16. februar hadde den mykje omtalte tredje sesongen av «The White Lotus» premiere. Alle elskar å sjå rike, bortskjemte menneske feriera med eit mordarisk bakteppe, men det viser seg også at alle elskar å sjå vanlege tenner på TV-skjermen.
For som dei fleste fekk med seg, tok det ikkje lang tid før britiske Aimee Lou Wood sine tenner var det alle snakka om.
Skopedeplaren vart hylla på sosiale medium og kunne ikkje gå på ein einaste raud løpar, eller stilla opp i eit einaste intervju, utan at ho fekk spørsmål om tennene.
Tenner på raudlista
På «The Jonathan Ross Show» i mars var det medbriten Steven Fry som uttrykte si begeistring for 31-åringens smil.
– Du har openbert gjort enormt mange menneske glade ved å ikkje endra på tennene dine. Du har sikkert hatt ei tid der nokon har sagt til deg at du burde fått dei «retta», forferdeleg ord, men du stod imot dei, var noko av det han sa til Aimee Lou.
– Måten «The White Lotus»-fans snakkar om meg og tennene mine – at eg verken har veneers eller Botox – det følest litt rebelsk, sa Aimee Lou til The Hollywood reporter.
Foto: Reuters
– Måten «The White Lotus»-fans snakkar om meg og tennene mine – at eg verken har veneers eller Botox – det følest litt rebelsk, sa Aimee Lou til The Hollywood reporter.
Foto: Reuters
– Eg kan ikkje tru kor stor betydning tennene mine har hatt! Det følest så fint etter å ha blitt mobba for dei, svara ho.
Det amerikanske magasinet Vanity Fair skreiv dette om smilet til Aimee:
«Ikkje berre forfriskande: Det er openberrande. Med unntak av i sminkestolane der dei blir fabrikkert, så er ufullkomne tenner snart utrydda i Hollywood.»
I månadane som fulgte har heile dette oppstyret meg til å tenka.
Som mange andre 30 år gamle kvinner her til lands, så liker eg å legga meg på sofaen under eit kosete teppe og sjå på ein dårleg amerikansk realityserie.
Fleire av dei L.A.-baserte eigedomsmeklarane i «Selling Sunset» har vore opne om at dei fekk seg veneers før innspelinga av serien som hadde premiere i 2019.
Foto: AFPOg anten det er hardtarbeidande og dramatiske eigedomsmeklarar i «Selling Sunset» eller TikTok-mormonmødrer i «The Secret Lifes of Mormon Wifes», så er det ein ting eg har begynt å legga stadig meir merke til i det siste:
Tennene deira.
Anten fordi dei er litt for kvite, litt for rette eller at dei liksom ikkje passar heilt inn i munnen deira.
Det same gjeld skodespelarar, artistar og alle mogelege andre kjendisar. Har det alltid vore sånn, eller har tannstandarden til kjendisar auka i det siste?
– Har blitt ganske ekstremt
– Dei siste fem åra har eg blitt utruleg fokusert på tennene til Hollywood-stjerner. Eg ser ofte tannlegar på TikTok som går igjennom kva for nokre kjendisar som har ekte og ikkje ekte tenner.
Det fortel Ingrid Moholt Waleer, programleiar for popkulturpodkasten «Træsh».
I 2010, då mellomrom mellom framtennene var trendy og «America's Next Top Model»-deltakaren Chelsey Hershley fekk filt ned tennene slik at mellomrommet vart endå større, hadde femten år gamle Ingrid lyst til å følga trenden. Heldigvis fekk ho ikkje lov av far sin.
Foto: Marit Eide / NRK
I 2010, då mellomrom mellom framtennene var trendy og «America's Next Top Model»-deltakaren Chelsey Hershley fekk filt ned tennene slik at mellomrommet vart endå større, hadde femten år gamle Ingrid lyst til å følga trenden. Heldigvis fekk ho ikkje lov av far sin.
Foto: Marit Eide / NRK
I likskap med meg har Ingrid blitt mykje meir bevisst på tannraden til influensarar og Hollywood-kjendisar.
