KOMMENTAR: Det er ikkje kødd, når du skadar eit anna menneske.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Det er så stygt. Det er så himla stygt. Akkurat nå var det Kannik som slo alarm. Men historiane har vi frå heile landet. Vi har barn som ikkje klarer gå på skulen lenger, fordi dei har blitt så stygt mobba. Fordi dei ikkje har eit einaste menneske der dei stolar på, ingen andre barn, ingen vaksne. Vi har barn som mister meir og meir av kvardagen sin, og jo meir dei mister, jo nærmare er dei å mista bitar av framtida si. Og vi har barn vi mister. Som tar livet sitt.
Og eg nektar å tru at ungdommar på 14, 15 eller 16 år ikkje forstår kva dei gjer. Historiane er mange Om jentegjengar som heng ut ei bestemt jente, i ei gruppe der mange er med, også jenta sjølv. Som utestengjer, som lagar seg nye grupper, der den eller den er ute. Eller deler alt dei gjer, så også den som ikkje blei invitert, som aldri blir det, ser det. Om igjen. Og om igjen. og om igjen.
Nei
Det er ikkje kødd. Det er ikkje noko ein berre skal tola. Og det finst ingen – ingen – grunnar til å ikkje forstå at det sårar, skadar, og i verste fall kan øydeleggja eit anna menneskes liv. Og det finst heller ingenting – ingenting - som gjer det verdt å vera med på.
Og til dei som sender stygge kommentarar til kvarandre om klassekameraten som samtidig står framfor dei og held ein presentasjon – kvifor ser de ikkje kva de held på med? Og kvifor klarer de ikkje å tenkja i to sekund at den einaste grunnen til at det kan vera kødd for deg, er fordi du sit beskytta i ei gruppe? Mens han står der heilt aleine? Han er heilt ubeskytta. Kven er du då til å bestemma at det er berre på kødd – for han?
Til deg som har blitt fortalt at det er straffbart å dela bilde utan samtykke, og likevel fortset med det. Kva var det eigentleg du ikkje forstod?
Kor lenge hadde du haldt ut?
Til deg som er med på å la alt gå utover den stillaste i klassa. Viss det var deg som måtte ta imot alt, hadde du klart å halda på at det berre var kødd då? Ikkje berre den første gongen, eller den andre, eller den tredje. Det kan jo gå fint. Men kva med dei 30 neste gongene? Eller 40? Når hadde du begynt å slita litt med å ta det som kødd?
Og til dykk som deler filmar der ein – ein – blir banka opp. Mens mange ser på. Filmar. Og deler. Forstår de ikkje at de er med på å knekkja eit anna menneske? Kva er det som gir deg retten til det? Kva er det som gir deg rett til å ta lett på det, sjølv om det berre er eit trykk med tommelen for deg?
At det er noko alle gjer, at det er ei slags underhaldning, at det var jo ikkje du som slo eller du som begynte å dela?
Det var jo ikkje du som begynte å senda skrekkelege meldingar til ho eine heller? Blei du berre med? Kor mange sånne meldingar trur du det blei, for henne?
Det får vel ingen konsekvensar? Ikkje for deg, vel, så lenge du held deg i gruppa? Så lenge du er med på det? Og ikkje for deg heller, vel, du som er vitne til at det skjer? Så lenge du aldri seier noko som helst, til nokon vaksne, om det du ser?
Er det ikkje viktig?
Ingen vil snitcha. Ingen vil kasta dei som mobbar under bussen. Det var jo kanskje berre kødd. Men tingen er, tingen er at då lar du vera å skaffa hjelp til dei som faktisk har blitt kasta under bussen. Dei det går utover. Dei som får sår. Dei som blir skada. Dei som kan bli øydelagde.
Det der. Det at det ikkje er viktig å seia frå når nokon er i fare. At det ikkje er noko du skal bry deg med. At det er viktigare å ikkje hamna i fare sjølv. Og at det er grunn til å frykta at du kan hamna under bussen sjølv.
Jo, eg veit at det er vanskeleg å vera ung, eg veit at vaksne må følgja betre med, eg veit at alle kan gjera feil, eg veit at det kan skje fort via mobilen din, at du har heile verda i lomma, at det ikkje er bra, alt som er der og alt som skjer der, og at vi foreldre deler for lite av den verda. Vi forstår for lite. Og eg veit at dei fleste tenåringar er greie.
Eg veit også at mange lærarar og rektorar kjenner at dei står utan verktøy i dette. Og eg veit at dei også kan gjera feil.
De veit det
Men vi snakkar mykje om alt det der. Om alle dei tusen grunnane til at det kan gå så gale. At mobbinga kan bli så omfattande, så stygg.
Men vi snakkar lite om dette: Kvifor trur de ikkje lenger, de som ser ting skje, at det nyttar å gi beskjed? Eller at å bry seg faktisk er noko ein skal?
Og kvifor seier ikkje vi andre høgt at dette, dette de held på med nå, de som mobbar, plagar, sårar og skadar, de veit det at skadar eit anna menneske.
De veit det.
Publisert:
Publisert: 11. februar 2025 21:50