– Brannvesenet har søkt gjennom bustadane, og har ikkje funne andre personar, seier John Pilskog i politiet.
Politiet seier til NRK at det skal vere fire personar registrert på adressa. Det kjem mykje røyk frå brannen, og naboar blei bedd om å lukke vindauge til brannen var sløkt.
– Me har kontroll på dei som budde i den andre bustaden, seier politiet.
Brannen blei meldt rundt klokka 17 i ettermiddag, da det skal ha komme kraftig røyk frå taket.
Brannvesenet tok tidleg ned flammane i taket på bygget, og hindra dermed spreiing til andre hus.
Publisert 02.11.2024, kl. 18.48 Oppdatert 02.11.2024, kl. 19.27