– Eg visste ikkje kva veneers var før for nokre år sidan, men no veit eg at desse tennene er slipt ned for alltid for å kunna setta på fasettar.
Og det renner inn med kjendisar som nyttar seg av denne kosmetiske behandlinga som har hatt stor utvikling dei siste åra.
– Miley Cyrus er det mest tydelege eksempelet no i det siste. Det er jo heilt openbert at ho ikkje har naturlege tenner. Det har blitt ganske ekstremt.
Før
Etter
Miley Cyrus i 2008 og i 2025.
Foto: AP / AFPMen når det er så vanleg å fiksa på utsjånaden sin i Hollywood, er det eigentleg nokon att som kan spela ein truverdig person frå 1800-talet?
Ein diskusjon som bit frå seg
Eg tar ein telefon til NRK-kontoret i Trondheim og får tak i Marte Hedenstad. Ho er film- og seriekritikaren i «Filmpolitiet», og ekstremt glad i kostymedrama.
Marte Hedenstad heiar på naturlege tenner på skjermen!
Foto: Privat
Marte Hedenstad heiar på naturlege tenner på skjermen!
Foto: Privat
Ho fekk med seg all merksemda som Aimee Lou, og for så vidt også kollegaen Charlotte Le Bon, fekk etter «The White Lotus».
– Det har vore interessant å følga diskusjonen som skjer rundt tenner no. For eksempel skal jo Margot Robbie spela i «Wuthering Heights», som er basert på ein roman frå 1847. Eg trur ikkje dei hadde så glitrande kvite perlerader på den tida, fortel Marte.
Veldig friske, og veldig fine, Margot Robbie.
Foto: AFP
Veldig friske, og veldig fine, Margot Robbie.
Foto: AFP
Delar av fansen meiner at skodespelaren sin utsjånad er for moderne.
– Ho har på ein måte blitt «kritisert» for å vera for fin og for frisk. No har kanskje ikkje Margot Robbie veneers, men ho har nok hatt regulering, og ho har jo kritkvite tenner. Det kan kanskje vera litt rart i denne typen film som går føre seg i gamle dagar.
Eg prøver å sjå for meg Keira Knightley som Elizabeth Bennet i 2005-filmatiseringa av «Stoltheit og fordom» med Miley Cyrus sine nye tenner.
Det hadde ikkje vore heilt det same. Keira er jo kjend for sine sjarmerande, skeive tenner.
– Det hadde kanskje sett merkeleg ut om ho hadde hatt heilt kritkvite, unaturleg rette tenner i «Stoltheit og fordom».
Samtidig minner ho om at det er mykje ein kan gjera på eit filmsett, både med tannfarge og tannprotesar.
Det seier sitt når eit portrettintervju med den britiske skodespelaren frå 2007 fekk overskrifta «Keira Knightley: Wonky teeth and all».
United International Pictures / APHeldigvis var ikkje veneers så vanleg for 20 år sidan, men det at Hollywood krev perfeksjon, er ikkje eit nytt fenomen.
I fjor fortalde skodespelar Kirsten Dunst (43) i eit intervju med GQ at ho var berre 17 år gammal då ein produsent meinte at ho burde «fiksa» tennene sine då ho spelte i «Spider Man».
Det gjekk så langt at produsenten sette ho i bilen og køyrde ho til ein tannlege, men Dunst nekta (heldigvis) å gå ut av bilen.
Regissør Sofia Coppola fekk mykje av æra for at Kirsten var trygg nok til å ikkje endra på utsjånaden, etter at Kirstin spelte i filmen hennar som 16-åring: – Ho sa «eg elskar tennene dine»!
Foto: REUTERSMarte minner om at sjølv om me ser svært få heilt naturlege menneske i Hollywood, så er det eit vidt spenn i kor store desse inngrepa er.
– Nokon fiksar berre på ei skarp hjørnetann, mens andre set inn det tangentsmilet i kjeften. Det same gjeld jo bleiking av tenner. Det er nokon som fjernar den verste gulfargen, mens andre skal ha dei så kvite at dei nesten ser blålege ut.
