– Det er dagleg tjuveri. Vi slit med det kvar einaste dag, fortel Olve Otterlei Bruheim.
Han er dagleg leiar på Bunnpris-butikken som ligg i eit av dei travlaste kryssa i Trondheim.
Når dei melder tjuveria til politiet blir mange av sakene lagt bort med ein gong, fortel Bruheim.
– Vi føler ikkje at det er noko som skjer eller at det blir tatt hand om problemet.
– Så vi føler ikkje at det har så mykje hensikt lenger.
På ti år har talet på mindre tjuveri frå butikkar som blir meldt til politiet dobla seg.
DinSide.no har også omtalt auken i tjuveri.
Butikken ligg like ved ein travel busshaldeplass. Mange som stel hopper rett på ein buss utanfor butikken før dei blir stansa, fortel Bruheim.
Foto: Henning Levold / NRK– Kjipt å sjå at det berre blir lagt bort
Bruheim fortel at dei jamleg tar all slags folk i å stele frå butikken.
– Det er jo nokre «lokale heltar», men anna enn dei er det nesten «alle», fortel han.
– Eg har vore borti folk i 60–70 åra som prøver å stele, ungdommar og folk ned i 7-8-års alderen.
Statistikk frå SSB viser at talet på butikktjuveri som blir meldt til politiet har stige kraftig.
For talet på mindre tjuveri har talet blitt dobla dei siste ti åra.
At både han og dei tilsette må hanskast med situasjonar der dei må stoppe folk som stel, synest Bruheim er dumt.
– Det er jo dramatisk i starten, men så blir ein vant med det etter kvart.
– Det er jo det som er drit.
– Det er eit økonomisk problem. Vi taper pengar kvar einaste dag folk stel, fortel Bruheim.
Foto: Henning Levold / NRKSjølv om politiet sjeldan gjer noko med sakene, så fortset dei å melde tjuveria til politiet, fortel Bruheim.
– Det er jo demotiverande og ein føler ikkje at ein kjem noko veg. Men vi må jo berre fortsette å gjere det.
– Når det er gjentatte tjuveri frå dei same personane så er det kjipt å sjå at det berre blir lagt bort og lagt bort og lagt bort.
Tal frå SSB viser at politiet oppklarar omtrent like mange tjuveri som for ti år sidan.
Samstundes har talet på saker som blir lagt bort skote i vêret. I 2024 blei nesten halvparten av tjuveria som blei meldt til politiet lagt bort:
– Må prioritere blant knappe ressursar
– Det er nok fleire som melder det til politiet fordi det har blitt enklare også er det nok også fleire tjuveri, seier Kjell Steinar Wibe.
Han er seksjonsleiar for etterforsking i Trondheim sentrum.
– Det er dumt at det er mykje tjuveri og vi forstår godt at handelsnæringa er frustrert.
Wibe fortel at politiet må prioritere kva dei bruker ressursar på.
Foto: Henning Levold / NRKSamstundes peiker Wibe på at dei får tydelege føringar for kva saker dei skal prioritere.
– Trøndelag politidistrikt har fått ei tydeleg føring på at vi skal ressurssette vald i nære relasjonar, seksuelle overgrep mot barn, ungdomskriminalitet og kriminelle nettverk høgast.
Det gjer at andre typar kriminalitet blir prioritert lågare, fortel Wibe.
– Da blir det ressurssett lågare enn det vi gjerne skulle ha ønskt.
– Eg skulle gjerne ha hatt meir ressursar til å etterforske alt, også disse sakene.
– Så er kvardagen sånn at vi må prioritere blant knappe ressursar.
Henning Levold / NRK
Petter Inti Haarsaker Gjerde
– Det er fint at vi har eit samfunn der vi kan stole litt på kvarandre, seier Gjerde.
Han synest det er synd dersom fleire enn før stel.
– Det øydelegg jo for resten som faktisk betaler for det vi har tatt.
Gjerde fortel at han aldri har stole noko sjølv.
– Men om eg nokon gong får ungar og dei stel, så skal eg ta dei med tilbake til butikken og sørge for at det blir gjort opp.
Henning Levold / NRK
Ben Rodriguez og August Gåsmo
– Tidlegare har eg høyrd om kompisar som stel litt, men ikkje i det siste, fortel Gåsmo.
Han fortel at kompisane stal godteri da dei var yngre.
– Men det er nokre år sidan no da, seier Gåsmo som no er 18 år.
Rodriguez trur dei sjølvbetente kassene gjer det enklare å stele.
– Det er jo enkelt å stele da, når det ikkje er folk til stades.
Henning Levold / NRK
Camilla Myrstad
– Eg har ikkje tenkt å stele noko, ler Myrstad når NRK treff ho på butikken.
Ho fortel at ho er trur folk flest er til å stole på.
– Kanskje har det noko med dei sjølvbetente butikkane å gjere. Kanskje det er lettare å stele?
Også trongare økonomiske tider trur ho kan vere ein årsak til at fleire stel.
– Det er sikkert dårleg råa no når alt er så dyrt. Ikkje det at det er ein god unnskyldning.
Henning Levold / NRK
Tove Næss
– Ein gjer seg til kjeltring for småpengar, ler Næss.
– Vi har betalt og gjort det vi skal
Ho fortel at ho ikkje tenker over tjuveri i det daglege. Ho trur det at fleire har dårleg rå kan vere grunnen til at fleire stel.
– Fattigdom. Eg trur folk har mindre penger.
– I ferd med å bli eit stort samfunnsproblem
Områdedirektør for Handel i Virke, Marianne Bjarstad, fortel at deira medlemsbedrifter kjenner seg igjen i at talet på butikktjuveri har stige.
– Det er veldig alvorleg. Kriminaliteten aukar og det får store konsekvensar for både butikkane og ikkje minst dei som jobbar der.
– Det er i ferd med å bli eit stort samfunnsproblem.
På Bunnpris-butikken i Trondheim har dei alltid ein tilsett som står ved dei sjølvbetente kassene, fortel Bruheim.
Foto: Morten Skogly / NRK– For både den enkelte butikk og for heile handelsbransjen opplevast situasjonen som alvorleg, seier Bjarstad.
Ho fortel at tilbakemeldinga frå bedriftene er at tjuveriproblemet gjeld på tvers at handelsbransjen.
– Vi er naturlegvis opptekne av at politiet skal få tilstrekkelege bevillingar, slik at ein har moglegheit til å følge opp ulike former for kriminalitet.
– Vi ønsker at myndigheitene både legg til rette for tettare samarbeid med handelen og tar vinningskriminalitet av denne typen meir på alvor.
– Vi ønsker at myndigheitene både legg til rette for tettare samarbeid med handelen og tar vinningskriminalitet av denne typen meir på alvor.
– Men vi opplever at dialogen med politiet er god, og ser fram til å samarbeide enda tettare.
Publisert 21.06.2026, kl. 17.02














English (US)