Dette er dei mest populære turisthyttene i påska

1 month ago 19



Trass i gråvêr og dystre vêrmeldingar, kan turistvertane i fjellet rapportere om at starten på påska har vore betre enn venta.

Så langt i påska har fleire tusen påsketuristar vore innom ei betjent DNT-hytte.

Samanlikna med i fjor er det snakk ein liten oppgang, melder turistforeininga.

Siri Storstein Hytten, kommunikasjonssjef i DNT, meldar skjærtorsdag om ei strålande start på påska.

– Foreløpig ser det fint ut. Mykje folk og mange stader betre vêr enn meldinga skulle tilseie, seier ho.

Siri Storstein Hytten i Den Norske Turistforening

Siri Storstein Hytten i DNT var skjærtorsdag på skitur på Hardangervidda.

Foto: Privat

Litt lenger ned i saka finn du ei oversikt over dei mest populære hyttene i påska.

Ei ny og populær hytte

Den vesle auka skuldast i hovudsak ei ny og populær hytte.

Vi har hatt ei auke i nokre fjellområde samanlikna med i fjor, men i fjor hadde vi ikkje Leirvassbu, seier kommunikasjonsansvarleg i DNT, Andreas Blaauw-Hval.

Gjester planlegger tur på Leirvassbu

Ruteplanlegging på Leirvassbu. Fyrste del av påska har kome med betre ver enn det som var meldt, seier vertskapet. Dei rapporterer om breie påskesmil og fulle hus.

Foto: Marius Dalsegg / DNT

I fjor fekk DNT kjøpt den populære turisthytta Leirvassbu i Jotunheimen.

Med rundt 60 tilgjengelege 2000 meterstoppar, er hytta svært populær for dei som vil plukke høge toppar i Jotunheimen.

Dette er den viktigaste årsaka til at DNT melder om auka påsketrafikk i Jotunheimen.

– Det har vore fullbooka kvar dag, men det kjem også nokre avbestillingar, så vi har litt ledig kapasitet nokre dagar, seier styrarane på Leirvassbu, Terje og Gitte Sølna.

Gitte og Terje Sølna er nå tilsatt som bestyrere på Leirvassbu Turisthytte.

Det er meir eller mindre fullt kvar dag her i påsken, seier Terje Sølna som er tilsett som styrar på Leirvassbu Turisthytte.

Foto: Daniel Jacobsen / DNT

Dei ti mest populære

Så langt har Leirvassbu hatt over 800 påskegjester, noko som gjer ho til den nest mest populære hytta i DNT-systemet. Berre slått av Finsehytta med sine over 900 gjester.

– Vi har 170–180 personar her kvar dag, og det er berre breie påskesmil å sjå når dei kjem inn att om kveldane, seier Terje Sølna på Leirvassbu.

– Det har vore fullbooka kvar dag, men det kjem også nokre avbestillingar, så vi har litt ledig kapasitet nokre dagar, seier styrarane på Leirvassbu, Terje og Gitte Sølna.

Ifølge DNT er dette dei ti mest populære hyttene hittil i påska:

  • 1. Finsehytta
  • 2. Leirvassbu
  • 3. Haukeliseter
  • 4. Fondsbu
  • 5. Krækkja
  • 6. Gjendesheim
  • 7. Glitterheim
  • 8. Rondvassbu
  • 9. Sandhaug
  • 10. Geiterygghytta

Finsehytta Gnistrende Finsehytta vinterstid

Finsehytta er den mest populære hytta i påska.

Foto: Per Roger Lauritzen / Den Norske Turistforening

Denne hytta har størst auke

Øystein Garden har si fyrste påske som styrar på Gjendebu i Jotunheimen, og har nær dobla talet på gjestedøgn samanlikna med fjoråret.

– Her i Gjendebu har det vore veldig bra besøkt samanlikna med tidlegare år, men det er mest unge vaksne og vennepar, seier turistvert på hytta Øystein Garden.

Øystein Gården

Øystein Garden slutta i fjor som vert på Rondvassbu i Rondane. Nå er han ny vert ved Gjendebu, og starta fyrste påske med størst vekst i DNT.

Foto: Even Lusæter

Gjendebu ligg inst ved fjellsjøen Gjende, og er den eldste hytta i DNT-systemet.

Han har meldt inn 158 gjester i palmehelga. Det er 80 fleire enn i fjor, og gjer Gjendebu til hytta som auka mest denne påska.

Gjendebu påska 2024.

Gjendebu inst ved Gjende kan rapportere om turistauke på 119 prosent denne påska.

Foto: Øystein Gården / DNT

– Eg trur at mange av våre tidlegare gjester på Rondvassbu har følgt med oss hit til Jotunheimen, og så har vi pussa opp mykje her i vinter, seier Garden, som tidlegare drifta Rondvassbu i Rondane.

Øystein Garden har håp om at fleire skal få auga opp for sjarmen med å gå frå hytte til hytte på fjellski.

– Hytte til hytteturismen er ikkje død. Vi kjem til å satse meir på det framover, og det verkar som at folk har oppdaga på nytt sjarmen med stikkaløyper og fjellski, seier styraren på Gjendebu.

Her er tips til korleis du kan ferdast trygt i påskefjellet.

Meiner påskevanane har endra seg

Men trass i auka, merkar nokon at påskevanane til folk er endra.

– Mange av våre gjester har private hytter som dei også ynskjer å bruke i påska, seier turistvert Øystein Garden.

Mange av dei fjellglade turistane har nå skaffa seg eigne fjellhytter som dei ynskjer å nytte i påsken.

Hytter og fritidsboliger på Beitostølen

I dag er det rundt 600 000 nordmenn som eig ei hytte. Arkivbilete av hytter på Beitostølen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Garden meiner at den enorme auka i privathyttemarknaden har ført til at folk har endra påskevanar, og har nå kortare opphald på turisthyttene.

Vi hadde ein del gjester her før påske som sa dei ville ha med seg sjarmen med å gå frå hytte til hytte, men at dei ville vera på familiehytta i påsken, seier han.

Publisert 28.03.2024, kl. 13.08

Read Entire Article