«Jakob» herja over store delar av Vestlandet torsdag og fredag.
Dei store nedbørsmengdene førte mellom anna til at Odda i Hardanger blei heilt isolert. I Øvre Årdal i Sogn blei om lag 100 personar evakuerte natt til fredag. Først laurdag kveld fekk dei siste evakuerte på Lofthus flytta heim.
Dei materielle skadane er store, og stengde vegar i mange dagar skapte vanskar for fleire vestlendingar.
Men opp i det heile, kva gjekk faktisk bra under herjingane?
1. Vêrvarslinga trefte bra
Kanskje viktigast av alt: Meteorologane trefte bra med varslinga.
I 2023 sende instituttet ut over 1000 farevarslel. Men veldig sjeldan er varsla ekstreme, som denne veka.
Frå første melding internt hos Meteorologisk institutt, tar det rundt to timar før alle statlege etatar får beskjed om at det er fare på veg.
Deretter må alle mottakarane bekrefta at dei har lese og oppfatta varselet.
NRK har sett på hydrologiske vêrdata frå dei siste dagane. Historikken viser at meteorologane klarar å treffa ganske bra når dei først melder om ekstreme nedbørsmengder.
Grafikken under viser den faktiske nedbøren som kom frå måndag til torsdag denne veka. Dei raude områda fekk minimum 40 mm regn i døgeret.
Og dei treff betre i dag enn for berre nokre år tilbake.
– Vi er i stand til å sjå tidlegare kor vêret vil treffe. Det gjer oss også i stand til å vurdere skadeomfanget tidlegare, konstaterer vakthavande meteorolog Emily Carin Rønning ved Meteorologisk institutt.
Det oransje farevarsel for flaum og skred for delar av Vestlandet var klart allereie tysdag. Det gjorde at kommunar hadde god tid på å førebu seg.
– Vi får betre og betre modellar. Hadde dette vore for nokre år sidan, hadde vi varsla heile Vestlandet, men no kan vi utelukke store deler. Det sparar samfunnet for utgifter, seier statsmeteorolog og koordineringsansvarleg i Meteorologisk institutt Geir Ottar Fagerlid.
2. Gode veg-vurderingar
Over 40 vegar har vore stengde på grunn av uvêret. Det er blitt gjort for å vera sikre på at ikkje trafikantar skal bli tekne av ras eller bli ståande fast.
Det har vist seg å vere riktig i alle tilfella, ifølge avdelingsdirektør Svenn Egil Finden.
Sjølv om stengde vegar kan skape trøbbel, har det vore viktig for å unngå at bilar og folk blir tatt av ras og flaum.
Innsatsen til Vegvesenet fortener terningkast seks så langt, meiner Finden sjølv.
– Vi kan ikkje sjå at det er noko vi kunne gjort annleis, slik det har vore no, seier han.
Vegvesenet meiner dei også har vore raske med å opne vegar når det har blitt trygt.
Brua som knakk på Edna i Ullensvang blei erstatta på rekordtid.
3. Flaumgjerder verkar
Rundt elver og vatn som er kjende for å flaume over, gjorde kommunane tiltak allereie før det var kritisk høge vasstandar.
Berre på halvanna time sette Aurland kommunen opp 150 meter med flaumgjerder langs Flåmselvi torsdag kveld.
– Det kom ikkje vatn inn i kjellarane, og flaumgjerdet verka som det skulle, seier ordførar Kjell Bøe Bjørgum fredag morgon.
Seinast i 2014 flauma Flåmselvi over, noko som skapte store øydeleggingar på hus.
På Voss sette dei opp gjerda rundt utsette bygg då farevarselet var på oransje nivå på onsdag. Dette gjorde dei på om lag to timar.
4. Folk var godt informerte
Tysdag føremiddag fekk beredskapssjefen i Vestland, Haavard Stensvand, melding frå NVE. Då kalla han inn ulike instansar til eit samhandlingsmøte.
– Det spesielle med «Jakob» er at vi fekk varselet tidleg. Av og til er det kort tid mellom varselet og uvêret, seier Stensvand.
Han meiner at folk flest var godt opplyste om «Jakob» fordi det var blitt sendt ut farevarsel i god tid før.
Hotellsjef Aleksander Grieg på Hotel Ullensvang fekk ei elv gjennom hotellresepsjonen sin fredag morgon.
Han har sett tilbake på om det var noko dei kunne gjort annleis.
– Eg trur ærleg talt ikkje det. Me var veldig godt førebudde. Prognosane var veldig presise, kommunen sin beredskap var god, me hadde vore ute og sett til alle kummane våre.
– Me var ordentleg godt førebudde på at dette kunne skje. Men når det kjem så store vassmengder, trur eg ikkje det går an å stå i mot naturkreftene.
5. Bra lagarbeid
Offentlege etatar har blitt flinkare til å jobbe i lag i ekstremvêr, ifølge Erlend Moster Knudsen. Han er avdelingsleiar for klimatilpassing og hydrodynamikk ved Noregs Geotekniske Institutt.
Lagarbeidet er godt mellom kommunar, varslingstenester, NVE, Sivilforsvaret og DSB, ifølge Knudsen.
Men klimaforskaren seier vi ikkje er godt nok førebudd på ekstremvêr. Det handlar mellom anna om flaum- og skredsikring.
– Vi går i riktig retning, men samtidig spring klimaendringane litt raskare enn det vi går etter, seier han.
Klimaendringar fører til hyppigare ekstremvêr.
– Vi kan tene mykje på å førebyggje. Der har vi veldig mykje å hente.
Publisert 03.11.2024, kl. 16.53 Oppdatert 03.11.2024, kl. 17.27