– Det må jo vera eit enormt press på unge skodespelarar om å sjå perfekte ut, særleg no til dags, når mogelegheitene er enorme?
– Absolutt, og det gjeld jo alt frå utsjånad til vekt. Ein kan håpa på at det er ein trend som kan snu, men det er nok eit ganske sånn tungt skip å snu, trur Marte.
Det er jo kanskje ikkje rart at skodespelarane fiksar på alt mogeleg når ein prøver å slå igjennom i ein slik knallhard bransje. Men kva gjer det med oss sjåarar når alle ser stadig meir like ut, og særpreget forsvinn?
– Eg tenker ho er dritlei
Det at Aimee Lou har fått så enorm respons på tennene sine, trur «Træsh»-Ingrid kjem av at utsjånadspresset er så ekstremt for oss alle.
– Me samanliknar oss med folk som har utsjånaden som heiltidsjobb, og det har gått så langt med slankesprøyter og plastisk kirurgi som ser mykje meir naturleg ut enn før. Så dei få gongene folk står i ei lita sånn «ufullkommenheit», så trur eg det treffer ein nerve i oss fordi me saknar å sjå det, fortel programleiaren.
Internettet tok av då 69 år gamle Kris Jenner viste fram sitt «nye» ansikt i mai. I kommentarfeltet florerte det med spørsmål om ho kunne avsløra kven kirurgen hennar var, noko som Kris etterkvart oppgav.
Foto: Reuters
Internettet tok av då 69 år gamle Kris Jenner viste fram sitt «nye» ansikt i mai. I kommentarfeltet florerte det med spørsmål om ho kunne avsløra kven kirurgen hennar var, noko som Kris etterkvart oppgav.
Foto: Reuters
Ingrid kan ta seg i å bli glad når ho ser kjendisar med dei naturlege tennene deira (utanom den obligatoriske bleikinga). For når ein kjendis står imot presset, så kan det kanskje kjennast litt lettare å stå i mot det sjølv?
Marte er einig i at det er viktig at det er mangfald i utsjånaden til dei me ser på skjermen.
– Det er kanskje tullete å snakka om representasjon når det kjem til tenner, men likevel ikkje, for utsjånadspresset er så enormt i dag ... Og når me berre ser sånne perfekte fjes i alle medium, så er det klart det påverkar oss.
Men Marte trur at det kan bli ein trend å hyra inn fleire naturlege fjes i TV-produksjonar etter at bransjen såg all den positive merksemda Aimee Lou fekk etter «The White Lotus».
– Folk er glade for å sjå at naturlege smil er, på ein måte, tilbake på moten.
Amerikanske Zandaya vart nemnt i ein TikTok-video med teksten «Here are some celebrities with adorable, unique smiles that I love. And if they ever get veneers, I will mourn.»
Foto: CHRIS DELMAS / AFP / NTBDet var ikkje berre Aimee Lou som hadde eit særeige smil i «The White Lotus». Fransk-kanadiske Charlotte Le Bon spelte Chloe.
Foto: BERTRAND GUAY / AFP / NTBNår filmkritikar Marte Hedenstad skal tenka på ein skodespelar med eit særeige smil, er det britiske Hugh Grant som dukkar opp først.
Foto: BEN STANSALL / AFP / NTBAmerikanske «The Bear»-skodespelar Ayo Edebiri vart nemnt i Women.com-artikkelen «5 Celebs With Gloriously Imperfect Teeth».
Foto: MICHAEL TRAN / AFP / NTBI 2002 hadde Tom Cruise regulering på raud løpar! Me kan berre spekulere i om han hadde gått for meir drastiske tiltak hadde han vore fødd 25 år seinare.
Foto: RICHARD LEWIS / AP / NTBBritiske Cynthia Erivo er kjend for skodespelarprestasjonane sine på lerretet og på scenen. Og så er ho litt kjend for mellomrommet mellom fortennene óg, då.
