I dag starta lønnsoppgjeret, som i år er eit hovudoppgjer.
For nokon er lønnsoppgjeret «vårens vakraste eventyr» kor ei gryte av gull ventar ved enden av regnbogen.
Målet er at alle får sin rettmessige del av gullet, men som i alle gode eventyr kan vegen til målet vere både lang og krunglete.
Sjølv om håpet er ein lukkeleg slutt, gjenstår det å sjå om partane blir einige før sanden i timeglaset renn ut.
Dette kan du få betre oversikt over i denne saka:
- Nordens særeige lønnsoppgjer
- Lønnsauke for uorganiserte
- Kva er frontfagsmodellen?
- Korleis påverkar verdssituasjonen lønnsoppgjeret?
- Kan økonomiske kjønnsforskjellar bli mindre?
Nordens særeigne lønnsoppgjer
Noreg og Norden har sin eigen måte å løyse lønnsoppgjeret på samanlikna med andre land i Europa.
Lønnsoppgjeret er eit trepartssamarbeid mellom arbeidstakarane, arbeidsgivarane og politikarane.
Det er organisasjonane som gjennomfører forhandlingane, medan politikarane skal leggje til rette for at partane blir samde, til dømes ved å justere skattar og pensjonsreglar.
Det skil seg frå fleire europeiske land som i større grad styrer lønn gjennom lover eller politiske vedtak.



Fellesforbundet sin delegasjon har overlevert krava sine til Norsk Industri, og med det er lønnsoppgjeret offisielt i gong.
I Norden er det dei som jobbar og eig verksemdene som bestemmer det meste sjølv, framfor statleg regulering og lovfesta minstelønn.
Om lag halvparten av norske arbeidstakarar er med i ei fagforeining. Det er forskjellar mellom bransjar, og mange i offentleg sektor er organisert, forklarar forskingssjef Kristin Alsos i Fafo.
Forsker Kristin Alsos i Fafo.
Foto: Fafo– Veldig mange er organisert på begge sider av bordet. I tillegg har vi ein velferdsstat som sikrar at mange av problema blir løyst der, seier Tone Sofie Aglen, politisk kommentator i NRK.
Lønnsauke for uorganiserte
Arbeidstakar har plikt til å behandle arbeidstakarane likt, forklarar Alsos.
Det betyr at dersom du ikkje er fagorganisert kan du vere dekt av ein tariffavtale dersom verksemda du arbeider for er det.
Ein tariffavtale regulerer dei tilsette sine lønns- og arbeidsvilkår gjennom ein avtale mellom ei verksemd og ein fagforeining.
– Dersom du er i ei slik verksemd, vil du få dei same rettane som fagforeininga har forhandla fram for dei andre, seier Alsos.
Kva er frontfagsmodellen?
I Noreg opererer vi med frontfagsmodellen.
– Frontfag betyr at det er eit fag som går i front, og med fag her meiner vi tariffområde som går i front. Det er industrien som blir forhandla mellom Fellesforbundet og Norsk Industri, sier Alsos i Fafo.
Måndag formiddag gir Kjell Morten Aune frå Parat organisasjonen sine krav til Norsk industri og Mari Indgjerdingen.
Foto: Terje Pedersen / NTBDet er med andre ord dei konkurranseutsette næringane i privat sektor som byrjar forhandlingane.
– Det er mykje du kan seie er konkurranseutsett. Det som partane har definert er industriovereinskomsten som omfattar metallindustrien eller verkstadindustrien som skal sette merket for resten, sier Alsos.
Industriar som varehandel og olje er ikkje del av frontfaga.
Tanken bak modellen er at små og opne økonomiar, som vi har i Norden, er avhengige av å kunne handle internasjonalt og eksportere varer.
Norske verksemder som produserer og eksporterer nokså like produkt som utlandet, til dømes stål, vil tape konkurransen dersom dei må auke prisane som følge av lønnsveksten i landet.
Politisk kommentator i NRK Tone Sofie Aglen.
Foto: Otterdal fotoDersom lønnsveksten blir for høg, vil verksemdene tape konkurransen med utlandet – det kan sette norske arbeidsplassar i fare.
– Frontfagsmodellen skal sikre at det ikkje blir for store skilnadar. Det har jo gitt det vi kallar dette nordiske tillitssamfunnet, seier Aglen.
Frontfaget danner i stor grad ramma som resten av oppgjera i stat, kommune og andre private sektorar skal halde seg til.
Hald deg oppdatert på utviklinga i lønnsoppgjeret her:
Korleis påverkar verdssituasjonen lønnsoppgjeret?
Krigen i Midtausten braut ut like før lønnsoppgjeret her i Noreg.
Den urolege situasjonen i regionen har blant anna pressa oljeprisen opp, noko som har ført til stive prisar på drivstoff i Noreg, forklarar NRKs økonomikommentator Cecilie Langum Becker.
– Dersom denne krigen varer og oljeprisane held seg høge over ein lang periode vil det påverke vår økonomi i form av prispress og prisauke, seier ho.
Det igjen kan føre til høg inflasjon, altså at pengane dine blir mindre verde ettersom prisane på varer og tenester stig over tid.
Ifølgje Becker kan arbeidsgivarane kan bruke uroa som eit forhandlingskort.
Det ved å seie at vi må halde igjen lønnsveksten ettersom verdssituasjonen er usikker, og for å halde prisen på varene nede slik at dei framleis er konkurransedyktige.
Arbeidstakarsida kan argumentere for at lønna må opp ettersom prisveksten kan bli høgare enn kva som har vore venta.
Kan økonomiske kjønnsforskjellar bli mindre?
– Det er jo litt overdrive den myten om at det ikkje er lik lønn for likt arbeid, seier Aglen.
Dei lønnsforskjellane som er mellom kvinner og menn handlar i stor grad om at dei er på ulike stadar i arbeidsmarknaden.
Det er fleire kvinner enn menn som jobbar i:
- Offentleg sektor
- Helse og omsorg
- Låglønt yrke
- Deltidsstillingar
Fleire kvinner enn menn jobbar i yrke innanfor helsesektoren.
Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX NORGE,NTBLønnsforskjellar mellom ulike sektorar gjer at det også blir lønnsforskjellar mellom kvinner og menn.
– Det er utfordrande å gjere noko med dette i eit sånt lønnsoppgjer fordi ein skal følge den same lønnsauka. Skal det bli gjort noko med det må det eventuelt bli gjort utanfor lønnsoppgjeret, seier Alsos.
For å få opp lønningane i offentleg sektor utanfor lønnsoppgjeret må det bli tilført meir pengar til sektoren.
Publisert 23.03.2026, kl. 15.38










English (US)