faren og trenaren har vore særleg behjelpeleg til å gjere saka transparent. Det er litt skremmande, seier Rodal.

World Athletics Championships

TOK SEG HEILT UT: Sara Benfares sprang inn til 12. plass på 5000-meteren i Eugene-VM. Etterpå blei ho frakta ut i rullestol.

Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

No risikerer 22-åringen, som vart nummer 12 på 5000 meter i Eugene-VM i 2022, å bli dømt i retten. Doping er straffbart i Tyskland.

Det er likevel ikkje berre Sara Benfares som har hamna i trøbbel hos dopingstyremaktene.

Veslesøster også i trøbbel

Veslesøster Sofia testa også positivt for EPO i fjor. Ho blei testa utanfor konkurranse, og resultata av den positive prøva vart klar etter at saka til storesøstera blei kjent.

NADA har førebels ikkje teke stilling til saka til veslesøstera.

Søstrene har representert Tyskland, men vaks opp i nærleiken av Paris. I kjølvatnet av dopingsaka vart Sara og Sofia – og ei tredje søster – kasta ut av den tyske klubben LC Rehlingen.

– Klubben kjenner dei har fått dårlege svar frå trenaren og faren – og har kasta dei ut, forklarer Rodal.

Advokat Dubravko Mandic har representert storesøster Sara Benfares i dopingsaka. Han avslørte førre månad at 22-åringen har lagt opp som følge av sjukdommen.

Lyon snudde kampen fra 0-2 til 3-2 på få minutter 01:13

Publisert 21.04.2024, kl. 10.26 Oppdatert 21.04.2024, kl. 10.27

Read Entire Article