Dømt til fengsel for alvorleg miljøkriminalitet

6 days ago 4



Tidlegare dagleg leiar for Miljøservice Eide er dømt til fengsel i eitt år og tre månader i Frostating lagmannsrett. Han er også dømt til å betale ei erstatning på nesten 17 millionar kroner.

Mannen blei tysdag dømt for alvorleg miljøkriminalitet og økonomisk kriminalitet. Dommen var einstemmig.

«Lagmannsretten er ikke i tvil om at NN, gjennom sin virksomhet, har oppbevart store mengder avfall, herunder farlig avfall, i strid med gjeldende tillatelse fra statsforvalteren i en svært lang periode. Den samlede bevisførselen etterlater ingen tvil om dette.» står det i dommen.

– Vi ser dei siste åra at ein ønsker auka straff for slik type kriminalitet. Vi er tilfredse med at lagmannsretten følgjer oss, med at slik miljøkriminalitet skal straffe seg, seier aktor Sandra Grøtta Krakeli.

To aktorer sitter i en rettssal.

Aktor Sandra Grøtta Krakeli og Magne Nyborg i retten.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Tonnevis med søppel og farleg avfall fekk ligge neste urørt i 12 år på tomta til avfallsbedrifta på Nordmøre. Trass i fleire varsel og pålegg om å rydde opp.

Saka er omtalt som ei av dei verste miljøkatastrofene i Noreg.

En gruppe mennesker som går på et søplete område

Mykje av søppelet ligg skjult under bakken på tomta.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ankar dommen

Mannen blei i tingretten dømt til fengsel i 11 månader. Han anka til lagmannsretten, der dommen blei skjerpa til eitt år og tre månader.

Mannen har allereie anka dommen som kom i lagmannsretten tysdag.

Det seier forsvararen til mannen, Edvard Eide.

– Vi meiner til dels at dommen byggar på uriktig faktum, og enda verre at den byggar på ufullstendig jus. Så saka vil nok hamne i Høgsterett, seier Eide.

Eide seier dei er ueinig i korleis retten har vurdert det forvaltningsrettslege.

– Lovbestemmelsen rammar all slags forureining, men ikkje forureining som det blir gitt løyve til av styresmaktene. Det synest vi lagmannsretten har hoppa litt lettvint over, seier Eide.

en mann i rettskappe og slips

Edvard Eide er forsvarar for mannen.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Ueinig i fordeling av skuld

Lagmannsretten meiner at mannen har «vist en total mangel på respekt for å drive innenfor den tillatelsen han har fått», medan forsvaret meinte at mannen måtte frifinnast.

Dei meiner at Statsforvaltaren må ta ein større del av skulda for at det gjekk så langt.

Lagmannsretten var ikkje einig.

«Lagmannsretten er ikke i tvil om at den virksomheten som NN drev har medført stor fare for forurensning. Sett hen til den meget store mengden usortert avfall, herunder farlig avfall, som mer eller mindre kontinuerlig har befunnet seg på eiendommen i den lange perioden med drift i strid med gitte tillatelser, en manglende respekt for å utbedre avvik og i realiteten etablering av et deponi uten tillatelse, foreligger det klart skjerpende omstendigheter.»

Vil ta lang tid å rydde opp

Etter at Miljøservice Eide slo seg konkurs i 2020, blei Statsforvaltaren sittande med ansvaret for oppryddinga. Dei meiner det kan koste opp til 129 millionar kroner å rydde opp.

Mellom 2022 og 2024 blei det fjerna 4352 tonn søppel og 137 tonn farleg avfall frå tomta. Søppel og farleg avfall ligg framleis nedgrave i vollar og i grunnen på eigedommen.

Under revidert nasjonalbudsjett, som kom i vår, gav staten 26,3 millionar kroner til å rydde opp på tomta.

Fortsatt ligger det igjen mye søppel etter Eide Miljøservice.

Trass stor opprydding ligg det framleis store mengder søppel i bakken på tomta.

Foto: Eirik Haukenes / NRK Luftfoto

Publisert 23.09.2025, kl. 13.00 Oppdatert 23.09.2025, kl. 14.28

Read Entire Article