Foto: Mike Blake / Reuters / NTBBritiske Bella Ramsey (21) har like søte tenner som då hen spelte i «Game of Thrones».
Foto: Invision / APAmerikanske Steve Buscemi har eit ikonisk smil. Kanskje det hadde sett annleis ut dersom han hadde budd i L.A. i staden for New York?
Foto: HIDAJET DELIC / AP / NTBAnna Paquin vart kjend for mellomrommet mellom fortennene då ho slo igjennom i vampyrserien «True Blood» i 2008.
Foto: Rick Odell / AFP / NTB
– Men korleis trur du det er for Aimee Lou å måtta snakka om tennene sine i intervju etter intervju?
– Eg tenker ho er dritlei av å måtta snakka om dei tennene heile tida. Sjølv om det er i positiv forstand, så er det jo nokon som konstant skal påpeika utsjånaden din, og det er klart at det er slitsamt!
Ifølge Ingrid har fokuset på tennene hindra Aimee Lou frå å snakka om seriane ho speler i eller prestasjonen hennar som skodespelar.
– Så då må du ta det valet: «Skal eg vera ho med tennene, eller skal eg få sånne tenner som alle andre har, og ha meir fokus på kor god skodespelar eg er?»
Den amerikanske standarden
Som me var inne på tidlegare, så er det noko eige med USA når det kjem til tenner.
I den tidlegare nemnte Vanity Fair-artikkelen med Aimee Lou fortalde skodespelaren at ho måtte prøvespela for «The White Lotus»-rolla med både amerikansk og engelsk aksent.
Amerikanske Walton Goggins, som spelte kjærasten til Aimee Lou i «The White Lotus», fekk begge framtennene slått ut av ein baseball som barn i 1979. Han fekk festa dei på igjen, men eit par år seinare mista han tennene sine igjen då han stupte i eit grunt basseng. Gjennom vidaregåande hadde han derfor fortanns-gebiss.
Fabio Lovino / HBO / MAX / AFPMen det hadde blitt vanskeleg for ho å spela ein overbevisande amerikanar på grunn av ein spesifikk ting:
– Ingen amerikanarar har tenner som mine! Eg hadde måtta fått meg veneers, sa Aimee til magasinet.
Britane er jo eit folkeslag som er kjende for sine spanande tenner.
Og mens barneregulering er norma i Noreg (som regel av ikkje-estetiske årsaker), så føler eg at dei tar det endå litt lenger i USA. I alle fall dersom me skal samanlikna våre kjendisar med deira kjendisar.
– I Storbritannia er det vanleg å ha naturlege tenner, mens i Hollywood er det vanlegaste å ha veneers. Eller om du er så heldig å ha relativt rette tenner, kan du køyra på med regulering og bleiking. Så det er jo ein kulturforskjell der, meiner Marte Hedenstad.
To tilfeldig valte skodespelarar: Britiske Daniel Radcliffe og amerikanske Alan Ritchson.
NTBDette er også Ingrid einig i.
Med unntak av britiske realitydeltakarar med «Turkey teeth», altså veneers påsett i Tyrkia, så meiner ho at amerikanarane er i ein annan tann-liga enn resten av verda.
Men det begynner å smitta over på oss vanlege skandinaviarar også.
– Det er jo heilt absurd kor stor business kvite tenner er. Det finst folk i Noreg som har begynt med veneers no, fortel popkultur-programleiaren.
– Ikkje forsvarleg
Sara Solstad er privatpraktiserande tannlege i Oslo, og ho kan bekrefta at veneers har spreidd seg i Noreg dei siste 10–15 åra.
– Me kan sjå at det har vorte veldig populært, særleg blant dei yngre. Ein kan sjå ein samanheng mellom sosiale medium og influensarar som har skapt eit idealbilde av «det perfekte smilet», forklarar tannlegen.
Tannlege Sara Solstad tippar at Miley Cyrus har fått fullkroner, basert på bilda, men kan ikkje seia det sikkert utan ei undersøking.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRKNorske tannlegar er opptekne av forsvarleg behandling og anbefaler som regel heller meir skånsomme alternative alternativ som tannbleiking, regulering eller komposittbehandling framfor veneers.
