Dobbeltdrapet i Ski: Meiner kvinna hadde psykotiske symptom

1 month ago 45



Det kjem fram av den rettspsykiatriske vurderinga. Den vart klar 11. februar, viser ei rettsavgjerd NRK har fått frå Follo og Nordre Østfold tingrett.

– Retten meiner det er sannsynleg at sak om overføring til tvungent psykisk helsevern vil bli reist, står det i rettsavgjerda.

Tingretten skriv òg at påtalemakta har opplyst at dei vurderar det som sannsynleg.

Dobbeltdrapet skjedde 14. desember i fjor. Da vart Marit Taagerud (74) og sonen Håkon Taagerud (42) funne drepne i ein bustad i Ski.

Ingen av dei er kjent for politiet frå tidlegare.

– Ikkje grunnlag for dom på tvungent psykisk helsevern

Kvinnas forsvarar, Jorunn Hegle Hovda, seier at kvinna har vore alvorleg sjuk.

– På bakgrunn av den og dei andre bevisa i saka, vil vi meine at ho har vore i ein sterkt avvikande sinnstilstand som gjer at ho ikkje kan haldast strafferettsleg ansvarleg.

Kvinna vart pågripen kort tid etter drapa skjedde, og har sidan vore varetektsfengsla, men får behandling på sjukehus.

Ho vart fengsla i fire nye veker 12. februar, men har bede om å bli lauslaten etter at den rettspsykiatriske vurderinga kom.

Tingretten valde å framleis halde kvinna fengsla, men på eit anna grunnlag enn sist – at det vil bli reist sak om overføring til tvungent psykisk helsevern, og unndragingsfare.

Advokat Jorunn Elisabeth Hegle Hovda

Jorunn Hegle Hovda er forsvarar for kvinna.

Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Det er anka, seier Hovda.

Ho meiner det ikkje er grunnlag for å dømme kvinna til tvungent psykisk helsevern, fordi eit av vilkåra, at det er fare for gjentaking, ikkje er til stades.

– Då må det vere ein nærliggande fare for ein ny og alvorleg integritetskrenking. Dei sakkunnige er einige om at sikta responderer godt på behandling, og vurderar at ho vil bli frisk og da ikkje vil vere til fare for andre.

Hovda seier og at dei i anken meiner det ikkje føreligg unndragingsfare.

– Det meiner vi det ikkje er grunnlag for å seie slik situasjonen er no. Det er basert på eit for tynt faktisk grunnlag.

Kommunen har fått bekymringsmeldingar

NRK har tidlegare opplyst at kvinna slutta i jobben sin for nokre år sidan, og sidan har stått utan inntekt i skattelistene.

Ho har hatt omsorgsoppgåver for familien sin sidan då.

Nordre Follo kommune har òg bekrefta at familien har fått tenester i heimen ved ulike tidspunkt.

Naboar NRK har snakka med beskreiv familien som stille og roleg. Dei haldt seg for seg sjølve.

Men folk var og bekymra.

Dobbeltdrap Ski

Den sikta kvinna budde i huset saman med mora og sine to brør.

Foto: Emilie Lykke

Minst ei bekymringsmelding skal ha blitt sendt til kommunen.

Med unntak av ei ljospære har det ikkje vore ljos i huset på ti år, ifølgje naboar. Den gamle bilen i garden har stått der like lenge, og huset ber preg av forfall.

Fleire sa det var vanskeleg å forstå at det budde fire vaksne menneske der.

Publisert 03.03.2025, kl. 16.47

Read Entire Article