Ein filer sjeldan ned friske tenner i Noreg.
– Det er ikkje forsvarleg å fjerna tannsubstans berre for å få penare utsjånad. Tannhelsa må alltid komma først, så me vil helst prøva andre ting først.
Likevel reiser mange utanlands for billigare behandling, noko som kan føre til at dei får meir omfattande behandling enn nødvending. Sara har sjølv opplevd å få pasientar som har fått veneers i utlandet.
– Når me skal utføra ei akuttbehandling på desse pasientane, så opplever me ofte at det er fjerna meir tannsubstans enn nødvendig og at det er brukt materialer av varierande kvalitet. Det kan gi komplikasjonar seinare.
Mitt inntrykk av veneers har vore at når du først får dei på, så kan du eta og drikka det du vil, for tennene blir ikkje gule eller øydelagde. Men det er faktisk det motsette, fortel tannlegen.
– Fasettane er utsette for bakterievekst, og munnfloraen endrar seg. Med ein gong du får dei fasettane på, så har du eit ansvar for å ha god munnhygiene. Oppfølginga og vedlikehaldet tek mykje tid og kan vera krevjande.
Tydeleg beskjed frå tannlegen der, altså. Det å få veneers er meir omfattande og risikofylt enn å klippa bob, som er «in» igjen.
Og no når naturlege tenner som Aimee Lou sine har blitt trendy (ifølge filmkritikar-Marte), vil Miley Cyrus angra på at ho filte ned dei einaste tennene ho har?
«Kva faen var det dei dreiv med på den tida?»
Ingrid trur at me i framtida kjem til å sjå tilbake på denne tann-trenden som problematisk og rar.
– Eg trur ikkje at desse tennene kjem til å eldast så godt. Mykje av dette er berre ein trend som kjem til å gå over. Då vil du ikkje ha gjort permanente endringar av noko som er særeige for deg, fortel ho.
– Eg har ein mistanke om at me kjem til å tenka: «Kva faen var det dei dreiv med på den tida?»
Det er jo ikkje rart me blir påverka av alt me ser på sosiale medium og på TV-skjermen. Då er det fint å ha folk som Kirsten Dunst eller Aimee Lou som kan visa oss at naturlege tenner er minst like fint.
– Tannhelse er mykje viktigare enn den estetiske eller kosmetiske biten. Og så kan ein seia at tenner er ein del av identiteten vår. Me treng ikkje alle å likna på kvarandre, fortel tannlege Solstad.
Dersom du kjenner deg litt matt berre av å sjå det perfekte smilet på mobilskjemen og TV-skjermen, oppmodar Ingrid deg til å sjå deg rundt.
– Sjå på kor utruleg mange ulike typar tenner som finst. Det er ein grunn til at du har dei tennene du har, og det er ofte farleg å kødda for mykje med det. Det høyrest ut som ein klisjé å seia, men eg synest det naturlege ofte vinn eg då, fortel programleiaren.
Mitt beste tips her i livet: Føler du deg nedfor grunna uperfekte tenner, været, studiegjeld, sivilstatus eller noko heilt anna? «The Great British Bake Off» hjelper alltid!
Foto: NRK TV
Mitt beste tips her i livet: Føler du deg nedfor grunna uperfekte tenner, været, studiegjeld, sivilstatus eller noko heilt anna? «The Great British Bake Off» hjelper alltid!
Foto: NRK TV
Det tipset skal eg ta i bruk neste gong eg har sett litt for mange episodar amerikansk reality.
Eventuelt set eg berre på ein episode av «The Great British Bake Off» for å sjå nokre vanlege britiske tenner.
Hei!
Takk for at du las heilt ned hit. Eg skriv helst om popkultur, ung tematikk og om unge menneske med spanande historiar. Send meg gjerne tips!
Kreditering av toppbildet: AP / AFP / NTB / Grafikk: Veronica Falsen Hiis, NRK
Publisert 18.06.2025, kl. 17.00